tirsdag 9. oktober 2012

Moccakopper og kanne.



På finn Kvinnherad på FB fant eg desse fine
moccakoppane og kanna.


Og det står på den fine teaksjenken eg kjøpte meg.
Eg har fått seld den gamle sjenken og bokhylla frå
50-tallet. Så no er det snart berre teak i stova mi. :)


Sjå den lekre grønfargen som er på koppen, og med ein 
fin gullkant rundt. 


Og den klare fine blåfargen. Og sjølvsagt med fin 
gullkant på denne og, ja handtaket på koppen er
og i gull. 


Kanna høyrer nok ikkje til dette settet, men den 
passa så godt i lag med desse to fine koppane.
Ikkje sant? 


Og så må ein jo sjølvklart servere sjokolade til kaffien. 
Desse søte små sjokoladene har eg kjøpt på Stemning
i Rosendal. 
Det er Vaniljetopper og Igelkott. namnam.


Neste gong skal eg syne dykk dei fine moccakoppane eg 
har kjøpt hjå Retrorosa. Mykje fint inne i bloggen hennes og ja.


Ønskjer alle lesere ein fin og koseleg kveld. 





fredag 5. oktober 2012

Helg og haustferie.



Dykk har kanskje no etterkvart funne ut at eg er
veldig glad i den retro stilen? ;)

I sommar så fekk eg med "ny" vaskemaskin.



Hehe, det blir nok ikkje hovudvaskemaskina.
Men den virkar som den skal. Til og med klesrulla fungerer.

Eg skal nok ha den mest som pynt, men greit med klesrulla så slepp
ein den kjedelege strykinga av dukane.


Ellers så har eg tatt opp igjen heklinga/strikkinga. Mista heilt interessen 
forbdet her i vinter, men no er eg i gong igjen. 



Lurte litt på å lage meg ein eller to av desse fine puffane.


Ha ei strålande fin helg. ♥

tirsdag 2. oktober 2012

Lenge siden sist.



Oi, ja no var det lenge siden sist eg oppdaterte.

Har både kjøpt og solgt ting og tang.
Men veit ikkje heilt kor alt skal plasserast.

For å få plass til siste kuppet mitt, som er denne 
nydelege sjenken i teak. 




Så må eg nok selge den sjenken eg har frå før.
Det er ein sjenk frå -50tallet, og på toppen av den har
eg hatt ei bokhylle som eg har fjerna beina på.
Dei passer som hand i handske. :)



Men får eg seldt dette, så har eg berre teakseksjoner og 
sjenker i stova. Blir litt meir heilhet då.

Nok for i dag, skal prøve å bli flinkare til å oppdatere.

Ha ein fin kveld folkens.