mandag 27. juni 2011

Lite nytt som skjer.



Det skjer lite nytt her på denne kanten.

Men eg har jo sjølvsagt fått med meg kafebesøk med
venninner siden sist eg blogga.

Einaste eg fant meg då var denne flotte kakaokoppen
med frukostfat på -nille.




Siden sommaren forsatt ikkje har tenkt å komme,
så er det godt med ein kopp med varm
kakao om kveldane.
Så den har vært eit godt kjøpt denne koppen. :)





Det skjer diverre lite nytt her på denne kanten, derfor
er det så dårleg med oppdateringar.

 
For formen er forsatt ikkje på topp, men no er det
berre ei veke igjen med pencilinkur og så
ein tur tilbake til sjukehuset. Håpar dei får fixa dette
her for no er eg rimeleg lei av å vere sjuk.
 
Sitter for det meste å leser eller hekler babytepper.
Teppene skal eg sende til Prematurstrikk til SUS ,
det er ei hobbyvenninne av meg som har starta
denne FB-siden.



Før eg starta opp denne bloggen så holdt eg for det
meste på med handarbeid.
Men så "maste" Mitt hvite skattkammer så
på at eg måtte starte å blogge igjen, så sånn
vart denne bloggen til. :)
 
Skulle gjerne vist dykk den forrige bloggen min,
men den er diverre blitt hacka. Og eg har ikkje sett
det som nødvendig å betale for å få den tilbake,
siden den har vært lagt brakk i over eit og eit halvt år.


 
Ønskjer alle ein fin kveld.
 
 

Og så skal eg prøve å ikkje la det gå 12 dagar til
neste oppdatering.

.

onsdag 15. juni 2011

Venter på sommaren.



Sitter her å venter på sommaren, det
ser jo ikkje ut som om den heilt vil komme
i år, diverre.

Men når den endeleg kjem, ja då skal eg kose
meg med desse herlighetane her:



Som eg håpar gjer meg mange og flotte jordbær.

Så har eg desse:




Som skal bli knallgode raude bringebær.

Eg elskar den tida på året når eg kan berre
gå rundt huset og "snope" meg alt muligt godt.

Og til hausten får eg desse:




Som skal bli deilige Victoriaplommer.

I tillegg så har eg:
Raud rips, kvit rips, gule bringebær, bjørnebær
stikkelsbær og blåbær.


Er det rart eg er glad i sommaren og hausten?

Ønskjer alle ein strålande fin dag. :)



.




søndag 5. juni 2011

Fine fruktkniver.

Sjå denne fine fruktknivoppsatsen eg har fått i hus.




Den kjem frå Nostalgias Uthus.
Når eg såg den bli lagt ut, så visst eg at den
måtte eg berre ha.




Sjå dei fine vakre detaljene på knivhalderen.
Er jo rett og slett ein fin pynt i seg sjølv.
Besteforeldrene mine hadde ein sånn knivoppsats,
og eg har alltid hatt lyst på ein eg også.
Så då var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for at
denne ville eg ha. :)


Den passar så godt i lag med denne fine skåla
som eg fant på siste loppemarked eg var på.


No står begge to fremme i hylla mi og pynter opp.
Og gode var knivene til å skjære epler med også.

Men no må eg berre leite etter fine fruktskåler/fat
som kan passe i lag med desse to.



Det er litt dårleg med innlegg frå meg for tida, men
formen er ikkje heilt som den skal.
Har fått vite kvifor eg har vært så dårleg i fleire mnd no,
 har fått diagnosen Nevroborreliose ,
så eg har vært å tatt Spinalprøve , CT og
fått antibiotika som eg skal gå på i 4 veker.
Så håpar eg at etter endt kur er eg fit for fight. :)



Ønskjer alle mine lesare ein strålande fin søndag.


.