mandag 31. oktober 2011

Jau eg er her forsatt. :-)


Held eg på å rotne på rot?
Eg må spør meg sjølv om det når eg ser kor
lite eg er innom bloggen min. Men nett no så 
går ting litt trått her. 



Finner ikkje lysta til å stasje med ting og tang,
eller jau, eg gjere jo det, men eg tek ikkje bilete av 
det, for det er så mykje anna som opptek meg i kvardagen.

Mine to gutar som forsatt bur heime har kvar sine diagnoser, som gjere
til at dei krever litt meir enn dei fleste på den alderen.
Jentene mine er så store at dei har flytta for seg sjølv. 



Eg har og eit barnebarn med ein skjeldan sjukdom, eller det er 
få unger som blir oppdaga, fordi at dei IKKJE måler blodtrykket
på unger. Så enten blir dei oppdaga ved ein tilfeldigheit, eller når
dei har fått så store skader på hjarte/lunge/nyrer/augene at det er
vanskeleg å rette opp dette. 
For dei har høgt blodtrykk, noko som er skjeldan på små ungar, men
siden dei ikkje måler dette, så finn ein jo det ikkje ut heller. 



Min datter har laga til ei underskriftskampanje der vi prøver å få så
mange som mogeleg til å skrive under, vi prøver å få avisene til å 
skrive om dette, for vi vil få dette innført som standar prosedyre ved
helsestasjon/lege. I følge Europakonvensjonen så skal ein dette, men
Noreg ser bort i frå denne anbefalinga, diverre. 

Legg ut linken til underskriftkampanjen her, og håpar at nokon ser seg
tid til å signere. Og del det gjerne vidare om du vil. 

( alle bileta er enten mine eller lånt frå min datters blogg )



Ønskjer alle mine lesare ein fin dag. :-)

( og så lover eg at neste innlegg skal vere om interiør, 
og at det ikkje skal gå så mange dagane før det kjem )

søndag 2. oktober 2011

Nytt lysfat som duftar kaffi.




Sist eg var innom Peppes Pizza så hadde dei kjempefin bordpynt.

Dei hadde eit kvitt stort fat, fylt med kaffibønner og fine steiner. 
Dette måtte eg sjølvsagt kopiere når eg kom heim.





Fant frem det eine kvite store serveringsfatet mitt. 
Hadde på kaffibønner, men eg hadde ikkje fine runde steiner,
 men desse "diamantsteinene". 

Dei får halde til eg finner rett type stein. 




No luktar det deilig kaffi i stova, og når eg tenner lyset, då 
dufter det til og med sterkare kaffilukt. 




Ja eg er veldig veldig glad i kaffi. Så dette er pynt som 
passar meg ypperleg. 

Og så har eg ei skål med kandissukker ståande, det 
smakar godt med ein klump med kandis når ein 
drikker ettermiddagskaffien. 




Ha ein fin søndagskveld. :)