fredag 20. august 2010

Pay it forwardgåve og "fine" wallstickers. :)


I går fekk eg ein fin pakke i posten, den er frå

I den fine pakken var ein vaskeklut, eit fint
hjarte og eit kort.


Det eg no skal gjere er å invitere tre stykk til å
delta på dette. Legg igjen svar i kommentarfeltet og skriv
"eg vil delta" om du vil vere med på dette. :)


Ellers så veit jo alle at det er veldig moderne med Wallstickers
no for tida. Eg har funne nokon som kan passe oss her i
Sunnhordland/Hardanger.  Eller kva synest du om desse? 








Trykk på namnet til wallstickeren, så kjem du inn
til siden som selger desse.


Då ønskjer eg mine lesere og følgere ei
strålande fin helg. :)


Legg gjerne eit spor igjen etter deg, det setter eg stor pris på.



.

lørdag 14. august 2010

Merkeleg vær og ferdig med terrassen.



I går starta dagen med ein del regn, litt kjedeleg sidan vi skulle
køyre til Haugesund for å fixe bil og ha eine ungen til lege.
Men når vi hadde vært ei stund i Haugesund, så letta været litt.
Og når vi starta å køyre heim, så vart jo været bare betre og betre.
Og vi tok oss også ein avstikkar innom mamma i Ølensvåg for å helse
på og få ein god kopp kaffi. ( ja eg er kaffiavhengig.  :D )

Men til kvelden igjen skya det over med mørke skyer.
Og då fekk vi dette merkelege sol/skyefenomenet.
Sjølve bilete lyger litt på fargane, det var mykje meir
spektakulært i verkelegheita.


Då har vi fått satt opp del 1 av terrassen.
Ja det skulle egentleg berre vere denne delen då,
men så vart eg og gubbeliten så ivrige at vi fant ut korleis
vi kunne fixe på den andre gamle delen av terrassen.  hehe



Sjå bort i frå den raude rundingen, det er berre gubbeliten
som ikkje vil vere med på bloggen.  hehe
Men det er altså i enden av desse blå krukkene at
vi tenkte å lage til eit lite trinn ned, ca 1 meter bredt.



Så det er berre sånne ting eg fekk handla meg når vi var
i Haugesund i går.
Men men, det kjem no ein anna dag der eg kan kjøpe
meg ting eg har meir lyst på ja.  :D

Ha ein strålande fin laurdagskveld alle sammen.

Må gjere meg klar til grilling, får besøk av søsteren med familie,
så skal vi ned i stranda etterpå å tenne bål med resten av
bygda. Kjekt når vi kan samlast på den måten. :)


Setter stor pris på at du legg igjen eit lite spor etter deg. :)



.



mandag 9. august 2010

Kvardagsrot som vert kvardagsglede til slutt. :)



På laurdag fant eg og gubbeliten ut at vi kanskje
muligens kunne trenge ein litt større terrasse.
Så då var det berre til å sette i gong då. :)


Det er utviding av eksisterande terrasse denne gongen.


Vi starta med å grave ut til støttene. Då det er litt nivåforskjell
her på tomta. Vi har dessverre ei VELDIG skråtomt. Så
den er vanskeleg å gjere noko med. Så vi har funne ut at utvida
terrasse er tingen. Vi hadde litt materiale liggjande etter eit
prosjekt vi hadde i fjor. Men måtte ringe og bestille litt
meir materiale ja. Og heldigvis så var dei her klokka
08.00 i dag å leverte den.



Sidan vi fant ut at vi skulle gjere dette i helga, så har det vært
nokså rotete ute på terrassen. Men heldigvis så er dette rotet
snart ein flott terrasse. Vi elskar å sitte ute å nyte været. Ikkje det
at det har vært så mykje sol i sommar, men det har no vært
varmt då.



Her ser ein begge to terrassane oppe ved huset,
som vi har bygd saman, og så ser ein ned til
terrassen nedforbi huset. Der er det fint å sitte når det
blåser nordavind, for på grunn av mykje trær så tar ikkje
vinden der nede, heldigvis. Treng ein lun plass av og til.



Og sjå kor fin Persillen min er blitt. Eg elskar å ha persille
på potetene, rett og slett elskar smaken.

Men no må eg ut å byggje litt til, må jo verte ferdig med denne
terrassen min, så eg får sitte der litt før sommaren er over.

Legg gjerne igjen ein lite spor etter deg, så eg får besøkt deg også.


Ha ein strålande fin dag. :)



.

torsdag 5. august 2010

Bilder frå ferien og pølselaging. :)



Ja no er det no nokre dagar sidan vi kom heim
frå ferie. Men eg har vært så voldsomt i feriemodus
at eg knapt har gidda å slå på pc. :)

Men tenkte at eg skulle vise litt av kva vi gjorde når
vi var på ferie i Vik i Sogn.

Vi var på ein veglaus gard her:


Garden ligg innover Arnafjorden. Det er ein
veglaus gard, ein må i båt for å komme dit.
Tre gonger i veka går det rutebåt dit.

Det var meininga at vi skulle yste geitost når vi var der,
men det var for lite melk til overs for det.
Men vi fekk vere med å laga hjortepølse.
Litt kjekt. men ein del ting likte eg no ikke fullt
så godt då.
Som å vaske tarmane:


Gløymde å ta bilete av kjøttet før vi malte det.
Men kanskje ikkje så spennande uansett. :)
Men så var vi i gong med å fylle tarmane med
kjøtt til pølse: Det er hjort, geit og spekk
i denne kjøttdeiga:


Eg vart jo reint så flink til å tre tarmane inn på maskina
etter kvart. Det var faktisk ikkje så lett.


Sånn ser pølsene ut ferdig laga, dei er ikkje røykt, ein brukar
dei berre som middagspølse.
Men sjølvsagt smakar dei mykje betre.  hehe
( Eg eter ikkje pølser frå butikken *kresen* )



Når vi kom oss heim igjen var heldigvis
jordbær, bringebær ( både raude og gule ), solbær og rips modne.
Så det har no blitt plukka litt av det ja.
No ventar vi berre på Bjørnebær.



Nei, på tide å gjere litt til i heimen i dag også.
Merkeleg dette, uansett kor mykje ein ryddar og vaskar
så er det alltid noko å gjere neste dag også. hehe

Lovar at neste innlegg skal handle litt meir om
interiør eller handarbeid. :)


.




søndag 1. august 2010

Trekning av min Give Away.




Då har eg trekt dei tre som har vunne i min Give Away.




1. premie til : Laila Karin


2. premie til : Snuskebassa

Tredjepremien er forsatt ei overrasking. :)

3. premie til: Fossestua

Prøvde å legge inn bilete av trekning frå
Random.org men ser at eg ikkje fekk det heilt
til nei. Men det viser no vinner av førstepremien.



Min:
Max:
Result:
19
Powered by RANDOM.ORG"



sendt meg adressene deres til:
så skal eg få sendt dere premiene i løpet av veka. :)



.