lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år, og takk for det gamle. :)



Bekymre deg ikke for det som er forbi,


men vend deg til det som kommer.




Godt nytt år!






Ser dykk forhåpentlegvis neste år og. 
 

fredag 23. desember 2011

Lillejulafta og sneekpeek på eine julegåva mi.



Ja då er dagen før dagen komt.
I dag skal all adventspynt ryddast vekk og 
julepynten settast fram.




Til no så er det berre eit lite julatre, lysholdere og juladuk
som har komt fram hos meg.
Eg skal ikkje pynte ferdig til jul før i kveld.
Det er tradisjonen her.


Eg har hatt koseleg venninnebesøk i dag.
Ho kom 
med julagåva mi.
Ho har nemmeleg kjøpt ei flott stor kasse til meg.
*lykke*

Er den ikkje flott?




Ikkje den beste kvalitet på bildet, men det
er selgaren sine bilete eg har lånt. 

Av alle ting så kjem eg faktisk til å male denne kassa.
Eg pleier å sei at ting er finast i orginalversjon, men denne
må nok få litt maling og tapet sånn at eg får den til å 
bli sånn som eg vil ha den. :)


Ønskjer alle mine lesere ei strålande fin jul. 
♥♥♥

onsdag 21. desember 2011

Nytt søppelspann og anna gøy.



I går var eg i nabobygda her og henta meg eit søppelspann.

Siden eg såg eit sånt i ein blogg for ei tid tilbake så har eg
hatt veldig veldig lyst på eit sånt spann.
Men eg skal ha det ute som både lyslykt og bålpanne.

Men det var ikkje så lett å oppdrive, så eg søkte etter eit
på "Finn Kvinnherad" på FB. 




Og heldige meg, ein i nabybygda hadde eit dei brukte til 
brennbart avfall, om eg ville ha det, så kunne eg berre 
komme å hente det. 
Og da var sjølvsagt ikkje nei i frå meg. :-)



Eg har og kjøpt meg to fine vinballonger.

Dei var mykje større i røynda enn det eg trudde, 
burde sjølvsagt ha sjekka det først. 
Men men, dei er no fine er dei.
Denne vetle her er på 25 liter. 
Men med fin veving på oppsida og. 



Den store her er på heile 50 liter, så den skal det 
no vere god plass i. Men i mitt hus så får ingen lov
til å sette verken øl eller vin i dei.
Her er dei berre vakker pynt. :P

Eg har og kjøpt meg ei stor trekiste, men ei venninne
av meg har ei overrasking med den, så den har eg
ikkje fått i hus ennå. 
Men eg venter spent på den altså. 
Men det er jo snart jul, så får vi sjå kva som skjer.  hehe


Ønskjer alle ein superfin onsdag. :-)








torsdag 15. desember 2011

Eit lite bruktkjøp.



På FB så har vi her i kommunene vår eiga "finn.no" side.


Og i går så var det ei som la ut eit kjempefint telefonbord.
Det måtte eg jo sjølvsagt ha meg. 




Eg betalte berre 250,- for denne skjønnheten.
Det er frå 60-tallet og i teak. Det er eit par sårmerke
opp på plata, men eg får sjå om eg ikkje får pussa dei vekk, 
for eg vil ha den i orginalfargen. Einaste er at trekket på setet
kanskje må skiftast for å passe betre inn her. 





Sjå kor fine bein det er på den.
Vakkert!!




Flotte nydelege handtak på den benken.
Ja eg må berre sei at dette kjøpet er eg veldig fornøgd med.

Og den skal få lov å vere i sin opprinnelege stand.


Ha ein strålande fin dag alle sammen. 






tirsdag 13. desember 2011

Pynt frå Åhlens og vinnerlykke.



Her i veka så såg eg i Dagbladet noko fin pynt på Åhlens.
Men har vi den butikken her då? Neida.

Men eg la ut lenke til dette på FB, og der fekk eg napp, ei skulevenninne
som bur i Bergen kunne kjøpe dette til meg. 

Lykke 




Det var nokre fine raude epler i den annonsa.
Dei var berre så søte, så eg måtte ha meg 3 stykker av dei.
Tenkte dei skulle få liggje på eit lysfat i jula, når eg har
fått rydda vekk adventspynten min. 




Eg fekk ho og til å kjøpe to sånne juletrær, var ikkje dei og fine?
Er litt usikker på kor eg skal ha dei, men det vert heilt sikkert ei råd 
med det og skal eg tru. 

Ellers så har både eg og datteren min hatt vinnarlykke i det siste.
Eg nominerte ho på -nille sine sider til å vinne noko frå -nille
som eg hadde tatt bilete av.
Og då tok eg å la inn biletet frå forrige innlegg av den fine lyslykta mi.

Og ho vant nomineringa.
Kan sjå om det her  på innlegget frå 13. desember. 




Og eg sjølv vant eit gåvekort på 500,- på -nille.


Skal nok finne noko fint å bruke da gåvekortet på. :)

Ønskjer alle som er innom ein fin kveld. 






fredag 9. desember 2011

Fredag og da er helg.


Ja då var det fredag og helg igjen. 

I dag har eg vært på min sedvanlege kafetur med gode venninner.
Vi har innom -nille ein tur, måtte sjekke ut om vi fant meir fin
julapynt der. Og da gjorde vi. 




Eg kjøpte meg eit lyshus i flott blank "sølvmetall", for eg er sikkert 
ein av dei få som ikkje likar sink :)
Og inne det har eg ein engel, eit julatre, "sølvkuler" og "snø". 
Alt har eg funne på -nille. Flott butikk, sånn eigentleg. 




Sjå: er ikkje denne engelen søt?
Det er lys i den, blått fint lys til å pynte med til kvelden. 
Det er så fint når den står inne i lyshuset og lyser no i kveld.




Skulle eigentleg ønskje at det var lys i julatreet og, men kanskje 
det hadde blitt litt sånn "overkill"? 
Uansett så er eg kjempenøgd med dette kjøpet.





Men er det nokon som kan fortelle meg korleis eg 
får til å ta fine bilete av ting i glass?
Eg sliter så veldigt med gjennskinn, eller at bileta
vert uklare. 


Så må eg få ønskje alle mine lesarar ei 
strålande fin helg.  ♥♥♥