torsdag 29. mars 2012

Siste innkjøp.



Eg klarte ikkje å dy meg når eg såg dette for salg
på Finn Kvinnherad. 




Ja kva har eg no kjøpt meg no då?
Eg sa at eg gjekk ikkje over 500,-, men det
var visst fleire enn meg som ville ha dette. 




Skuffa med fint hyllepapir i.
Budet var komt opp i 700,- så eg hadde eigentleg
slått ifrå meg at eg fekk dette.




Ser du kva eg har kjøpt meg? Ja det er det,
eit nydeleg sminkebord i teak.
Joda, det er små merker i det, men ikkje sånn at
det skjemmer ut bordet. 




4 minutter før budrunden vart avslutta, så berre
sånn plutseleg hadde eg bydd 50,- over forrige bud. hehe
Pleier av og til å sei at eg burde ha på meg polvotter når
eg sitter på FB. *ler*

Men finaste sminkebordet for bare 500,-, det er no ikkje
så gale pris det vel?
Eg er no veldig nøgd med kjøpet iallefall.


I morra er det fredag og kafedag. Gleder meg.
Ha ein fin kveld alle saman. 




tirsdag 27. mars 2012

Eggeglass og litt til.


På Finn Kvinnherad var det ei som skulle selgje
eit service, men der på golvet på biletet ser
eg noko som fanga interessa mi:
Eit eggeglass som låg opp ned. hehe
 


Sjå kor fint mønster.
Det er Figgjo og mønsteret heiter Valle. 


Eg har jo tre eggeglass frå før av i Figgjo, men
det er i ein anna serie. Og av og til så treng ein
litt fleire eggeglass, så då tenkte eg at denne serien
var så fin at den skulle eg samle eggeglass i. 


Snart påske og då får eg heilt sikkert brukt for eggeglass ja.

Og på loppiset så kjøpte eg meg desse 4 fine 
kuvertaskebegerne, dei låg til og med i orginaleska. 


Ikkje det, du får ikkje røyke ved mitt matbord, verken 
inne eller ute ( jau eg røyker sjølv ), men tenkte at
dei kunne brukast til smågodt eller liknande ved
bordet. 


Og denne søte lille figuren vart og med meg heim frå loppiset.
Synest dei er så søte desse fine utskjærte figurene, så
no blir det nok jakta på dei på loppis framover.


Synest dei passar inn her hjå meg eg. :)

Ønskjer alle ein flott tirsdag. 




lørdag 24. mars 2012

Loppis


I dag var eg på loppis, fant no meg
nokre fine små skattar. Ein fin glasvase
forma som ein fisk. Nydelege fine fargar på den. 


Det er plass til ei rose eller to i denne vasen.
Akkurat passe stor til å pynte med i hylla mi. 


Vasens opning er i halen på fisken, syntest berre den var
så søt, er du ikkje einig?
Nydeleg orange og blå-grønfarge på fisken. 


Og sjå dette søte fine fatet. Eg har leita etter eit
fat med denne teksten lenge. Men eg har alltid komt for
seint fram når desse har vært på loppis. Men denne
gongen var det min tur til å få eit sånt. 


Det er ingen merker på baksida på fatet, men da 
gjere ikkje noko, det er så vakkert at eg vil no
ha det uansett. 


Og teksten: Giv os idag vort daglige Brød
Det er lisom så gamel måte å skrive på, lurer
på om fatet faktisk er så gamalt som skrivemåten
tilseier?


Sjå den vakre kanten som er rundt.
Dette skal eg bruke i morra når eg serverer søndagsfrukosten. 
Då blir det litt stas over måltidet, ikkje sant? 

Eg har andre fine loppisskattar og, men dei skal eg syne
dykk ein anna dag. Samt eit nytt kjøp på Finn Kvinnherad.
( sjølv om eg sa til mamma at eg ikkje skulle kjøpe
det, men freistinga vart for stor. hehe )

Ha vidare ei fin helg.







fredag 23. mars 2012

Tid for egg. :)


Denne veka måtte vi ta venninnetreffet
på torsdagen, sånn at dei fleste av oss
kunne komme. :)

Siden det var torsdag så falt valget
på Peppes, der favoritten er
Kaffe Latte med karamellsirup, eplekake
med krem og vaniljeis. *snadder*


Var ein liten tur innom -nille for å 
snope litt. Der fant eg meg nokre fine
egg til å pynte til påske med.


Og nokre små som eg pynta til med litt fjær.
Nydeleg duse fargar på desse eggene.


Sjå kor fint mønster det er på dei.
Gleder meg til påsken kjem, så eg får 
satt fram desse fine eggene.

Kva eg kjøpte meg på Baronessa og på
Kid får vi ta i eit anna innlegg.

Ha ei fin helg. :)



torsdag 22. mars 2012

Ovn/Lyslykt.


Eg har i lengre tid vært på jakt etter ein
ovn frå 70tallet.
Eg hadde ein sånn for ein 20 år siden, men
den vart øydelagt og seinare "mista" eg den
i ein av flyttingane mine. 


Heldige meg fekk no tak i ein sånn ovn. Ikkje
heilt den grønfargen eg var på jakt etter, men søren
heller, eg fekk no fatt i ovnen. :)


Eg tok ut innmaten i ovnen, vaska og rensa den litt.
Så satt eg inn i to fine kubbelys.
Og vips, så var ovnen blitt ei lysslykt. 


Normalt sett så øydelegg eg ikkje ting som er i god
stand og virker fint. Men denne ovnen er "livsfarleg" 
for små unger, då den blir glodvarm og tilfeldigvis så
er den i rett sittehøgde til ein liten unge. *skummelt*

Og om to dagar så er det loppis her, så då håpar eg
at eg finner meg nokre fine skattar.

Ha ein fin dag. 



lørdag 17. mars 2012

Lampetter til vindauge.



Eg har no vært ein tur innom Finn Kvinnherad 
igjen eg. Og der låg det til salgs to fine
lampetter vil vindauge. 


Eg har vært på leit etter denne type lampetter
og taklampe ei stund, men no har eg no iallefall
fått fatt i desse .
Fekk dei faktisk til den nette sum av 100,-, eit
godt kupp med andre ord. 


Dei har vært lagra på eit loft, men virker heilt fint
forsatt. Men dei treng litt stell på teak og litt puss
på koparen og den svarte ringen, så skal ein sjå
at dei vil skinne som aldri før. 


Og så trur eg at eg vil skifte ut det elektriske, 
eg er litt redd for at det kan vere feil og mangler
siden det har vært vekkpakka. ( eg bytter alltid
ut det elektriske på ting eg kjøper, siden eg har
opplevd brann i ei lampe eg kjøpte brukt ).

Nei då får eg gå å pusse og stelle med lampettene
mine. Og så har eg og kjøpt ein ovn frå -70tallet,
og den skal forvandlast litt, så har litt å gjere på
i dag og. 

Ønskjer alle som er innom ein strålande fin laurdag. 




tirsdag 13. mars 2012

Litt frå helgas loppis.



Det var loppemarknad her i helga, fant meg nokre
småting, men syntest dei hadde lite interessant.


Men fant 5 av desse søte krydderglassene. Likte dei spreke 
fargane som var på dei. Og til 25,- så var det jo ein 
fornøyelse å kjøpe dei. 


Siden eg likar no å dille så kan dette vere krydderglassene 
eg har framme på hausten, for fargane passar liksom til
det ein forbinder med hausten.


Og så fant eg to sånne fine krus, kakaokrus sa eg til gubben
når eg kom heim, men då påstod han at dette var ølkrus.
Men da kan eg aldri tenke meg, ser ikkje du og for deg dette kruset
med varm god kakao og krem? :)


Og mannen min han har kjøpt seg ølkrus inne på Finn Kvinnherad,
så då får no han vær så god la være mine kakaokrus. hehe


Var veldig fint motiv på desse to krusene han hadde 
kjøpt seg. Må jo ha skikkeleg krus når ein bryggjar sjølv.


Men desse går vel under "vær forsiktig med" typen, trur 
ikkje det er så lurt å leggje dei i oppvaskmaskina.
Noko som eg er fæl med å gjere, trur liksom at alt
går i den maskina eg, har tabba meg ut nokre gonger
på det ja, diverre. 


Men eg får håpe at eg har betre lukke med meg på
neste loppis som er den 24. mars.
Men finner meg sikkert fine ting inne på Finn Kvinnherad
i mellomtida tenkjer eg. :)

Ha ein strålande fin dag. 












fredag 9. mars 2012

Helg og handel. :)



Litt meir handling har det no blitt på meg ja.
Blir sånn når ein finn ut at ein skal skifte ut mesteparten
av det ein har. 




Denne fine skjønnheten blei min for den nette sum av
175,-. Syntest det var ein god handel eg.
Fine raud og kvit kaffikanne, blir fin med ein vårblom eller
nokre krydderurter opp i den. 




Må jo berre innrømme at eg synest den har verdens vakraste
og enklaste mønster. Det enklaste er ofte det beste, seier dei
i reklamen, og det stemmer nok det ja. 




Og i helga så er det loppis i nabobygda, så då håpar eg at
eg finn meg nokre skatter der og.
Men eg finn jo forsatt ting og tang inne på Finn Kvinnherad,
siste kjøpet mitt der inne er eit Figgjosett, til den nette
sum av 250,-.
Så no får eg berre møsa meg inn til Rosendal og få henta det. 




Er det ikkje fint? Men no treng eg muggen til dette settet, ja
sukkerbitskåla og. Så får eg ta det litt etter litt. :)

Ønskjer alle som er innom ein strålande fin helg.
Er det kanskje fleire som skal på loppis?




onsdag 7. mars 2012

Ein liten puff.



På finn kvinnherad så var det ei dame som skulle 
gje vekk ein søt liten puff.
Og den tenkte eg at måtte jo vere suveren til å samle
leikane til barnebarna i. 




Den treng nok ein liten makeover, for den var litt
slitt i skinnet som var på. Så eg lurte på
om lokket skulle få på seg eit geiteskinn og så kan 
sjølve stammen få eit fint trekk frå ei gardin frå
70-tallet som eg har liggjande. 




Den er laga av faren til ho som eg fekk den av, og 
det er utruleg flott arbeid, men den er ubehandla inni
så der tenkte eg at eg skulle male den, så den tåler
litt meir. 




Jau trur den blir fin i brunt og kvitt geiteskinn og 
i den gardina med omlag same fargane ja. :)

Men no må eg ut på tur, eg har jo sjølvsagt handla 
meg litt meir på finn kvinnherad eg. *ler*

Ha ein fin dag alle saman. 



søndag 4. mars 2012

Fint Figgjofat.


I går var eg som sagt på Månadsmarknaden,
og der fant eg sjølvsagt både små og store skattar.



Nydeleg fine blomar på dette fatet.
Eg fekk mamma til å kjøpe det til meg, så var 
bursdagsgåva mi i boks. (Sjølv om det er no litt
over ein månad til ennå, men godt med da
som er gjort). 




Likar denne rosafargen, den passar no så godt inn 
hjå meg den.
Veit ikkje om desse fatene har noko namn, men eg
kunne tenkt meg eit av kvar farge dei er komt ut i. 




Eg fant meg andre skattar og på Månadsmarknaden, 
men dei får eg syne dykk ein annan dag.
Og eg må no sei at dette var den finaste skatten. :)

Ønskjer dykk alle ein fin søndag. 






fredag 2. mars 2012

Vinnarlukke.



I går kveld så tikka det inn ein sms til meg,
der stod det at eg hadde vunne premien i
den siste konkurransen  som Fem Høns hadde 
i bloggen sin.
Ein flott termos og to fine krus. :)




Så då er det berre til å sjekke posten framover.
Snakk om å få ein fin start på helga. :)

Og i morra så er det Månadsmarknad  på
Husnes, så skal sjå eg finn meg ein skatt eller to 
der og. 
Ha ei fin helg alle saman. :)