torsdag 23. februar 2012

Litt meir retro. :)



Ja no er det nokre dagar sidan eg fekk desse 
fine tinga, men minnekortlesaren min var defekt så 
eg måtte komme meg på butikken for å kjøpe ny.



Dette sybordet fant eg på Finn Kvinnherad på FB.
Eg fekk da for den nette summen av 400,-.
Ikkje verst for eit så vakkert bord. :)




Ei god skuff der eg kan leggje sytråd, synåler osv.
Skal bli kjekt å få ta dette i bruk. 




Og ei stor skuff under der eg kan få plass til eit strikketøy
og to. Og ev. litt garn. Nydeleg. 




Og så fekk eg melding i innboksen min på FB, der ei sa
at ho hadde to sånne stolar som eg kunne få, om eg
kom å henta dei sjølv.
Klart eg kunne henta dei. :)
Nett no så står dei i gongen, for eg klarer ikkje heilt å 
bestemme meg for om eg skal ha dei i stova
eller om eg skal laga til meg ein godkrok på soverommet. :)
Men er den ikkje fin. Bilete av begge to ilag var for dårleg
til at eg kunne leggje det ut.

Og i morra er det fredag, altså kafe- og shoppingdag.
Men skal sjå at eg berre shoppar gjennom FB, det er no
der eg har funne  dei andre skattane i det siste.



Og av alle ting så er det loppis i Uskedalen på laurdag,
men diverre så kjem eg meg ikkje dit. *krise*

Jaja, 13. mars så er det eit nytt loppis, håpar på sjangs
til å komme meg på det idet minste.

Ha ein fin kveld. :)







2 kommentarer:

re:signert sa...

Så fint et bord! ÅH, den likte jeg! Takk for kommentar. Ikke alltid jeg får svart, men setter pris på alle som legger igjen kommentar! Det blir lest! :-) Kjøkkenet er en drøm, det er bare så deilig å endelig endre på noe man er lei!! Lysere og freshere! Det går mot lysere tider. Inge tvil. Nå vekkes av fuglekvitter hver morgen. Det er så digg. Og snøen smelter! YES! Ha en fin vinter videre. Signe

My Dream sa...

kjekt bord, jeg fikk solgt mitt og :) hadde ikke plass til det! :)
Ha en fin kveld... sees på låppis på husnes... ;)