lørdag 19. mai 2012

Lang bloggpause.



Den blei litt lengre enn lang denne 
bloggpausen min.

Alt er bra med mitt barnebarn, operasjonen ser
ut til å vere vellukka. Vi veit det endeleg om
nokre veker. 




Eg har vært på mine sedvanlege fredagskafeer med
mine venninner.
I det siste så har vi besøk Peppes Pizza. Der får
eg verdens beste Caffe Latte med karamellsirup.




Og av og til så slår vi på stortromma og unner
oss Eplepai med is og karamell til kaffien. 

Eg har hatt ein konfirmasjon i denne tida, det var 
ynstemann sin, så no har eg ikkje småunger lengre.
Føler meg med eit litt gammel, trur eg. :)




Ønskjer alle ein fin laurdag.
Og så håpar eg at blogglysta snart kjem tilbake. 




lørdag 28. april 2012

Sjukdom og operasjon.


Ser eg skulle ha oppdatert bloggen for lenge siden,
men nett no så skjer det så mykje her at har
ikkje noko å oppdatere om.


Barnebarnet mitt ligg på Rikshospitalet, der ho på tirsdag 
gjennomgikk ein veldig stor operasjon. 
Vi veit forsatt ikkje om det har gått bra.  :(




Så eg kjem ikkje til å oppdatere bloggen så lenge ho ligg på
intensiven på sjukehuset. 



Men har eit ønskje til dei som leser bloggen.
Datteren min har ein kampanje på gong, der ho vil ha inn
at ein sjekker blodtrykket på barn når dei er på kontroll.

Hadde dei gjort det på mitt barnebarn, så hadde ho kanskje ikkje
vært så sjuk i dag som ho er. 


Håpar ein del vil ta seg tid til å signere denne kampanjen.
Og gjerne spre den.
Mål blodtrykket på barn/oppdag skjule sjukdommar tidlegare.


See you later. 

onsdag 18. april 2012

Litt frå helgas loppis og internetthandel.



Eg var på loppis på søndag, fant no meg nokre 
små skattar der ja. 




Denne fine fargerike vasen blei min for 5,-.
Likar desse tofarga glasprodukta. 




Fant og desse fine lysestakane til 5,- pr. stk. Dei passar godt ilag
med vasen synest eg. 




Sånne huskar eg frå då eg var lita, dei vart det servert 
fiskepinnar eller fiskepudding i frå. Og det skal det
serverast i frå mi og. 




Den er litt slitt i mønsteret, men det blir vel berre sånn med ting 
som er godt brukt.
Og godt brukt skal den bli her og. Likte så godt fargane som var på den.
Har vist fått gult og orange som favorittfarge ja. 




Desse to, fatet og skåla kjøpte eg på Finn Kvinnherad på FB.
Fekk dei for 225,- ingen gale pris det.
Det er PP sine fat. Likte godt å få ei skål, der kan eg ha rundstykker,
boller eller horn i .
Blir stil over søndagsfrukosten no. :)

Ser at enkelte ord blir linka til eit eller anna reklame, veit ikkje
korleis eg skal få det vekk, men vær så snill å ikkje trykk på dei,
eg er ikkje så heilt sikker på at det er trygt.
( eller er det eg som har fått eit virus? Norton finner det
iallefall ikkje ).

Ønskjer alle som er innom ein fin dag. 









onsdag 11. april 2012

Rörstrand


Ute på tur, aldri sur. :)

Så no har eg vært ute ein tur og kjøpt meg 6 fine 
fruktfat. 




6 fine kvite og blå fruktfat med "blonder" på.
Alle  fatene er heilt fine, ingen hakk, skår eller liknande. 




Har vært på leit ei stund etter fine fruktfat til fruktbollen og 
fruktknivane mine. Og desse er akkurat så fine at eg måtte
berre ha dei. 




Sjå den nydelege blondekanten som er rundt fatene.
Rett og slett vakkert synest eg. 




Og midt på fatet er dette vakre symbolet. Minnar meg no litt om
rosemaling då. Eg veit ikkje så mykje om Rörstrand, anna enn
at det er svensk. 




Men til den nette sum av 100,- for 6 fine fat, ja då kan ein no
ikkje klage på prisen nei.

Veit du kor ein kan finne info om Rörstrand?

Ha ein fin dag. :)





torsdag 5. april 2012

Uro, emaljefat og litt til. :)



Eg har vært ein liten tur innom
http://www.retrorosa.no/, og skal sei
det var mykje fint der ja. 





Eit fint emaljefat vart mitt, gult og fint,
passar no til påsken det ja. 
Men ser eg har fått litt dilla på gult og 
orange for tida. 




Og ein fin uro var og i pakken. Sånn hadde mamma
når vi var små, og sånn fekk eg lyst på å eige sjølv.

Huskar vi satt å dytta på desse stengene, for å sjå kor
lenge dei bevegde seg. 




Ser at kvaliteten på bileta ikkje er den best nei.
På tide å lære seg med speilreflekskameraet, trur det
vil ta mykje betre bilete enn pocketkameraet mitt ja. 




Og 4 fine eggeglass i teak. Er dei ikkje flotte vel?
Dei skal få stå i teaksekjsonen min. Der vil dei passe
fint inn.




Litt småskader på dei, men det er fort gjort å fixe
når ein har rette oljene til å smøre dei inn med.

Og så må ein jo sjølvsagt ha fine eggeglass no til
påske, då er det egg til fleire måltider enn vanleg. 

Og så var eggeglassa pakka opp i denne fine boksen, 
som var ein ekstragåve frå RetroRosa.




I den skal eg ha kaffibønnene mine, for dei har
faktisk ikkje eigen boks. Eg er litt kaffisnobb må
eg berre innrømme. Har kaffimaskin som maler 
bønnene, for så å lage kaffien.




Kaffibønner er jo ferskvare, så dei må pakkast godt 
inn så ein ikkje forringer aroma og smak.
Og eg likar å blande saman til min eigen kaffi, så
då treng ein fleire enn ein kaffiboks. 




Favorittkaffien min er Swiss med aroma av
sjokolade og mint. *snadder*

Og skal eg kose meg ekstra, ja då blir det 
CaffeLatte med karamellsirup i.
( og i helga kan ein bytte ut mjølka med Bayliss. hehe )

Ønskjer alle som er innom ei forsatt God Påske!! 








mandag 2. april 2012

Verdens autismedag.

Du kan også følgje:

World Autism Awareness Day på Facebook
Hverdagen med og uten autisme på Facebook
Autismeforeningen i Norge på Facebook
World Autism Awareness Day- Stand Up for Autism på Facebook



Ha forsatt ei fin påske. :)

torsdag 29. mars 2012

Siste innkjøp.



Eg klarte ikkje å dy meg når eg såg dette for salg
på Finn Kvinnherad. 




Ja kva har eg no kjøpt meg no då?
Eg sa at eg gjekk ikkje over 500,-, men det
var visst fleire enn meg som ville ha dette. 




Skuffa med fint hyllepapir i.
Budet var komt opp i 700,- så eg hadde eigentleg
slått ifrå meg at eg fekk dette.




Ser du kva eg har kjøpt meg? Ja det er det,
eit nydeleg sminkebord i teak.
Joda, det er små merker i det, men ikkje sånn at
det skjemmer ut bordet. 




4 minutter før budrunden vart avslutta, så berre
sånn plutseleg hadde eg bydd 50,- over forrige bud. hehe
Pleier av og til å sei at eg burde ha på meg polvotter når
eg sitter på FB. *ler*

Men finaste sminkebordet for bare 750,-, det er no ikkje
så gale pris det vel?
Eg er no veldig nøgd med kjøpet iallefall.


I morra er det fredag og kafedag. Gleder meg.
Ha ein fin kveld alle saman.