søndag 29. mai 2011

Besøk på Gjenbrukstorget.

På miljøstasjonen her så er det ei bod som
ein kan sette inn ting som kan vere brukande
for andre. Og der kan ein finne fine skatter om
ein er der rette dagen. 



På fredag så var eg og ei venninne innom der.
Var skuffande lite spennende ting. Men eg fant meg
to fine urner/krukker til å ha blomster i.




Eg er ikkje heilt sikker på om denne blåfargen passar
hjå meg, men dei var så søte så måtte berre ha
dei med meg heim.

Ev. så kan eg sette dei på eldsteguten sitt rom når
det vert ferdig opp-pussa.
For han vil ha ting i denne blåfargen.





Men eg sliter som så mange andre med å leggje att kommentarer.
Frykteleg kjedeleg. Eg er jo så glad for kommentarar sjølv,
så ekstra kjedeleg når eg er innom andre utan å leggje at
eit lite spor etter meg. Men det er ikkje det at eg ikkje vil,
det er diverre noko tull her med blogger. Håpar det rettar seg snart.

Ha vidare ein fin søndag alle sammen. :)


. 





søndag 22. mai 2011

Give Awaygåve og hekla teppe.



Eg var så heldig å vinne 1. premien i Give Awayen

Det var denne superfine vekta som var premien.




Den er berre så sjarmerande skeiv i vektfatet at den berre
er rett og slett nydeleg.

Eg fant ut at den ville vere perfekt til å ha tomater på. 
Deilige nyplukka tomater frå min søsters 
tomat/agurkgartneri.




Og så har eg fått ferdig ein gammel ufo ( ufo= uferdig objekt ).
Teppet er hekla i Sisu og Senja. Det er ca. 160 cm tvers over.
 No er det bare å finne ein baby som kan få det til vogn/koseteppe. :)




Beklager dårleg bilete, men eg måtte skunde meg før regnet kom.

Då håpar eg at alle får ei fin og nydeleg veke.


.





torsdag 19. mai 2011

Konfirmasjon og 17. mai.



Den 8. mai i år vart min eldste sønn konfirmert.
Vi hadde ein flott dag, med nydeleg vær og koselege gjester.

Guten sjølv bestemte all pynt til dagen.
Det var jo hans konfirmasjon sa han.




Og vi hadde Koldtbord som vi laga sjølv til middag
og mange gode kaker.




17. mai tok vi stille og roligt heime.
Men vi fekk oss både is og pølser med brød.

Og så måtte vi sjølvsagt ha rømmegraut til middag,
det er einaste maten som duger for meg den dagen. :)




No vart det litt lang tid før eg fekk laga eit innlegg
denne gongen.
Men eg er forsatt sjuk, så eg har vært totalt utslitt
dei siste vekene, men no ser det ut som om
formen tar seg opp igjen, heldigvis.

Ønskjer alle mine lesare ein flott kveld.


Og i morra er det fredag så då skal eg på
venninnetreff på Konditoriet her. :)