tirsdag 27. mars 2012

Eggeglass og litt til.


På Finn Kvinnherad var det ei som skulle selgje
eit service, men der på golvet på biletet ser
eg noko som fanga interessa mi:
Eit eggeglass som låg opp ned. hehe
 


Sjå kor fint mønster.
Det er Figgjo og mønsteret heiter Valle. 


Eg har jo tre eggeglass frå før av i Figgjo, men
det er i ein anna serie. Og av og til så treng ein
litt fleire eggeglass, så då tenkte eg at denne serien
var så fin at den skulle eg samle eggeglass i. 


Snart påske og då får eg heilt sikkert brukt for eggeglass ja.

Og på loppiset så kjøpte eg meg desse 4 fine 
kuvertaskebegerne, dei låg til og med i orginaleska. 


Ikkje det, du får ikkje røyke ved mitt matbord, verken 
inne eller ute ( jau eg røyker sjølv ), men tenkte at
dei kunne brukast til smågodt eller liknande ved
bordet. 


Og denne søte lille figuren vart og med meg heim frå loppiset.
Synest dei er så søte desse fine utskjærte figurene, så
no blir det nok jakta på dei på loppis framover.


Synest dei passar inn her hjå meg eg. :)

Ønskjer alle ein flott tirsdag. 




Ingen kommentarer: