torsdag 5. april 2012

Uro, emaljefat og litt til. :)



Eg har vært ein liten tur innom
http://www.retrorosa.no/, og skal sei
det var mykje fint der ja. 





Eit fint emaljefat vart mitt, gult og fint,
passar no til påsken det ja. 
Men ser eg har fått litt dilla på gult og 
orange for tida. 




Og ein fin uro var og i pakken. Sånn hadde mamma
når vi var små, og sånn fekk eg lyst på å eige sjølv.

Huskar vi satt å dytta på desse stengene, for å sjå kor
lenge dei bevegde seg. 




Ser at kvaliteten på bileta ikkje er den best nei.
På tide å lære seg med speilreflekskameraet, trur det
vil ta mykje betre bilete enn pocketkameraet mitt ja. 




Og 4 fine eggeglass i teak. Er dei ikkje flotte vel?
Dei skal få stå i teaksekjsonen min. Der vil dei passe
fint inn.




Litt småskader på dei, men det er fort gjort å fixe
når ein har rette oljene til å smøre dei inn med.

Og så må ein jo sjølvsagt ha fine eggeglass no til
påske, då er det egg til fleire måltider enn vanleg. 

Og så var eggeglassa pakka opp i denne fine boksen, 
som var ein ekstragåve frå RetroRosa.




I den skal eg ha kaffibønnene mine, for dei har
faktisk ikkje eigen boks. Eg er litt kaffisnobb må
eg berre innrømme. Har kaffimaskin som maler 
bønnene, for så å lage kaffien.




Kaffibønner er jo ferskvare, så dei må pakkast godt 
inn så ein ikkje forringer aroma og smak.
Og eg likar å blande saman til min eigen kaffi, så
då treng ein fleire enn ein kaffiboks. 




Favorittkaffien min er Swiss med aroma av
sjokolade og mint. *snadder*

Og skal eg kose meg ekstra, ja då blir det 
CaffeLatte med karamellsirup i.
( og i helga kan ein bytte ut mjølka med Bayliss. hehe )

Ønskjer alle som er innom ei forsatt God Påske!! 








4 kommentarer:

Livets små øyeblikk sa...

Likte godt den uroen - den var tøff!

Ønsker deg og dine ei riktig god påske,
klem fra Hanne:)

Henriette sa...

Eg har en sånn kaffeboks bare min er røde detaljer på :-p

Fargeheimen sa...

Då synest eg at du Henriette kan donere den til mammaen din. hehe

Fru Samuelsen sa...

Hei på deg!!
Så stilige ting!! Falt totalt for den uroen!! Så fine fager på kulene!! Liker veldig godt:-)
Fin lørdagskveld til deg!!
Klem