lørdag 30. april 2011

Kafebesøk og shopping.

I går var det fredag, og det betyr kafebesøk og
shopping med venninner.

Finnest det betre måte å avslutte veka på enn å ha
koseleg kafetur og shopping i lag med gode venninner?
Nei trur ikkje det.  :)



God mat må ein ha, så ein orkar å gå rundt på
butikkar nokre timar.
Fast innslag er kakao med softis. Usunt som fy,
men søren meg kor godt det er.

Denne gongen så var det opphørssalg på eine
blomebutikken.
Så då fant ein jo sjølvsagt noko fint som
ein berre måtte ha med seg heim.




Ein fin virhassel ( trur eg det heiter ) og tre hjarte
laga av surra kvister.
Tenkte eg skulle finne ein fin plass å henge opp 
kvisten, så kunne hjartene få henge ned frå den.




Har litt lyst til å henge det i eit vindauge, rett og
slett fjerne gardinene og så henge dette opp
i stadenfor. Trur kanskje det kan bli litt fint. :)





Fant også denne flotte vasen av pinner og reagensglass.
Trur det blir flott å sette td. tre roser i denne.

Men må ha meg ein tur på butikken å få kjøpt roser først.
Tenkte jo ikkje på å få det med meg heim igjen. 




Fant også to ulike fine metallhjarter. Det eine
var pynta med fine perler.
Det med perler har ei lang stang bak,
men den trur eg at eg rett og slett berre kuttar av,
så kan eg heller henge opp hjartet.
Betre bruksområdet det trur eg.



Men no skal eg laga til grillmaten, sånn at dei får
i seg litt mat dei som "sliter" med å få hagen og
blomebedd fine.
Eg likar ikkje i det heile tatt å holde på med sånt
hagearbeid, ikkje heilt min ting det nei.
Derfor er eg så glad i desse treplattingane våre.
Mykje kjekkare å plante i krukker dei fine blomane ein vil ha.



Ønskjer alle sammen ein strålande fin laurdag. :)





.

1 kommentar:

Tomines hjem sa...

En fantastisk start på helgen!!!

Ønsker deg en deilig søndag!

Klem klem