søndag 28. november 2010

Hobbykveld og litt til. :)



På torsdag var eg på hobbykveld hjå
5 damer som samla oss for å sy litt i lag.

Eg sydde meg to puter og ein smykkepose.

Pute med motiv.


Nakkepute med fyll.


Og smykkeposen, dessverre litt dårleg bilete.
Desse posene er så kjekk å oppbevare smykker i.
Får akkurat plass til smykke, armband og øredobber i sett.
Fine til å gje til familie og venner når du gir dei eit smykkesett.
Enten kjøpt eller heimelaga.


Så har eg som vanleg vært ein på ein liten kafetur med ei venninne.
Det er nok som eg prioriterer å gjere ein gong for veka.
Og då var eg først innom -nille der eg fant nokre fine blanke
fulgar med fjørhaler. Og nede på Europris fant eg nokre liknande
fuglar i lilla. Pynta dei på urna mi med trollhassel, eføy og dei
fine søte lysene mine i gamledagse lyshaldere.
Må jo ha litt lilla til adventspynt. :)


Så har eg også handla litt hos Partylite .
Har kjøpt meg gjestesåper med lavendelduft.
( bilete lånt hos partylite )


Votivlys. Med juledufter og ein pakke med 16 ulike dufter.
Dette er lys som brenner i opp til 11 timer. Flott no når det
er mørkt så lenge. Fekk testa dei ut i går då eg var på
LP-kveld hos min søster. Knallkjekk kveld der vi hadde med
oss gamle LP-plater, drakk gløgg og lytta til fin musikk.
( bilete lånt hos partylite )


Kjøpte meg også ein fin nisse hos dei.
( bilete lånt hos Partylite )


Og til slutt vegglysestaken som eg har hengt opp i gangen.
Synest den er så vakker.


Nei no må eg sjå over resten av adventspynten min.
Eg pyntar berre med kvit og lilla pynt no frem til lillejulafta,
då skifter eg over til raud, grøn og gullfarga pynt.

Koseleg at du titter innom, og eg set stor pris på om du
legg at ein liten kommentar.

Ha ein fin 1. søndag i advent.


.


torsdag 18. november 2010

Undervegs i gangene mine. :)



Jada, dårleg med blogging her ja.
Er framleis ikkje ferdig med gangane mine. Men heldigvis
så er det ikkje mykje som gjenstår.
Men eg har fått sene- og muskelbetendelse i ryggen, armen
og bringa på høgre side, så det går litt trått her ja.
Godt eg har ein mann som har sagt at han skal ta over no
når han er ferdig med sine aktiviteter på kveldstid. 

Her er bilete frå yttergangen min.


Bilete tatt frå innergangen. Her ser ein skoskapet og hengehylla
for gjester sine jakker.
Litt vanskeleg å sjå fargen på veggen, men den heiter Silke
og har ein anelse grønt i seg. Lister og dører er malt i kvit
med glansgrad 40. Tenk, før eg malte var alle lister
og dører lakka i trekvitt. Fysjom seier eg no.



Her er ytterdøra, hengehylla og sildekassen som eg setter store
sko og støvler i. Åkle som ligger opp på kassen har min
grandtante vevd til meg.


Her er døra inn til innergangen og ein litt forskremt katt. :)
Skapet her skal få på seg den tapeten som står ved siden av.
Men det får vente til eg er i litt betre form.
Stolen som står forran skapet er det min manns grandonkel
som har laga. Eg har berre trekt om setetrekket. Men ser
at no bør eg velge eit anna stoff, dette vart for mørkt. Eller
kanskje eg kan male stolen kvit?

Innergangene:



Her er bilete frå stova og mot yttergongen. Ser jo at her
får eg endeleg rett farge på tapeten i stova, no når eg
ikkje skulle ta bilete av den. Jaja.
Her her gutane plass til å henge opp sine jakker og sette
sine sko. Så har vi nøkkelskapet over der.
Fargen vi har valgt her i gangen heiter Fransk Grå. Og på
listene her det vanleg kvit med glans 40 vi har valgt.



Her er det tatt bilete frå yttergongen og inn i innergangen.
Som de ser så er eg ikkje ferdig å male nei.
Under trappa og trappa er ikkje ferdigmalt.
Ser jo no at den Beinkvit fargen som vil har valgt tidlegare
er veldig ykje gult i, nesten sånn at det ser skittent
ut mot det kvite.



Her er biletet tatt frå den innerste gongen. Har lyst til å
ha opp nokre bilete her ute i gangen,
men klarer ikkje heilt å bestemme meg
kor og korleis. 
Men det kjem vel ei råd med det også.

I den innerste gongen min er det egentleg berre
masse dører.  Ein heilt ubrukeleg gang.
Det er dører inn til to soverom, bad, og ei bod og
ei dør inn til innergangen.
Det eg allerhelst kunne tenkt meg her
var ei bue mellom desse to gangane, for døra
vert aldri brukt.


Her er bilete frå innergangen og mot bad, soverom og bod.
Det trekvite skapet som står der er eg litt usikker på kva eg vil
gjere med ennå. Så det frå stå sånn som det er til eg har
bestemt meg. Det heiter Herregarderobe den type skap, så
det har både skuffer, hyller og hengeskap. Lurer litt
på om eldste guten skal få det. Men då må han få bestemme
fargen sjølv. :)


Her er biletet tatt i frå badet og ut mot innergangen.
Fargen på veggen her er også Fransk Grå og kvite dører
og lister. Det stygge sikringsskapet er eg ikkje heilt sikker på
kva eg skal gjere med. Har litt lyst til å finne ein fin tapet og
kle det med. Lurte jo litt på å male det veggfargen, men var litt
usikker på det. Men har no forsatt litt meir veggfarge, så kan jo
forsatt ombestemme meg.


Eg og nokre venninner var på kafe og shoppingtur i går.
Så neste blogginnlegg får vere av kva eg fekk med meg
heim etter den turen.


.

mandag 8. november 2010

Kjøkkenet ferdig. :)


Endeleg er kjøkkenet mitt ferdig malt.
Eg har malt veggene i fargen Perlegrå frå Jotun. Skapene
er malt i kvitt med glans 40.
Skulle ha skifta dør- og skuffehandtak, men fant ingen
fine verken på Europris eller Mekk her. Så då får det
vente til eg reiser vekk til ein plass der dei har litt
meir utvalg enn her.


Ikkje lett å sjå fargane her nei, sola står rett inn vinduet
så alle farger vert feil.
Som de ser så er bordet framleis trekvitt. Det fekk eg ikkje
lov til å male av "kjøkkensjefen", han trua med at då måtte
eg sjølv stå for baking. Ja så då fant eg plutseleg ut at
knallfint med trekvitt bord.  hehehe
Gitt kven som hater å bake då? Dårleg husmoremne eg visst. :P




Har også hengt opp igjen Frieletavla mi. Det vart rett og slett
ikkje fint med den kvite tavla mi på kvit dør.
Er ikkje så stort dette kjøkkenet mitt, kunne vært mykje større
enn sine 12 kvm ja. Rundt kjøkkenbordet skal eg ha
barkrakker, må bare få tid til ein Ikeatur, så har eg dei i hus.




Har lurt på om eg skal ta dette fryseskapet inn på matboden
om eg får det inn døra. Får ev. plass til eit avlastningsbord der då.
Kunne trengst det av og til ja.

Bak døra med tavle på har eg ei matbod på 1,1 kvm, lurte litt på
å rive den og ta alt inn i kjøkkenet. Men fant ut at den er jo knallkjekk
å ha til alle desse duppedingsmaskinene vi har til kjøkkenet.
Er det berre meg, eller er det andre også så berre må ha
det når ein ser ei ny type kjøkkenmaskin?



I hjørnet her står gassovnen min, den er super på iskalde morninger.
Tar bare 20-30 min, så har eg fått opp kjøkken og stove med 3-4 grader.
Og så er den kjekk ute på seinsommaren når det vert litt kaldt.
Over den ovnen lurer eg på om eg ikkje må ha nokre hyller. Hadde
vært greit å hatt dei tinga ein brukar mest fremme. Sånn som brødrister,
smørbrødjern og eggekoker der. Kanskje kaffimaskina mi også, så
hadde eg fått heile bordet fritt.

Då er det bare dei tre gongane mine som må bli ferdig.
Manglar å få male ferdig listene. Ikkje akkurat rette årstida
å male med oljemaling på merkar eg. Tek så lang tid før alt tørkar.
Så skal eg heller syne dykk kor fine dei og er blitt. :)


Setter stor pris på ein liten kommentar frå deg som er innom.

Ha ein strålande fin dag.


.

tirsdag 2. november 2010

Å vi maler og vi maler. :)



Har starta å pusse opp kjøkkenet mitt.
Manglar litt smådetaljer ennå før eg kan vise
bilete av heile kjøkkenet. Men her er ein liten
smakebit på at noko skjer. Veggen bak
oppvaskbenk og komfyr.


Men eg "gløymde" jo kven eg er gift med, for no har
gubben fått blod på tann. Så no må gangane også
pussast opp, så her er det maling heile dagen.

Her er bilete av yttergongen før vi starta malinga.



Greit at gul kan vere kult, men er enig med gubbeliten at vi
godt kan bytte ut fargen. Fargen vi skal ha i denne gongen
heiter Silke og er frå Jotun.

Her held minsteguten på å male, barnearbeid er flott det vel?  hehe


Gangen innforbi har ikkje akkurat nokon finare farge, det er
forresten nesten samme farge som var på kjøkkenet. Bare den
på kjøkkenet var litt lysare, men gløymde jo å ta førbilde
av kjøkkenet dessverre. 




Denne gongen skal vi male med Fransk Grå frå Jotun.
Alle lister og dører i huset var malt med Beinkvit, men det vart
rett og slett gulaktig/skittenfarga mot desse lyse fargane, så vi
maler alle lister og dører heilt kvite no.

Og menst vi andre maler og maler dagen lang, så er det
andre her i huset som veit korleis dei skal slappe av.
Storepusen vår Odd koser seg i lenestolen han. :)


Så får vi håpe eg får kjøkken og ganger ferdig denne veka, så
eg kan syne dykk bilete av det til helga.

Ha vidare ei fin veke. :)


.