fredag 31. desember 2010

Godt nytt år. :)

Hoppar innom bloggen for å ønskje alle mine lesere eit godt nytt år.


Og no skal eg på ei runde å prøve å ønskje alle som har vært innom å
gitt meg kommentarer eit godt nytt år.




╔═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╗

ೋ ❤❤❤~~Happy new year!~~❤❤❤ ೋ

╚═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╝

fredag 24. desember 2010

God jul/Marry Christmas


Ja så var endeleg julafta her igjen.

Dette vert ei fin jul, barnebarnet mitt
har fått permisjon frå sjukehuset så ho får
feire jul i eget hus. Er det ikkje flott? :)

I dag starta dagen tidleg, eg måtte opp i halv 6 tida for å
hjelpe Gubbeliten med å spa oss ut. Her har det
nemmeleg snødd ca. 50 cm på eit døgn.
Så kvit jul har vi no fått ja.



Her er julemusene mine som eg må ha fremme kvar jul.
Det er eine svigerinnen min som har vært snill å lage dei
til meg. Synest dei er så skjønne. 

Har no fått gjort litt i dag då,
laga julefrukost til oss andre som er heime.
Skrelt poteter, kålrabi og gulrøtter til pinnakjøttet og
Sundepølsa i kveld. Jordbærene står på benken og tiner
seg ferdig til i kveld.  Til jordbærene pleier vi å ha
nymelka kumelk. Vi her heldig som har ein
nabo med kyr. Litt spesiellt kanskje, men vi er veldig glad
i varm god melk rett frå kua.

Grauten skal straks settast på, sånn at vi får god
formiddagsmat også. Og så må eg laga nok graut
til at vi kan lage riskrem av resten i morra. Og så må
eg ta opp bringebær som eg moser og lagar saus til
risgrauten av.




Har fått på plass Sjarmtrollnissen min som eg har kjøpt hos
Sjarmtroll-Unni , engelen har eg laga sjølv, då eg
var på Sjarmtrollkurs i Bergen i 2005.



Ønskjer alle mine lesare ei

。* 。‎★ Riktig god jul ★ 。* 。




.






fredag 17. desember 2010

Litt nytt og litt trist.



I dag var eg innom Baronessa som er ein flott interiørbutikk her.
Der fant eg ei "bokeske" som eg berre måtte ha med
meg heim. Er den ikkje fin?


Og sånn ser den ut når den er lukka igjen.



Og så må eg jo syne dykk pynten eg har i yttergongen min.
Må jo ha litt adventspynt der også. Gubbeliten her meiner
at dette er no altfor "blingbling", men når det kjem til
interiør så har han ikkje stemmerett.  hehe


Klart ein må ha lilla juletre til advent, ikkje sant?  :P


Ellers så trur eg vi får feira ei fin jul i år alikevell.
Det ser ut som om legane har funne ut ein måte å hjelpe
barnebarnet mitt alikavell.
Min datterdatter er alvorleg sjuk grunna høgt blodtrykk.
Ho skal mest sannsynleg til London i januar å få operert det
som er feil på blodårene til nyrene.
Det finnest diverre ikkje legar i Noreg som kan utføre sånn
type operasjon.
Men dei har no kosa seg litt på Haukeland då. :)
Her er ein link til HelseBergen si side, der dei er
er med i reportasjen.

Kjenner eg er veldig sliten på grunn av alt dette, men skal prøve å
oppdatere bloggen før jul, men kan ikkje lova noko.

Ha ei fin helg alle sammen.


.




lørdag 11. desember 2010

Advent og nye lamper.



Har fått pynta litt til advent, men i år vert ting litt annerledes.
Mykje ting og tang som skjer her i familien, og dessverre
så er ikkje alt like positivt.

Mitt barnebarn på snart 4 år er innlagt på sjukehus i Førde.
Ho har så forferdeleg høgt blodtrykk. Ho har starta på
blodtrykksenkande medisin. Men dei finn ingen årsak til dette.
Neste veke kjem ein lege frå Haukeland for å sjå på jenta. 
Så får vi håpe at han finner ut noko.

Det vi er litt redd for er at ho skal feile det samme som babyen
til tantungen min, og ho vart diverre berre 5 mnd.
Det var ein skjeldan type hjartefeil som ikkje var lett å finne.
Så vi kryssar fingrane for at det ikkje er noko sånt.

Ellers så har eg pynta litt til advent. Men ikkje like mykje som
eg pleier. Normaltsett så byttar eg ut det meste til å vere i
lilla, grønt og sølv/gull no i adventstida.
Så skiftar eg over til raud/grøn/gull lillejulafta.
Så dagen før nyttårsaften byttar eg til blått/sølv. :)

Her er det som står på hjørnebordet mitt.


Engler, perleband, kuler og lysglass frå -nille.
Hadde ikkje trudd at eg skulle kjøpe "fattigmanssølv", men såg
at dette lysglaset frå -nille ville vere veldig fint i lag med resten på fatet.

Så var eg innom Lampehuset her. Må liksom innom å sjå kva
dei har der sånn inn i mellom. :)
Der hang det ei lampe som eg har sett på lenge. Men den kostar
799,- og eg treng strengt tatt ikkje nye lamper.
Men............no var den satt ned til 199,- og dei hadde to.
Så då klarte eg ikkje å la være, eg berre måtte ha dei. hehe

Men synest dei passa fin i gongen min ved komoden og spegelen.



Og eit lite nærbilete.




Så må de ha vidare ein fin laurdagskveld.
Skal prøve å få tatt fleire bilete av adventspynten min.

.