søndag 30. mai 2010

Loppis og bruktfunn.


I dag har eg vært på loppis.
Der fant eg mykje rart og mykje fint..

Blandt anna dette fine fatet til den
nette sum av 5,-, nesten alle ting
kostet 5,- på dette loppemarkedet.
Det treng berre ein vask, så
har eg eit fint serveringsfat.


Eg fant også ein stresskoffert.
Det var mange som gjekk rett forbi den.
Men nysgjerrig som eg er, så måtte eg no
sjekke korleis den såg ut inni.
Og stor var overraskelsen når den
inneholdt mange ulike kjøkkenkniver
og eit biffbestikk til 12 personer.



I går var eg og ei venninne på tur til
BruktLise i Uskedalen, men på vegen så
svinga vi innom SIM, som er den lokale
søppelstasjonen, der er dei ei bu som
folk kan sette frå seg fine brukande
ting. Og der fant eg to tinnvaser og
ei tinnskål.


Denne skåla og bestikken fant eg
på loppisen i dag, dei var berre 5,- stk.
Er ikkje sikker på kvifor eg plutseleg er
starta å samle på tinn.
Men no synest eg at det er rett
og slett nydeleg. Sjølv om eg for nokre
år sidan sa at det var noko eg aldri
skulle ha i hus. :)


Desse to sølvplettlysestakene fant eg
også på loppisen i dag. Betalte 15,- for dei.
Slett ingen upris for to fine lysestaker.

Fant no nokre fleire fine ting, men dei
får eg ta og vise frem ein anna dag.


Aldri se ned på noen, med mindre du hjelper dem opp.


˙·٠•●♥ Ƹ̵̡Ӝ̵̨̄Ʒ ♥●•٠·

mandag 24. mai 2010

Fat med bønn.

Tre små fine fat.
Desse tre fine fatene er eg veldig glad i.
Dei to øverste har eg kjøpt på loppis for bare
5,- kroner fatet.

Men det var ikkje noko lett å få tatt fine bilder av dei.
Fekk heile tida blitzskinn i fatene. Eller dei vart
så utydelege. Men håpar at de ser på desse tre bileta
kor fine dei er.


Fader vår.


Fader vår.

Kjære Gud.

Men dette siste fatet fekk eg hjå mormor og morfar, så
det betyr litt meir for meg enn dei to eg har kjøpt på loppis.

Men det er bare det nederste eg har hengende på veggen,
for ungene vil ikkje lengre ha dei på sitt rom.
Men skal vel alltids finne ein fin plass til dei, enten
her i huset eller hjå nokon andre. :)


♥ Så vakker en dag kan være
når den blir berørt av godhet.♥


torsdag 20. mai 2010

Vinne teppe frå Pledd.no?



Prøver meg på endå ein konkurranse for å vinne
dette fine teppet frå Pledd.no eg. :)






Fant konkurransen her: hcecilie.blogg.no 




onsdag 19. mai 2010

Symaskiner og steinheller.


Eg har tre symaskiner. Ei heilt vanleg
Berniamaskin. Men så har eg to som eg er litt
glad i. Den som heiter Alfa har eg fått av min
farmor. Den er tung som fy, men er jo da så nydeleg.
Det er heil kasse med til denne maskina, men den står
fremme utan lokket på. Må jo få vist den frem. :)


Den andre maskina her har eg fått av min svigermor. Det er
hennes svigermor sin gamle symaskin. Begge to virker heilt
fint. Den øverste er nyest, så den kan også sy siksaksømmer.
Men det er ikkje lett å sy samstundes som ein skal sveive
rundt sveiva.

I går kom min snille svoger på besøk.
Og han hadde med seg ei heil palle med skiferstein.
Dette er tynne tråpesteiner. Eg skal ha dei utanfor
døra mi. Håpar det vert fint. For nett no så er det
berre betong der, og det er IKKJE fint.


Takk for at du tittet innom siden min.
Ha vidare ein fin dag. :)


Prøv ikke å bli vellykket,
prøv heller å bli ett verdifullt menneske.


søndag 16. mai 2010

Gamle reklameskilt og mjølkespann.


For to år siden så holdt butikkene her på med flytting  og ombygging.
I den forbindelse så kasta dei utruleg mange fine ting.
Eg fekk blandt anna tak i to fine gamle reklameskilt i metall.

Cailler MilchChocolade.
Men trur ikkje dette skiltet er norsk,
er det nokon som veit kor eg kan finne ut dette?


Maggi
Kva dette Maggi er, det veit eg ikkje, men ser ut som ein
medisinreklame for meg.
Eg har hengt dei opp på veggen i loftstova, men er ikkje sikker
på om det er rette plassen for dei. Men dei får henge der inn til
eg kjem på ein betre plass for dei.


Eg har lenge vært på jakt etter eit mjølkespann,
men det er det ikkje noko som er lett å finne nei.
Men på fredag fekk eg telefon frå ei eg kjenner.Ho skulle
kvitte seg med ei lite spann som ho hadde hatt blomar
i og lurte på om eg var interessert.
Klart eg var. :)
Eg skal ha hengenellik i det trur eg.  Men fant ikkje det på
butikken i går. Så då får vi sjå kva dei får inn på tirsdag.

 

Ynskjer alle ei strålande fin 17. maihelg.


tirsdag 11. mai 2010

Nye stovemøbler og gjester. :)


Ja det tok nokre dagar før eg fekk tid til å blogge no.
Har fått besøk av min eldste datter med familie.

Men no har eg altså fått i hus dei nye stovemøblane mine.
Det er gode møbler å sitte i og så ser dei mykje finare ut enn
dei gamle som no ligger på søppelplassen.
Nei det var ikkje møbler som andre kunne hatt
nytte av, det var dei for utslitte til.
 Men ser eg stresser litt no med ein 3 åring i hus.
Er litt redd for fingermerker osv. :)


Her er dei to stolane eg skal ha som
reservestolar når vi får besøk.
Men er ein fin krok å ha å sitte å
halde på med handarbeid i for meg.

Men ser at det bordet skal skiftast ut ja.

Den fine klokka på veggen har eg arva etter besteforeldrene
mine frå Førde. Elsker den lyden den lagar når den slår
timeslagene.




Her er bilde av mine to søte fine barnebarn.
Julie på 3 år og Martin som er 1 måned i dag.
Er dei ikkje skjønne vel?


Ha vidare ei fin veke.

tirsdag 4. mai 2010

Utfordring og besøk.

Utfordring.

Fant ein utfordring hjå Veronica`s ting, litt av alt.
Du finner bloggen her: http://veronicasting.blogspot.com/

5 ting eg vil lære meg

1: Eg vil lære meg å kniple.

Eg har hatt eit kniplebrett i fleire år, men har ennå ikkje fått til
å kniple ferdig noko. Har prøvd fleire gonger, men sliter litt
med å finne ut av dette.

2: Dyretolk.

Såg Veronica skreiv dette i sin blogg. Og etter å ha
måttet ein tur til veterinær med eine katten min i dag,
då forstod eg at å være dyretolk og kunne kommunisere
med dyr må vere fantastisk.

3: Japansk.

Eg kunne tenkt meg å lære meg japansk, ikkje fordi at eg
kunne tenke meg å reise dit, men fordi at dei har
så utruleg mange fine strikke- og hekleoppskrifter. :)

4: Lære meg å forstå gleden av brettspill.

Har forstått at ungene mine har sakna å kunne spele
brettspill med mammaen sin ( godt dei har ein pappa som
har vært flink på det området ).
Men eg klarer ikkje å finne noko lyst eller glede over å
spele den typen spel.

5: Tolmodighet

Eg har så lyst til å lære meg å ha tolmodighet.
Eg er ein veldig uroleg sjel. Er ikkje før starta på noko,
så er eg lei av det og tenker på neste prosjekt.
Lurer på om det er derfor eg har ganske mange
UFOer ( uferdige objekt ) av strikke- og hekleprosjekter.

Ikkje nett dei store tingene eg vil lære meg. Men når ein
er blitt 41 år, så har ein no vel lært seg ein del nye
ting i livet, trur eg. :)


Eg har også fått besøk.
Det er min eldste datter med sambuar og barn som er
komt på besøk.
Er ikkje barnebarna mine søte.
Det er Julie på 3 år og Martin på 3 uker.




Ynskjer alle mine lesere ein strålande fin dag vidare.
Her skinner sola deiligt inn vinduet.
Er så skjønt no når våren er komt.

søndag 2. mai 2010

Gjenbruk av gamle eplekasser.

For to år sidan fekk eg tak i 4 fine gamle eplekasser.
Dei har eg satt sammen som ei lita hylle i stova.
Synest det vert fint med desse fine kassene til å
vise frem ting og tang eg er glad i.

På venstre side av kassene kan ein sjå eine
rekvedlysestaken min. Dei kjøpte eg faktisk
hjå på eine rørleggjerbutikken her.

Og på høgre sida er det ein boks med fleire bøker
om bibelen berekna på unger,
den fekk eg av mine besteforeldre då eg var lita.



I den kassen som står på høgkant har eg eit madonna
med barn i. Den har eg sjølv laga av gips.
Dei to fine ungene i hender fekk eg til jul av ei venninne.
Ser dei litt dårleg på bilde, så skal få tatt nytt bilde av dei
ein anna dag. Dei er også laga i gipsformer.



Og til sist så vil eg vise eldstekatten min Odd.
Det er ingen liten katt dette, han er over 6,5 kg.

Han kan verkeleg dette med å nyte livet. :)



Ha vidare ein fin søndag!  

lørdag 1. mai 2010

Teppe frå Pledd.net


Eit sånt teppe som dette kunne eg tenkt meg til eit av
barnebarna mine.
Litt vanskeleg  å velge ut til bare eit av dei, men då kan
eg få råd til å kjøpe teppe nr 2 om eg vinner her.

Dette er ein konkurranse som eg fant her:

Ein kan vinne eit teppe i rosa eller blått.
Som er sponsa av http://www.pledd.net/
Teppet koster egentleg 998,- ,
men er for salg til 549,- nett no.
Ein kan få ingravert namn, dato osv.
Teppet er laga av økologisk bomull.
Teppet er allergitesta og miljøvenneleg.


Kryssar fingrane for at eg kan få vere
så heldig å vinne eit sånt teppe til eit av barnebarna mine,
så kan eg heller ta meg råd til å kjøpe det andre. :)



I neste veke får eg forhåpentlegvis dei nye
stovemøblane mine frå Møbelringen.
Har lånt bilder frå Møbelringen for å få
vist de kva for møblar eg har kjøpt meg.

Har kjøpt denne sofagruppa,
men bytta ut stolen i ein ørelappstol med pall.




Eg har kjøpt dette salongbordt + hjørnebord i samme
stil til salongen.



Har også kjøpt to slike stoler, men uten pall som skal stå i
eit hjørne for seg sjølv. For det er greit med ekstra
stoler om ein vert fleire rundt bordet.



Så har eg bestilt desse hagemøblene.
Dei vert kjekke å ha når grillsesongen starter.
Bordet har ei innleggsplate som gjere at det kan
plasserast 10 personer rundt bordet. Så då vert det
plass til oss + gjester.
Og håpar vinden roar seg ned litt i dag, for då skal vi
grille i dag også.




Gratulerer med dagen til alle som feirar 1. mai.
Og ynskjer alle vidare ei fin helg. :)