onsdag 11. april 2012

Rörstrand


Ute på tur, aldri sur. :)

Så no har eg vært ute ein tur og kjøpt meg 6 fine 
fruktfat. 




6 fine kvite og blå fruktfat med "blonder" på.
Alle  fatene er heilt fine, ingen hakk, skår eller liknande. 




Har vært på leit ei stund etter fine fruktfat til fruktbollen og 
fruktknivane mine. Og desse er akkurat så fine at eg måtte
berre ha dei. 




Sjå den nydelege blondekanten som er rundt fatene.
Rett og slett vakkert synest eg. 




Og midt på fatet er dette vakre symbolet. Minnar meg no litt om
rosemaling då. Eg veit ikkje så mykje om Rörstrand, anna enn
at det er svensk. 




Men til den nette sum av 100,- for 6 fine fat, ja då kan ein no
ikkje klage på prisen nei.

Veit du kor ein kan finne info om Rörstrand?

Ha ein fin dag. :)





4 kommentarer:

Nostalgia sa...

Utrolig flotte ! Ja Rörstarnd har laget mye flott :-)

Ønsker deg en fin kveld !
Klem

Brit Strikkenerd sa...

Fine fat og ellers mange fine funn å se på bloggen din. Ønsker deg ein flott dag og snart helg.

ide-puffen sa...

Nyyyydelige fat. Skjønner du måtte ha disse.
Her er siden til Rørstrand. Står om historikk og de har et eget museum:)
http://www.rorstrand.se/index.php/om_rorstrand/historik_undersida/

Hei hopp
Randi

Marianne Leonora sa...

hei og takk for koselig kommentar på bloggen min, eg skal prøve å legge ut garvinga så detaljert som mogleg og med oppskrift.

klem fra Åsne