lørdag 29. januar 2011

Laurdag og revykveld.

Endeleg helg igjen.
Elsker helga, for då kan vi slappe av og finne på ting
ilag her i huset.

I går var eg og nokre venninner på vår
vanlege kafetur som vi har på fredagane.

Sjølvsagt må vi då innom diverse butikkar.
Og som regel vert det med litt småplukk heim også.




Her er ei samling av ting eg har kjøpt. Har satt
noko sammen på eit lysfat og nye blomar vart det og.




Desse fine lysestakene kjøpte eg på -nille. Ville egentleg
ha nokon i heilt sølv, men det fant eg ikkje, så då får
desse holde til eg finner rette typen. :)
Perlesmykkene kjøpte eg på Cubus, der det var 50% på
smykker og anna dill.




Engelen kjøpte eg på eit loppis i fjor. Synest den er så
søt der den sitter å holder på eit hjarta.




Så måtte eg ha meg to sukkulenter der eg hadde hatt
lyngplantene mine. For dei var ikkje så fine lengre.
Og sukkulenter har mykje større sjangse til å overleve
hos meg enn vanlege planter.  hehe
Men ser at det kanskje vart litt for mykje av det
dilldallet som følgde meg plantene, får sjå om
eg ikkje må fjerne det ja. I allefall litt av det.


Men no skal eg gjere meg klar til å ta ein liten tur ut i kveld.
Skal først ut å spise middag og så på revy med gubbeliten
sine arbeidskolleger.

Håpar alle andre også får ein superfin laurdagskveld. :)



Og i morra skal eg vere flink å ta meg ei bloggrunde og
samstundes vere flink å kommentere i dei bloggane
eg besøker.

Men når eg kjem inn i ein ny blogg, kan eg kommentere i
eldre innlegg om eg likar det eg ser der? Eller må
eg gå til siste innlegget for å kommentere? Kva
er kutymen for dette i interiørbloggland?


.







onsdag 26. januar 2011

Award frå Liselys. :)

Har fått ein koseleg award frå Liselys.
Tusen takk skal du ha, søte snille du. :)


Ho har ein kreativ og flott blogg. Nydelege
bilete tar ho også.

Med denne awarden følger ei forplikting, eg må
fortelje tre ting som eg likar.
Ikkje at det skal vere vanskeleg, eg likar mykje og
mangt eg.  hehe

1: Eg elskar å laga ting og tang. Det går mest
i div. garnhobbyar for tida.

2: Eg elskar loppis, for der kan eg finne ting som eg
kan lage om til andre fine ting utan at det kostar skjorta.
Og så kan ein også finne seg nokre fine skattar også.

3: Elsker desse kafebesøkene 1 gong i veka som eg har med
venninnene mine, det er sosialt og utruleg koseleg.

Og så skal eg gje awarden vidare til 3 stk, det er ikkje lett
er så altfor mange som fortener den. :)
Men her er dei eg har valgt ut:







Dette siste biletet har eg berre lagt inn for der er det
ting og tang som inspirerer meg til å lage nye ting.
Kjøper svært lite interiør ting for tida, er bare i smykke/
armband/øredobbemodus.  hehe

Men no får vi no sjå når dette halebeinet mitt
vert betre om ikkje handlelysta og interiørlysta
kjem tilbake. Men nett no er det litt vanskeleg når
eg ikkje når det som er nedanfor knehøgde.  :P

Ha ein strålande fin dag alle sammen.

.



torsdag 20. januar 2011

Siste rest frå Loppiset. :)

Beklager at det ikkje kom noko innlegg i går,
men var ikkje i form til å ta bileta av siste rest
av det eg fekk med meg frå loppiset.

Har prøvd med på å lage kollager i Picasa. Så
om bileta ikkje vert fine, så får eg finne på noko
anna til neste innlegg.

Eg er utruleg glad i fine glas-skåler og gjerne dei
med lokk. Og på loppiset fant eg både ei fin skål
med lokk og ei osteklokke.
Dei skal få pynte fint opp her hos meg ja.




Her er osteklokka, ikkje plass til store osten på den.
Men ein liten ost går fint. Men eg skal ha den til
å legge noko fint pynt på. Nett no så ligger ei lita
brikke eg har hekla og smykke og armband i hjarte-
serien som eg har kjøpt på Match.




Og i glas-skåla har eg lagt i kandissukker. Kjekt å ha
liggande til å putte i teen eller bare ta seg ein bit
om ein vert sukkersjuk. :)





Kjøpte også dette broderte biletet som eg berre
betalte 20,- for.
 Det skal få  henge i trappegongen i lag med åklet
som  eg har som bakgrunn her.
Eg er veldig glad i desse haustfargane.



Ha ein strålande fin dag alle sammen.
No skal eg kose meg med ein god kopp med
fruktte med kandissukker i. :)


.





mandag 17. januar 2011

Litt meir loppisskatter.



Fant jo sjølvsagt litt meir på loppis enn lommetørkler
og kakeboks. :)

Eg kjøpte meg vaffeljern, kromkakejern og gorojern,
av den gamle typen som ein brukar på omnen.
Tenkte dei ville vere kjekke å bruke i bålpanna, eller
med på tur om vi tenner bål.




Dei var i veldig fin stand alle desse tre jernene, men det
vaffeljernet skal få gjennomgå ein ordentelig vask,
for det har tydelegvis blitt brukt over open ild ja,
så det er mykje fastbrent sot på det utvendig.
Nokon som har ein ide kva eg kan vaske det
med utan å øydlegge det? Det er i støpejern.
Og kva er det brettet som ligg inni gorojernet til?




Hm.....får ikkje til å snu biletet rett veg. Men reknar
med de kan sjå det fine goromønsteret.
Gleder meg allerede til neste jul eg. :)




Og kormkakejernet kan ein jo bruke heile året, er fint til å
lage kjeks til isdesserter på sommaren.
Enten forma som skåler eller som kremmerhus.




Ja så måtte eg sjølvsagt ha med med nokre norgesglas
med heim. Er så greie å oppbevare ting i.
Om de ser godt etter så kan de sjå at eg har hatt små
kubbelys i det eine glaset.
Men tenkte eg skulle lage med nålepute og
nåleoppbevaring av det eine glaset, kjekt å ha
når ein sitter å skal sy. :)


Så får vi sjå om eg rekk å blogge resten i morra, eller
om eg må vente ein dag til.
Har ein del møter ang. gutane mine, så her går
det i eit sett heile tida.

Men no her heldigvis all snø og is vekke, så ein
kan bevege seg ute utan å verte redd for å ramle
og slå seg halvt i hjel ja. Deiligt!  :)

Ha ein fin kveld alle sammen.


.

søndag 16. januar 2011

Litt frå fredagens loppis.



Ja fekk no med meg litt heim frå fredagens loppis.
Har aldri vært på ein loppis med så mykje folk før.
Det var så trangt at vi stod og dyttet i kvarandre heile
tida. Men dette var frå eit dødsbo etter to eldre damer,
så det var mykje fine ting ja.
Og i går kjente eg det veldig godt i halebeinet mitt
at dette nok ikkje hadde vært ein god ide.
Men men, fant no meg litt fine ting, så eg er no glad eg gjekk.
Men det var eit nytt loppis på laurdagen og det klarte eg
ikkje å gå på, diverre. :(

Noko av det eg fant var gamle fine lommetørkler som enten
var brodert på eller påsydde fine kniplingsblonder.





Fant heile 15 stk + to med blonder som var innpakka i eskene sine.






Sjå kor fine søte broderi det er på dei.
( beklager dårlege bilete, men eg klarer ikkje å bøye
meg så godt ennå, så alt er tatt inne på kjøkkenbenken )






Og her er det desse søte blondene, enten som kant rundt
eller i eine hjørnet på lommetørklene.






Og dei to søte som forsatt ligg i eskene sine.

Fant også ein fin kakeboks med kristorn på,
så den var litt julete.






Men inne i lokket er det oppskrift på Hindu Krydderkake,
så den skal gubbeliten få lov å prøve å lage til meg
i neste veke. :)






Bilete av dei andre tingene kjem i løpet av veka.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med desse fine
lommetørklene, dei passar liksom ikkje heilt inn i min
stil. Men eg lurte på om eg kanskje kunne laga eit fint
lappeteppe av dei? Eller er det å øydelegge fint handarbeid?


Er det nokon som også kan forklare meg korleis eg kan
kommentere lettare i bloggane?
Som regel så må eg logge inn, skrive kommentar,
så trykke på innlogginga ein 2-3 gonger til før kommentaren
vert godkjent.
Og no når eg ikkje orkar å sitte her så lenge om gongen,
så vert det mykje mindre kommentarer frå meg,
fordi at det tek så lang tid.
Vil jo rundt å sjå på kva de gjere også. :)



.







fredag 14. januar 2011

God helg. :)


Tittar innom ein liten tur for å ønskje
dykk alle ei fin helg.

Eg klarer forsatt ikkje å sitte så lenge om gongen,
så blogg og data har blitt nedprioritert i det siste.

Men eg har vært på kafebesøk og shopping i lag
med tre venninner på onsdag. Elsker dei dagane
vi får det til å klaffe for at alle kan møtast. :)

Kjøpte meg litt forskjelligt.
Men det eg er mest glad for er denne flotte tekoppen
som er kjøpt på TilBords.


Eg brukar den som kakaokopp. Plass til masse
god kakao med krem og O`boy på toppen.
Snakk om Lykke. <3


Siden eg ikkje klarer å gjere så mykje heime, så har
eg brukt fritida mi til å strikke litt.
Har fått strikka 4 halser og ei baggylue.
Ikkje så værst det heller. :)


Ein treng jo gode og varme halsar no når det er så kaldt ute.
Men no har dei lova mildvær til helga, og det håpar eg held
stikk, for då er det kanskje muligt for meg å få gått ut å
få nyte dagen litt.

Barnebarnet mitt her no heime på permisjon for tida, og
det er godt at ho slepp å ligge inne på sjukehuset heile tida.
Blodtrykket er stabilt, så no venter dei berre på at ho skal bli
operert. Enten på Rikshospitalet eller i London. Legane i London
har ikkje bestemt seg heilt ennå kva dei vil gjere og kor dei
vil gjere det.
Sjukdommen hennes heiter: Nyrearteriestenose

Dei er no søte desse to fine barnebarna mine.



Ønskjer alle mine lesare ei superfin helg. :)



. 





tirsdag 11. januar 2011

Putekrigutfordring.



jeg ble utfordret av Mitt Hvite Skattkammer til ål vere med på ein
putekrig.
Eg vil gjerne at du og skal utfordre fem stykker til å bli med.
Skriv ein kommentar under her når du har gjort det, så kan
eg og gå innom de og sjå.
Skriv gjerne kor de har kjøpt putene så vi andre veit kor
vi kan få kjøpt dei.
Husk vi har ikke mer gøy en det vi lager sjølv .... så bli med på dette jenter ....
Eg utfordrar herved :


Eg er ikkje den som har flest puter, iallefall
ikkje fremme i stova.
Men her er nokre bilete av dei eg har fremme.


Care Bearputen som eg sydde av eit stoff som eg bestilte frå USA
for nokre år siden Den er sydd på eit rutete raudt stoff som eg
tenkte eg skulle ha til juleputer, men ombestemte meg.
Vart litt for mykje ruter til det. .
Tenkte at eit lite barn skulle få den, men "lille
egoistiske" meg vart så glad i puta at eg vil eige den sjølv.  hehe.


Desse to putene har eg arva etter min farmor, så dei tek eg
godt vare på. Dei laga så mykje fint handarbeid før i tida.


Den kvite puta har eg kjøpt på Europris om eg ikkje tek heilt
feil. Den lilablomstrete fekk eg hjå ei venninne og den siste er
ei som følgde med sofaen. Den skal få eit nytt trekk når eg finn
noko som vil passe inn med dei to andre.
Desse ligg i tresetaren. På andre sida av tresetaren har eg desse:


Ja eg likte så godt den lilla puta eg fekk av venninna mi at eg
faktisk kjøpte meg to til.
Den andre ligg i tosetaren her:


Og den ligg i lag med ei eg sjølv har sydd. Det hender inn i mellom
at eg finner ut at det faktisk er gøy å sy. :)


Ha ein fin dag alle sammen.


.



torsdag 6. januar 2011

Ny "bestevenn" og trøsteshopping. :)




Eg har fått meg ein ny "bestevenn" for tiden.
Som sikkert fleire med meg har oppdaga så er det
til tider himla glatt ute. Til og med når ein har brodder
på skoene kan det gå gale.
Sånn ser "bestevennen" min ut:




Neida, badesesongen er ikkje starta her nei, eg ramla
nemmeleg på vegen i går. Så eg sitter no her med eit
brekt halebein og prøver å vagle meg på
denne baderingen. Den hjelper jo litt då.

Men men, det betyr at eg kan bruke all tida mi på den
strikkinga som eg ikkje har hatt tid til tidlegare. :)

Men siden eg syntest litt synd på meg sjølv i går, så
måtte eg jo innom nokre butikkar i går etter at eg
hadde vært på Apoteket og henta ut litt smertestillande.

Så då vart det nokre nye smykker til meg. Og litt
ny pynt til huset. No er ikkje bileta så fine, for har
visstnok litt problem med å bøye og tøye på meg.  hehe

Men var no vel fine smykker, ørdobber og armband?
Er sikker på at du er enig med at dette fortener eg som
ramla og slo meg, ikkje sant?  :D




Og så var det nokre fine hjarte i fattigmannssølv som hadde
så lyst til å bli med meg heim. :)




Lysestakene i sølvplett kjøpte eg på loppis i fjor vår.
Trur eg betalte 15,- pr. stk. Ikkje værst pris for fine
lysestaker nei. Fatet fekk eg til jul, men då var det fylt
med gode julekaker, men dei har vi spist opp ja.

No må alle vere snill å vere forsiktig når dei bevegar seg
utandørs. Brudd er ikkje kjekt å ha, da gjere litt vondt faktisk.  hehe

Ha ein fin dag alle sammen. :)


.