onsdag 7. mars 2012

Ein liten puff.



På finn kvinnherad så var det ei dame som skulle 
gje vekk ein søt liten puff.
Og den tenkte eg at måtte jo vere suveren til å samle
leikane til barnebarna i. 




Den treng nok ein liten makeover, for den var litt
slitt i skinnet som var på. Så eg lurte på
om lokket skulle få på seg eit geiteskinn og så kan 
sjølve stammen få eit fint trekk frå ei gardin frå
70-tallet som eg har liggjande. 




Den er laga av faren til ho som eg fekk den av, og 
det er utruleg flott arbeid, men den er ubehandla inni
så der tenkte eg at eg skulle male den, så den tåler
litt meir. 




Jau trur den blir fin i brunt og kvitt geiteskinn og 
i den gardina med omlag same fargane ja. :)

Men no må eg ut på tur, eg har jo sjølvsagt handla 
meg litt meir på finn kvinnherad eg. *ler*

Ha ein fin dag alle saman. 



2 kommentarer:

Familien Furu sa...

Puff med oppbevaring er så praktisk, sikker på at den blir kjempe flott når den er ferdig :)

Ønsker deg en fortsatt fin kveld
klem klem

Nina sa...

Herlig! Denne var jo supersmart,- gleder meg til å se den ferdig. Ha en fin kveld videre. :O)