lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år, og takk for det gamle. :)



Bekymre deg ikke for det som er forbi,


men vend deg til det som kommer.




Godt nytt år!






Ser dykk forhåpentlegvis neste år og. 
 

fredag 23. desember 2011

Lillejulafta og sneekpeek på eine julegåva mi.



Ja då er dagen før dagen komt.
I dag skal all adventspynt ryddast vekk og 
julepynten settast fram.




Til no så er det berre eit lite julatre, lysholdere og juladuk
som har komt fram hos meg.
Eg skal ikkje pynte ferdig til jul før i kveld.
Det er tradisjonen her.


Eg har hatt koseleg venninnebesøk i dag.
Ho kom 
med julagåva mi.
Ho har nemmeleg kjøpt ei flott stor kasse til meg.
*lykke*

Er den ikkje flott?




Ikkje den beste kvalitet på bildet, men det
er selgaren sine bilete eg har lånt. 

Av alle ting så kjem eg faktisk til å male denne kassa.
Eg pleier å sei at ting er finast i orginalversjon, men denne
må nok få litt maling og tapet sånn at eg får den til å 
bli sånn som eg vil ha den. :)


Ønskjer alle mine lesere ei strålande fin jul. 
♥♥♥

onsdag 21. desember 2011

Nytt søppelspann og anna gøy.



I går var eg i nabobygda her og henta meg eit søppelspann.

Siden eg såg eit sånt i ein blogg for ei tid tilbake så har eg
hatt veldig veldig lyst på eit sånt spann.
Men eg skal ha det ute som både lyslykt og bålpanne.

Men det var ikkje så lett å oppdrive, så eg søkte etter eit
på "Finn Kvinnherad" på FB. 




Og heldige meg, ein i nabybygda hadde eit dei brukte til 
brennbart avfall, om eg ville ha det, så kunne eg berre 
komme å hente det. 
Og da var sjølvsagt ikkje nei i frå meg. :-)



Eg har og kjøpt meg to fine vinballonger.

Dei var mykje større i røynda enn det eg trudde, 
burde sjølvsagt ha sjekka det først. 
Men men, dei er no fine er dei.
Denne vetle her er på 25 liter. 
Men med fin veving på oppsida og. 



Den store her er på heile 50 liter, så den skal det 
no vere god plass i. Men i mitt hus så får ingen lov
til å sette verken øl eller vin i dei.
Her er dei berre vakker pynt. :P

Eg har og kjøpt meg ei stor trekiste, men ei venninne
av meg har ei overrasking med den, så den har eg
ikkje fått i hus ennå. 
Men eg venter spent på den altså. 
Men det er jo snart jul, så får vi sjå kva som skjer.  hehe


Ønskjer alle ein superfin onsdag. :-)








torsdag 15. desember 2011

Eit lite bruktkjøp.



På FB så har vi her i kommunene vår eiga "finn.no" side.


Og i går så var det ei som la ut eit kjempefint telefonbord.
Det måtte eg jo sjølvsagt ha meg. 




Eg betalte berre 250,- for denne skjønnheten.
Det er frå 60-tallet og i teak. Det er eit par sårmerke
opp på plata, men eg får sjå om eg ikkje får pussa dei vekk, 
for eg vil ha den i orginalfargen. Einaste er at trekket på setet
kanskje må skiftast for å passe betre inn her. 





Sjå kor fine bein det er på den.
Vakkert!!




Flotte nydelege handtak på den benken.
Ja eg må berre sei at dette kjøpet er eg veldig fornøgd med.

Og den skal få lov å vere i sin opprinnelege stand.


Ha ein strålande fin dag alle sammen. 






tirsdag 13. desember 2011

Pynt frå Åhlens og vinnerlykke.



Her i veka så såg eg i Dagbladet noko fin pynt på Åhlens.
Men har vi den butikken her då? Neida.

Men eg la ut lenke til dette på FB, og der fekk eg napp, ei skulevenninne
som bur i Bergen kunne kjøpe dette til meg. 

Lykke 




Det var nokre fine raude epler i den annonsa.
Dei var berre så søte, så eg måtte ha meg 3 stykker av dei.
Tenkte dei skulle få liggje på eit lysfat i jula, når eg har
fått rydda vekk adventspynten min. 




Eg fekk ho og til å kjøpe to sånne juletrær, var ikkje dei og fine?
Er litt usikker på kor eg skal ha dei, men det vert heilt sikkert ei råd 
med det og skal eg tru. 

Ellers så har både eg og datteren min hatt vinnarlykke i det siste.
Eg nominerte ho på -nille sine sider til å vinne noko frå -nille
som eg hadde tatt bilete av.
Og då tok eg å la inn biletet frå forrige innlegg av den fine lyslykta mi.

Og ho vant nomineringa.
Kan sjå om det her  på innlegget frå 13. desember. 




Og eg sjølv vant eit gåvekort på 500,- på -nille.


Skal nok finne noko fint å bruke da gåvekortet på. :)

Ønskjer alle som er innom ein fin kveld. 






fredag 9. desember 2011

Fredag og da er helg.


Ja då var det fredag og helg igjen. 

I dag har eg vært på min sedvanlege kafetur med gode venninner.
Vi har innom -nille ein tur, måtte sjekke ut om vi fant meir fin
julapynt der. Og da gjorde vi. 




Eg kjøpte meg eit lyshus i flott blank "sølvmetall", for eg er sikkert 
ein av dei få som ikkje likar sink :)
Og inne det har eg ein engel, eit julatre, "sølvkuler" og "snø". 
Alt har eg funne på -nille. Flott butikk, sånn eigentleg. 




Sjå: er ikkje denne engelen søt?
Det er lys i den, blått fint lys til å pynte med til kvelden. 
Det er så fint når den står inne i lyshuset og lyser no i kveld.




Skulle eigentleg ønskje at det var lys i julatreet og, men kanskje 
det hadde blitt litt sånn "overkill"? 
Uansett så er eg kjempenøgd med dette kjøpet.





Men er det nokon som kan fortelle meg korleis eg 
får til å ta fine bilete av ting i glass?
Eg sliter så veldigt med gjennskinn, eller at bileta
vert uklare. 


Så må eg få ønskje alle mine lesarar ei 
strålande fin helg.  ♥♥♥











onsdag 30. november 2011

Bergenstur.


I morgen skal eg følgje eldsteguten til Bergen.
Alle på 10. trinnet skal sjå La Cage aux Folles på
Den Nationale Scene.





Planen vår var at vi skulle reise med båten herifrå kl. 16.20 og
ankomme Bergen 18.15. Siden theateret startar 19.30.
( guten min er autist og har adhd, så derfor følgjer eg han
siden vi ikkje er heime før ca. 02.00 )

Men med det flotte været, not, som er meldt så må vi nok
ta bussen ilag med dei andre kl. 10.30 og ankomme Bergen
kl. 13.30. Det vil sei himla mykje dautid for oss. :(




Men når dei har lova omlag same vær som på det biletet, så er 
ikkje båt noko alternativ nei. Den går sikkert ikkje heller. 
Men får besøke Akvariet, Vil Vite og ev. Sjøfartsmuseumet.
Og så har dei trådlaus nett på biblioteket som ligg ved 
buss-stasjonen. hehe

Men dette er meldingane for i morra:
Hordaland
Fra sent onsdag kveld sørlig liten storm.
Torsdag ettermiddag dreining til sørvest, fra seint om 
ettermiddagen vestlig stiv kuling.
Vanskelige kjøreforhold på høyfjellsovergangene på grunn 
av mye vind og snø, vesentlig torsdag. 

Wish me luck!   :)

søndag 27. november 2011

1. søndag i advent.



Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.




Eigentleg så skulle eg vise fram adventsstaken min, 
men kor er den? Ikkje veit eg.  hehe

Men eg reknar med at eg ved ein feil har putta den i
julepyntkassene
og ikkje i adventspyntkassen,
men julepynten får eg hente ned ein 
anna dag.
I mellomtida så får vi tenne dei andre fine lysene vi har.
Vi fekk no med oss tenninga av lyset i kyrkja i dag, då
vi var på lysmessa. :)




HISTORIEN OM DE FIRE ADVENTS LYSENE..

Fire lys brant på adventskransen. Det var helt stille, så stille at man kunne høre lysene snakke til hverandre.

Det første lyset sa: "Mitt navn er fred. Jeg skinner klart, men menneskene vil ikke ha fred, de vil ikke ha meg." Lyset ble mindre og mindre, til slutt sluknet det helt.
...
Det andre lyset sa: "Mitt navn er tro. Men jeg er blitt overflødig. Menneskene vil ikke vite av gud lenger. Det er meningsløst at jeg brenner." Så sluknet det andre lyset.

Bedrøvet og med lav stemme sa det tredje lyset: "Mitt navn er kjærlighet. Jeg eier ikke lenger kraften til å brenne. Menneskene overser meg. De ser bare seg selv og ikke de andre som de skulle elske." Også det tredje lyset sluknet.

Et barn kom inn i rommet, så på lysene og sa: "Dere skal da lyse og ikke slukne", med øyne fulle av tårer. Da hørtes plutselig stemmen til det fjerde lyset: "Vær ikke redd! Så lenge jeg brenner, kan vi tenne de andre lysene igjen. Mitt navn er håp."

Og barnet tok en flamme fra håpets lys med en fyrstikk og tente alle de andre lysene igjen..

tirsdag 22. november 2011

Litt nye adventspynt.




Ja det er vel på tide å planleggje kva pynt ein skal ha framme
til advent, den er jo her neste helg alt. 




Alt eg har brukt til dette er kjøpt på -nille.
Utanom geiteskinnet, det fekk eg i gåve for nokre år siden.




Raudvinsglas, glasbrikker/lysfat, plastblomar og lysmansjetter. 




Syntest det vart flott dette. 




Men lurer på om eg må ha ein tur til på butikken for å sjå 
om eg ikkje finner nokon andre ting eg kan få lage meg
andre fine ting. :)

Ønskjer alle sammen ein fin dag. 





fredag 18. november 2011

Super Mor. :P


Ja no var det lenge siden eg hadde blogga ja. 

Eg har no i ei heil veke hatt besøk av begge døtrene mine 
og mine to fantastisk søte barnebarn. 
Her er det tatt bilete av dei på LynetMcQeen-bilen som står 
på butikksenteret her. 
Den er liksom litt obligatorisk å besøke når dei er her.




Dei hadde til og med seg fine gåver til meg. 
Først fekk eg ein superfin kopp, som sjølvsagt passar til meg. hehe



Koppen er kjøpt på Pur Glede i Måløy.
Heldigvis så har den og nettbutikk. :)


Så kom dei med ein pose, og i den var det ei glasskule med garn på.



Så ein anna type flyteelement i kork.




Og mange fine slipte steiner, steiner som er blitt slipt at tidens tann. 
Vakkert. 



Desse skal eg ha liggjande på ei gammel sildekasse som
eg har ståande i gongen.



Ønskjer alle saman ei fin helg. 


 

mandag 31. oktober 2011

Jau eg er her forsatt. :-)


Held eg på å rotne på rot?
Eg må spør meg sjølv om det når eg ser kor
lite eg er innom bloggen min. Men nett no så 
går ting litt trått her. 



Finner ikkje lysta til å stasje med ting og tang,
eller jau, eg gjere jo det, men eg tek ikkje bilete av 
det, for det er så mykje anna som opptek meg i kvardagen.

Mine to gutar som forsatt bur heime har kvar sine diagnoser, som gjere
til at dei krever litt meir enn dei fleste på den alderen.
Jentene mine er så store at dei har flytta for seg sjølv. 



Eg har og eit barnebarn med ein skjeldan sjukdom, eller det er 
få unger som blir oppdaga, fordi at dei IKKJE måler blodtrykket
på unger. Så enten blir dei oppdaga ved ein tilfeldigheit, eller når
dei har fått så store skader på hjarte/lunge/nyrer/augene at det er
vanskeleg å rette opp dette. 
For dei har høgt blodtrykk, noko som er skjeldan på små ungar, men
siden dei ikkje måler dette, så finn ein jo det ikkje ut heller. 



Min datter har laga til ei underskriftskampanje der vi prøver å få så
mange som mogeleg til å skrive under, vi prøver å få avisene til å 
skrive om dette, for vi vil få dette innført som standar prosedyre ved
helsestasjon/lege. I følge Europakonvensjonen så skal ein dette, men
Noreg ser bort i frå denne anbefalinga, diverre. 

Legg ut linken til underskriftkampanjen her, og håpar at nokon ser seg
tid til å signere. Og del det gjerne vidare om du vil. 

( alle bileta er enten mine eller lånt frå min datters blogg )



Ønskjer alle mine lesare ein fin dag. :-)

( og så lover eg at neste innlegg skal vere om interiør, 
og at det ikkje skal gå så mange dagane før det kjem )

søndag 2. oktober 2011

Nytt lysfat som duftar kaffi.




Sist eg var innom Peppes Pizza så hadde dei kjempefin bordpynt.

Dei hadde eit kvitt stort fat, fylt med kaffibønner og fine steiner. 
Dette måtte eg sjølvsagt kopiere når eg kom heim.





Fant frem det eine kvite store serveringsfatet mitt. 
Hadde på kaffibønner, men eg hadde ikkje fine runde steiner,
 men desse "diamantsteinene". 

Dei får halde til eg finner rett type stein. 




No luktar det deilig kaffi i stova, og når eg tenner lyset, då 
dufter det til og med sterkare kaffilukt. 




Ja eg er veldig veldig glad i kaffi. Så dette er pynt som 
passar meg ypperleg. 

Og så har eg ei skål med kandissukker ståande, det 
smakar godt med ein klump med kandis når ein 
drikker ettermiddagskaffien. 




Ha ein fin søndagskveld. :)

torsdag 22. september 2011

Grøne fine glass/apotekerglass.



Eg har hatt koseleg besøk av mamma, og ho hadde med seg

7 fine glass til meg. 
4 store og 3 små apotekerglass ( ? ).





Ho veit ikkje når ho har kjøpt dei, ei heller kor.
Men ei venninne av meg kallar desse for apotekerglass. 

Men eg har spurt etter desse i nokre år, og endeleg så fant ho 
ut at siden ho berre brukte eit av dei til buljong, så kunne eg få
overta dei. :)




Så no har eg fine glass til å ha krydder og anna i.


Eg har sjølvsagt klart å snopt meg litt på butikken og siden sist.
På Baronessa så hadde dei 50% på ein del varer.
Så då måtte eg jo berre ha denne fine koppen.
Fin til å ha blomar i.
Men må på jakt etter ein litt stor Husfred, for trur
denne koppen vil passe godt til det. 




Syntest den berre var så søt.


Kjøpte meg og ei korg, som eg ikkje heilt ennå veit kva
eg skal bruke til. Men eg finner no nok eit bruksområde til den og. 




I morra skal eg på kafetur med venninner, så skal ikkje sjå 
heilt vekk i frå at eg då plutseleg kjøper meg noko nytt då.


Men 1. oktober skal vi ha nytt Månadsmarknad her.
Og den gleder meg meg kjempemasse til. Skal prøve å få 
tatt bilete av den, eg gløymde jo det  sist.
Men håpar vi får forsette med desse marknadsdagane våre. 

Ha ein fin kveld vidare. :)







lørdag 10. september 2011

Lenge sidan sist. Men litt nytt.




Uff a meg, er alt for lenge siden eg har oppdatert. 
Men ting og tang har vært litt travle og vanskelege her. 

Forrige helg var eg på marknad her. Det var knallgøy. 
Det var sal av både nytt og gammelt. 
Eg fant meg nokre fine ting. Blandt anna to fine
gamle kofferter. Dei fekk eg for 100,-, ikkje verst pris det. 




Dei veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke til ennå, har ikkje bestemt  
meg for om dei blir kattesenger eller små stoler. 

Eg fekk og to rullar tapet gratis av ei som hadde tenkt til å kaste dei.
Dei tenkte eg at eg skulle ha på eit skap som eg er litt lei utsjåande på. 
Men fin tapet til det prosjektet. 




Og av alle fine ting så fant eg meg ei gammel sauesaks.
For berre 100,- for den og. 
Ja kva skal eg med den då? Nei veit ikkje, berre vil ha den.
I forrige århundre, å ca. nittenhundreogbrødmangel, eller 
deromkring så dreiv eg faktisk eit småbruk der eg hadde 
sauer. Så eg her klypt sauer med ei sånn saks.
Men eg trur ikkje eg saknar den perioden, eller? 




For to veker siden så var eg å besøkte barnebarnet mitt som atter ein
gong var innlagt på Haukeland. Ho har fått ei ny diagnose no.
Ikkje at den var noko betre nei. Du kan lese sjå denne youtubevideoen
men no er ho heldigvis oppdaga så tidleg at forhåpentlegvis så er
dette berre ein kronisk sjukdom som medisin vil halde i sjakk. 

Her sitter vi å koser oss med softis på Torgallmenninen i Bergen.
Fina vetlamollo mi. 



Då ønskjer eg alle sammen ein fin laurdag. 
Eg må springe av stad å vaske skrotten og restaurere ruinen, så
eg er klar til å gå på dans i kveld. :-)


.








torsdag 11. august 2011

The Lady of the Bling.


Ja det er berre til å innrømme det.
Alt som er litt "bling" ja det er ting eg vil ha.

Er nett så skjæren, alt som blinker er bra
å ta med seg. hehe

På tirsdag så måtte eg ein snartur over til Stord på
Sjukehuset der. Men siden det går så dårleg med båt
dit, så vart det litt ventetid.

Og den må en jo benytte godt. Så eg gjekk opp på Amfisenteret,
og var jo ikkje før komt inn døra og rett frem var det ein knallfin
bling-blingbutikk.  ( den heiter jo ikkje det, men eg husker ikkje
kva den heiter )




Først fant eg meg 3 nye skjerf. Eit lilla, eit svart
og eit med litt fleire fargar. Eg berre elskar skjerf og sjal
i alle fargar og variantar.




Og eit fint armband med masse dill og dall
på, er det ikkje fint?
Syntest dei engelplatene var så skjønne.




Og så fant eg eit fint med perler og eit nydeleg
hjarta på. Er litt glad i hjarte på smykker og
armband.
Og så var det desse 6 ringarmbanda. Dei er eg veldig
glad i, rislar og raslar når eg brukar dei. :)




Ja ein må jo sjølvsagt ha seg nokre ringar og armband
også når ein først er i gong å handle litt. hehe

Fant 3 par med øredobber, eit par med perler, eit par
med blanke steiner og så desse fine med kvite
blomar på.
Og så fant eg meg to ringar med blanke fine steiner.
( veit no at nokon tenker at nei ringer skal vere i gull
dei, og ja det tenkte eg og før, men eg har utvikla
allergi mot gull. *dåne* Men sånn er det bare ) .




Og dette nydelege hjartesmykket.
Det kan ein opne å ha bilete inni, så der
skal eg ha bilete av meg og gubbeliten. :)



Og til slutt så fant eg eit nydeleg armband i lillatoner.
Har leita lenge etter det. For i vår så fekk eg dette
fine lilla smykket av ei venninne som hadde vært i
syden. Og ringen fant eg på CityBag her.
Men altså ikkje armband, men.....no har eg det og. :)

Noko av dette var det 70% på, så det blei ikkje
så veldig mykje eg handla for. Ca. 600,- ,
og såpass må ein jo få lov å handle når ein
må på sjukehuset. hehe


Ha ein strålande fin dag alle sammen.