lørdag 19. mai 2012

Lang bloggpause.



Den blei litt lengre enn lang denne 
bloggpausen min.

Alt er bra med mitt barnebarn, operasjonen ser
ut til å vere vellukka. Vi veit det endeleg om
nokre veker. 




Eg har vært på mine sedvanlege fredagskafeer med
mine venninner.
I det siste så har vi besøk Peppes Pizza. Der får
eg verdens beste Caffe Latte med karamellsirup.




Og av og til så slår vi på stortromma og unner
oss Eplepai med is og karamell til kaffien. 

Eg har hatt ein konfirmasjon i denne tida, det var 
ynstemann sin, så no har eg ikkje småunger lengre.
Føler meg med eit litt gammel, trur eg. :)




Ønskjer alle ein fin laurdag.
Og så håpar eg at blogglysta snart kjem tilbake.