lørdag 11. desember 2010

Advent og nye lamper.



Har fått pynta litt til advent, men i år vert ting litt annerledes.
Mykje ting og tang som skjer her i familien, og dessverre
så er ikkje alt like positivt.

Mitt barnebarn på snart 4 år er innlagt på sjukehus i Førde.
Ho har så forferdeleg høgt blodtrykk. Ho har starta på
blodtrykksenkande medisin. Men dei finn ingen årsak til dette.
Neste veke kjem ein lege frå Haukeland for å sjå på jenta. 
Så får vi håpe at han finner ut noko.

Det vi er litt redd for er at ho skal feile det samme som babyen
til tantungen min, og ho vart diverre berre 5 mnd.
Det var ein skjeldan type hjartefeil som ikkje var lett å finne.
Så vi kryssar fingrane for at det ikkje er noko sånt.

Ellers så har eg pynta litt til advent. Men ikkje like mykje som
eg pleier. Normaltsett så byttar eg ut det meste til å vere i
lilla, grønt og sølv/gull no i adventstida.
Så skiftar eg over til raud/grøn/gull lillejulafta.
Så dagen før nyttårsaften byttar eg til blått/sølv. :)

Her er det som står på hjørnebordet mitt.


Engler, perleband, kuler og lysglass frå -nille.
Hadde ikkje trudd at eg skulle kjøpe "fattigmanssølv", men såg
at dette lysglaset frå -nille ville vere veldig fint i lag med resten på fatet.

Så var eg innom Lampehuset her. Må liksom innom å sjå kva
dei har der sånn inn i mellom. :)
Der hang det ei lampe som eg har sett på lenge. Men den kostar
799,- og eg treng strengt tatt ikkje nye lamper.
Men............no var den satt ned til 199,- og dei hadde to.
Så då klarte eg ikkje å la være, eg berre måtte ha dei. hehe

Men synest dei passa fin i gongen min ved komoden og spegelen.



Og eit lite nærbilete.




Så må de ha vidare ein fin laurdagskveld.
Skal prøve å få tatt fleire bilete av adventspynten min.

. 

4 kommentarer:

Martilie sa...

Koselig stemning og flotte lamper!

Sender varme tanker og håper på det aller beste for barnebarnet ditt! Håper medisinene hjelper og regulerer blodtrykket!

Varm klem fra Tove

Bird on a wire sa...

Så leit med barnebarnet ditt. Håper legene finner ut av det og at hun blir fort frisk igjen.

Unknown sa...

Åh - skummelt med så høyt blodtrykk på lita jente... Vi krysser fingre, labber og tær her for at de finner ut hva det skyldes - OG at det er mulig å behandle! *krysse-krysse*

Sonja frå Sunnfjord sa...

Hei!
Så kjekt at du vil følge bloggen min, og også delta i det vesle lotteriet mitt:)
Legg meg til som følgar hos deg, eg.
Trasig med alvorleg sjuke ungar, men vi får håpe dei finn diagnosen raskast mogeleg.
Eg bur forresten 1 time frå Førde.
Ha ein fin kveld:-)