onsdag 29. februar 2012

Kommoden min.



Eg trengte ein ny kommode her i huset, så då
tenkte eg at Finn Kvinnherad måtte no vere plassen
å leite fram om nokon har ein kommode.
Og gjett om eg fant då. :)





Det var ingen trekvit kommode sånn som det såg
ut på biletet, den er jo i teak. Me like.
( sjå vekk frå ledninger oa. dei er der uansett. hehe )




Øverste skuffa er det lås på, noko som kan vere ein fordel 
av og til. Men eg må prøve å få fatt i "nøkkelhullet" for det 
var borte vekk. 




Fine handtak i tre til skuffene. Synest dei var fine,
så dei blir nok ikkje bytta ut. Likar at ting er sånn som
dei var opprinneleg eg. 




Og fine svarte bein til den var det og.
Og ser du fillerya den står på? Den har søstra mi
laga til meg. Den er vevd på gamalt sengetøy som
eg hadde når eg vaks opp. Så den er litt spesiell ja.


No skal eg snart ein liten tur på treff på Stord, 
gleder meg.

Ønskjer alle som er innom ein strålande fin kveld.










1 kommentar:

Villblomsten sa...

Så mye fint du har fått deg :-)
den oppbevarings-greien i innlegget under var skikkelig retro-tøff :-)