onsdag 29. februar 2012

Kommoden min.



Eg trengte ein ny kommode her i huset, så då
tenkte eg at Finn Kvinnherad måtte no vere plassen
å leite fram om nokon har ein kommode.
Og gjett om eg fant då. :)





Det var ingen trekvit kommode sånn som det såg
ut på biletet, den er jo i teak. Me like.
( sjå vekk frå ledninger oa. dei er der uansett. hehe )




Øverste skuffa er det lås på, noko som kan vere ein fordel 
av og til. Men eg må prøve å få fatt i "nøkkelhullet" for det 
var borte vekk. 




Fine handtak i tre til skuffene. Synest dei var fine,
så dei blir nok ikkje bytta ut. Likar at ting er sånn som
dei var opprinneleg eg. 




Og fine svarte bein til den var det og.
Og ser du fillerya den står på? Den har søstra mi
laga til meg. Den er vevd på gamalt sengetøy som
eg hadde når eg vaks opp. Så den er litt spesiell ja.


No skal eg snart ein liten tur på treff på Stord, 
gleder meg.

Ønskjer alle som er innom ein strålande fin kveld.










tirsdag 28. februar 2012

Meir til kjøkkenet.



Den andre tingen eg kjøpte meg på Finn Kvinnherad er
ein oppbevaring/holder til smågodt eller til taco td. 
Nydeleg i brunt og oransje. 




6 små skåler i ei form, der eg kan servere smågodt, 
eller taco. Sikkert andre ting og om eg berre kjem
på det. :)
Det er jo ein stor foredel at skålene kan
takast utav forma og vaskast seperat. 




Og enkelt å greit å servere frå, siden det er handtak
til å bære den fram og tilbake med.
Og så må eg no ein gong til få sei at eg elska dei
fine fargane på den. 




Sånn ser den ut når du har tatt ut skålen, ein fin 
blomeform. Så ein kan bruke haldaren og skålene for 
seg sjølv og få med seg litt meir.

Men i morra så skal eg syne dykk den fine kommoden
eg har kjøpt meg. Trudde den var trekvit, for såg sånn
ut på biletet, men til min store overraskelse så var
den faktisk i teak, og til den nette sum av 250,- . *lukke*

Ha ein fin kveld vidare. 




mandag 27. februar 2012

Finaste kaffikoppane. :)


Prøv å gjett kor eg har vært i å leika meg?

Ja eg har nok vært innom Finn Kvinnherad igjen eg.
Hehe, er vist starta å bli ei vane eller uvane dette.






Men der såg eg dei nydelege fine kaffikoppane.
Har leita på loppis og på marknaden her etter sånne.
Er dei ikkje berre rett og slett nydelege?




Og i ein nydeleg vårgul farge, og på eit flott
brett, så det er lett å servere gjester kaffi.
Blir fint å servere kaffi til gjestane ute i sommar
i desse nydelege koppane. 




No har eg jo sett både i bloggar og på FB at fredagskvelden
så skal ein slappe av med eit godt glas med vin.
Men eg er ikkje noko vinmenneske, så min fredagsfavoritt
er kaffi med Bayliss.
Og då har eg først Baylissen i mjølkeskummaren min, så 
opp i med kaffien. Ny vri på CafeLatte. :)




Og etter bruk, så deler ein berre av glasskoppen frå 
kopphaldaren. Glaskoppen i oppvaskmaskina og så 
skyller ein av kopphaldaren. Isipisi.


Og i morra så skal eg syne dykk den andre tingen eg
fekk heim i dag. See you later. :)




lørdag 25. februar 2012

Lerduer. :)


Av og til når eg ser ein ting, så får eg
ein ide om at dette kan jo brukast til noko
heilt anna ja. 




Og på finn Kvinnherad så såg eg ein som hadde
lagt ut lerduer for salg.
Ikkje det at eg er så veldig interessert i leirduer
til vanleg, men desse hadde akkurat den 
fargen eg trengte til nokre telysestaker som
eg nett kjøpt meg på -nille.




Eg vart heilt fasinert av den flotte orange fargen på
desse lerduene, så eg kontakta selgaren for å "tigge" til 
meg nokre av desse fine lerduene. 




Og desse fine telysestakene frå -nille
passa jo som hand i handske på desse lerduene.
Så no brenner eg telys og kosar meg med den vakre 
pynten eg har fått meg i stova. 




Og så gjorde det jo ikkje noko at -nille hadde salg
på telys heller. 9,- kroner for ein boks med telys
i plastformer i stadenfor aluminiun. For av og til så er desse 
lysene finast å bruke.

Ha ein fin laurdagskveld. :)




torsdag 23. februar 2012

Litt meir retro. :)



Ja no er det nokre dagar sidan eg fekk desse 
fine tinga, men minnekortlesaren min var defekt så 
eg måtte komme meg på butikken for å kjøpe ny.



Dette sybordet fant eg på Finn Kvinnherad på FB.
Eg fekk da for den nette summen av 400,-.
Ikkje verst for eit så vakkert bord. :)




Ei god skuff der eg kan leggje sytråd, synåler osv.
Skal bli kjekt å få ta dette i bruk. 




Og ei stor skuff under der eg kan få plass til eit strikketøy
og to. Og ev. litt garn. Nydeleg. 




Og så fekk eg melding i innboksen min på FB, der ei sa
at ho hadde to sånne stolar som eg kunne få, om eg
kom å henta dei sjølv.
Klart eg kunne henta dei. :)
Nett no så står dei i gongen, for eg klarer ikkje heilt å 
bestemme meg for om eg skal ha dei i stova
eller om eg skal laga til meg ein godkrok på soverommet. :)
Men er den ikkje fin. Bilete av begge to ilag var for dårleg
til at eg kunne leggje det ut.

Og i morra er det fredag, altså kafe- og shoppingdag.
Men skal sjå at eg berre shoppar gjennom FB, det er no
der eg har funne  dei andre skattane i det siste.



Og av alle ting så er det loppis i Uskedalen på laurdag,
men diverre så kjem eg meg ikkje dit. *krise*

Jaja, 13. mars så er det eit nytt loppis, håpar på sjangs
til å komme meg på det idet minste.

Ha ein fin kveld. :)







fredag 17. februar 2012

I ♥ vinyl.



Eg har investert i ein ny platespelar, sånn at
eg kan få spelt vinylplatene mine.
Elsker lyden av vinyl. :)




Den er jo bare vakker i seg sjølv faktisk,  men den 
er heilt ny men ser gamal ut. Vakker!!
Den kan spele LP, EP og 78-plater, kasett, cd
og det er usb-inngong, sånn at eg kan ta opp frå dei
andre mediene. Ja det er til og med radio og på den. 




Så no har eg høyrd på John Fogerty, Smokie, og mange
andre flotte artistar på ekte vinyl igjen. 
Og så har eg jo sjølvsagt  ei fin plate som minner meg
om barndommen. 




Kven huskar vel ikkje Geir Børresen og Smurfene. :)
Men eg skal på jakt etter dei andre platene av dei, for
kan jo ikkje berre ha ei. :)




Og denne fine vasen fant eg på Finn Kvinnherad
inne på FB. Må eigentleg innrømme at eg handlar kanskje
vel mykje der inne, men den var jo berre så vakker,
og den passa så godt her ilag med dei andre tinga mine.


I morra så håpar eg at eg får henta meg eit sybord i teak
som eg har kjøpt meg. *lykke*
Men mamma har ein kvit og svart krakk med 
oppbevaring som eg og godt kunne tenkt meg, ( jada
mamma er innom å leser, så dette er eit hint ja).

Ønskjer alle som er innom ei strålande fin helg. 












søndag 12. februar 2012

Finaste radioen er blitt min. :)



Atter ein gong har eg vært inne på
Finn Kvinnherad på FB, og eg finner meg alltid
noko veldig fint der. Og siste kuppet er eit
superfint radioskap.




For dette radioskapet måtte eg berre 
betala 500,- , det er nesten ingenting, i allefall
i forhold til kor mykje glede eg vil få av den. 




Dette er ein Tandberg Supersilver 75-14.
Dei vart produsert mellom 1959-1961. Eg hadde
jo tenkt å ha platene mine i den, de kan sjå at dei ligg
inni. Men det er altså ikkje plass til dei, for den er laga til
for dei 78-platene som var på den tida. 




Og no kan eg høyre på radio i stova, sjølv om FM-senderen
berre går frå 87-100 MHz, så er det jo nok av kanalar
å velgje av.




Skulle sikkert ha laga eit morsdagsinnlegg i dag, siden
det er morsdagssøndag i dag. Men vi feirer ikkje morsdag
og farsdag, vi feirer oss sjølv heller titt og ofte utanom. :)

Og når eg får ein sånn fin radio på døra, ja då kan da
vere nett kva dag da vil, for meg er det ein lykkedag 
i allefall.

Ønskjer alle mine lesarar ein flott søndagskveld. 




lørdag 11. februar 2012

Lysfat i vårlege fargar.



Var innom -nille her om dagen, då såg
eg nokre fine telysestaker som eg fekk lyst på.



Og så var det nokon fine blomar som hang
på 70% hylla som eg syntest passa godt inn i
litt vårleg tema ( sjølv om eg mistenker at dei
eigentleg høyrer til haustpynt ). 





Nydeleg oransjefarga på dei, ikkje sant?
Syntest dette lysfatet får vårlege fargar når 
eg brukar grønt og oransj og gult. 




Og alt står på eit lysfat eg kjøpte meg på ein nydeleg
interiørbutikk som diverre er nedlagt no. Den hadde 
så mykje fint for alle.
Fatet står på ein duk som eg har gimpa sjølv. 




Duken er gimpa i eit garn som heiter flammegarn.
Det finn eg diverre ikkje på butikkane lengre. For eg synet
dukar som er gimpa blir finast i flammegarn, eller at ein
brukar ulike fargar på kvar omgang.


Eg hadde eigentleg tenkt å syne dykk ein fin radio som
eg har kjøpt meg, men fekk melding her i stad at den 
vert ikkje levert før i morgon, så då får vi sjå om 
eg ikkje må blogge då og. :-)

Ønskjer alle ein flott laurdagskveld. 




onsdag 8. februar 2012

Glasbrikker.



Desse fine glasbrikkene fekk eg av ei 
venninne som hadde stand på Månadsmarknaden.

Dei var blitt "svarte" siden dei ikkje var blitt
pussa på ei stund. Ho har shabbychick-stil
hjå seg, så då skal dei jo sjå sånn ut. 




Men som sjølvutnemd Lady of the Bling, så kan
jo da ikkje sjå sånn ut når det skal vere pynt
heime hjå meg. hehe




Lurer av og til på om eg har vært ei skjor i mitt
forrige liv, sidan eg er så glad i alt som blenkje. ;)
Men sjå då................
Vart det ikkje fint og skinande no?




Sånn skal dei sjå ut, då er dei fine då.
Ikkje sant?
No kan kaffikoppen min stå på eit fint underlag
og så får eg beskytta bordet mitt mot flekker. 




Så var det å ta bilete av dei andre skattane eg fekk
meg på Marknaden. Må jo syne dykk dei og.

Ha ein fin dag vidare. 




søndag 5. februar 2012

Eg fant eg fant. :)


I går så var det atter ein gong Månadsmarknad
på Husnes.

Og det er alltid like spennande kvar gong om eg finn
meg ein skatt eller to. 




Denne gongen var eg heldig og fant meg fleire
fine ting.
I dette innlegget vil eg vise dykk den nydelege
vekta eg fant. 




Karianne heiter den vist, og fin og vakker er den og.
Den kosta meg faktisk ikkje meir enn 75,- kroner, syntest
det var billig for denne vakre vekta eg. 




Eg har jo eigentleg ei fin vekt frå før av på kjøkkenet,
men den passar liksom ikkje heilt inn hjå meg lengre, 
du kan sjå vekta her: Grøn kjøkkenvekt.


Så eg har avtalt meg mamma at ho kan få ha den på
hytta si, men då skal eg til gjengjeld ha noko av 
hennes fine 60-70-tallsting. :)

I morra skal eg vise dykk litt meir av skattane eg
fant meg på marknaden.
Ha ein fin kveld.