torsdag 31. mars 2011

Litt frå siste loppis. :)



Beklagar at ting tar tid her, dårleg med oppdateringar
for tida, men forma er ikkje som den skal.
Har feber på 4. veka no, men får håpe den snart forsvinner.
Blir jo så sløv når ein er full i feber heile tida.

Men må innrømme at eg er slett ikkje sjukare enn at
eg går på loppis. Hehe

Fekk fatt i eit nydeleg Quilta vattert teppe. Det kosta
Ikkje meir enn 10,- så då må ein jo nesten berre ta det
med seg heim då. Det er eit som har vært i sal i butikk,
for det har vaskelapp på seg.





Det er ganske stort, så det er vel til ei seng eller liknande
trur eg. Det er 140cm*240cm.
Men eg skal no ha det ute til å sitte på eller ha rundt meg når
eg sitter ute å leser. Håpar jo sjølvsagt på mykje fint vær
Framover så eg får kosa meg med teppet. Og likte så godt
fargeblandinga på teppet.
Og så har det så fine glatte gode stoffer.





Fant og ei fin flaske med ein søt sølvkork.
Nydeleg mønster på flaska.
Men kva eg skal bruke den til veit eg ikkje.
Kanskje den berre kan stå der til pynt? Vert vel
til det ja.





Men det som er problemet med den er at inne i flaska
Så er det ein kvit ring. Sikkert fordi at det har vært noko
i flaska som har laga merke for eg har samme problemet
med ein glasvase eg har, men no har eg vaska den to
gongar i oppvaskmaskina, og latt den stå natta over med
bakepulver i. Men flekken er der ennå.
Nokon som veit korleis eg får fjerna dette?




Men no trur eg at eg forsetter å lese i boka mi.
For etter ganske så mange år er Jean M. Auel komt
ut med siste boka si om cro-magnonjenta Ayla i
serien om Jorden Barn.

Ha ein strålande fin dag. :)


. 

torsdag 24. mars 2011

Stige og kikhoste. :)




Ja ikkje at dei to tingene høyrer sammen då.

Stigen har eg kjøpt på Fjorn`n Blomster ,
dei har fått inn mykje nytt frå Bloomingville.

Og det er jo sånt som en likar veit eg.  :) 




Men ser at den ser litt usyneleg ut på den veggen med den
stripete tapeten, så må nok flytte den ja.
Men då vil eg ta å ommøblere heile stova trur eg. :)


Eg har og fått ein søt liten vase, men veit ikkje heilt om
den passer hos meg og kva eg skal bruke den til.
Den er bare 12 cm høg, så det vert ikkje store blomar eg
kan ha i den nei.




Eg trudde jo bare at eg hadde ein seigliva influensa her, men nei du.
Her har ein anskaffa seg kikhoste. Men no er eg starta på
penicilinkur og håpar at eg vert kvitt det.
Ja og det med kikhoste, eg trudde eg var vakinsert mot sånt eg.
Men det var eg jo ikkje, den varer bare i sånn ca. 5 år den vaksinen.
For det er for barn den er farleg å få.
For det er ei tung hoste som følger meg ja. 



Må jo bli betre veit eg, det er jo loppis her på søndag.
Det er jo sånt som ein må få med seg ja. 


Ha ein stålande fin dag alle sammen.


Og velkommen til nye følgere.


.

torsdag 17. mars 2011

Ein bloggfri fredag.


I morgon blir det stille her på bloggen min.




Alle har vel sett de uverkelige bilda på nyhendene?

Eg finner ikkje noe meir dekkande ord enn uverkelig.
Det er to ting vi kan gjere:

Tenne lys og gje pengar til hjelpeorganisasjoner.

Du kan bidra HER.




tirsdag 15. mars 2011

Gåve i posten. :)



I dag fekk eg ein superfin gåve i posten.
Den fekk eg av En følelse av luksus .

Eg var heldig og vant 2. premien i hennes Give Away.
Så tusen takk til Ein følelse av luksus for den flotte premien.

Sjå den fine pakken. Med eit fint
"tusen takk"-kort .



I pakken var det mykje fint.
Bland anna denne fine posen med masse
velduftende lavendel.




Servietter, telys og to fine telysestaker og ein god sjokolade.

 


Så no skal eg finne ut korleis eg skal pynte her heime
med dette.



Så vil eg ønskje nye følgere velkomne. :)


Må og fortelle at mitt barnebarn er blitt operert på Rikshospitalet,
og det ser ut som om alt går veldig bra.
Vi veit først om to veker om alt går som det skal.
I mellomtida skal ho vere heime med mamma og lillebror å
kose seg kjempemasse.
Her er ho like etter at ho vakna etter operasjonen:



Må de alle ha ei superfin veke. 


.



torsdag 10. mars 2011

Eit nytt fint syskrin.

I dag var eg utfor døra for første gong på 14 dager.
Eg fekk sjølvsagt influensaen,
sjølv om eg ikkje hadde bestilt den. :P

Den var rett og slett ikkje kjekk å få nei, feber,
vondt i hodet og verk i heile kroppen. Fysjom, godt
eg er ferdig med det for denne gongen.

Og siden eg no først kom meg på butikker
så måtte eg jo innom Baronessa ein tur igjen,
ja og sjølvsagt hadde eg med meg noko derifrå ja.




Eg fant dette nydelege syskrinet.
Det blir flott å få samla litt av småplukket mitt i det.
Til no har eg berre hatt ei lita trekantveske sydd av
voksduk til dette.
Så muligens eg får litt meir orden i systemet mitt.
Likte veldig godt desse miniatyrfigurane i lokket. Det var
vel dei som fekk meg til å kjøpe dette.



I går reiste vetlamollo mi til Rikshospitalet.
I morra skal ho opererast. Så eg kryssar fingrane for
at dette går som planlagt. Då er ho tilnærma frisk etterpå.
Ho må muligens gjenta operasjonen om 2-3 år. Men det
får tiden vise.

Her sitter ho inne i flyet og ser ser rundt. Var jo litt spennende
dette å få fly for første gong. Sjølv om flyet var over 1 time forsinka. 



Bildet har eg ærleg og redeleg stjåle i bloggen til
datteren min.  hehe

Ønskjer alle sammen ein fin helg.


.


onsdag 2. mars 2011

Påskeegg. :)


Var innom Baronessa ein liten tur i dag, etter
at eg hadde vært hos legen, og der ser eg eg
desse vakre påskeegga som ser ut som
om dei er laga av stein.

Dei er laga i gips og så malt ser det ut som, og
så veg dei nesten ingenting.
Det vetle egget kostar 55,- og det store egget
koster 39,- ,  måtte jo spør om det ikkje var
feilprisa men det var det ikkje. Grunnen til at
prisen var så ulik var at det var to ulike leverandører. 

Eg ville egentleg ha to store egg. Sånn at eg hadde
to like egg. Men siden eg hadde med meg 13 åringen
min, så blei det ikkje sånn nei. Han vil ha eit ord med
i laget når eg handlar han ja. :)
Og når Mitt Hvite Skattkammer jobber der, og er heilt
enig med guten min, ja då hadde eg no tapt den
kampen ja.  hehe




Eg er ikkje sikker på kor eg skal plassere desse egga,
men syntest det vart litt stiligt der eg hadde lagt
egga opp på den kassen med blomar og dill.
Så kanskje eg må prøve å etterlikne eit rede til dei.
Må berre finne ei fin korg eller noko sånt. Eller kanskje
eg berre skal gå ut og ta inn litt kvist og prøve å etterlikne
eit vanleg fuglerede. 





Eg er jo veldig glad i steiner, synest dei er
litt vakre i bare seg sjølv også dei.
Desse som ungene har plukka til meg nede i stranda
har eg pynta kommoden ute i gangen med.




Nei no skal eg og dei 39 gradene mine legge seg ned igjen
på sofaen og "synest synd i oss sjølv"  hehe

Velkommen til mine to nye følgere.
Eg finn ikkje ut korleis eg skal få linka tilbake til
dei som er så snill å legg seg til som følgere, sorry.

Så må de ha vidare ein fin vinterferie. :)


.