fredag 24. desember 2010

God jul/Marry Christmas


Ja så var endeleg julafta her igjen.

Dette vert ei fin jul, barnebarnet mitt
har fått permisjon frå sjukehuset så ho får
feire jul i eget hus. Er det ikkje flott? :)

I dag starta dagen tidleg, eg måtte opp i halv 6 tida for å
hjelpe Gubbeliten med å spa oss ut. Her har det
nemmeleg snødd ca. 50 cm på eit døgn.
Så kvit jul har vi no fått ja.



Her er julemusene mine som eg må ha fremme kvar jul.
Det er eine svigerinnen min som har vært snill å lage dei
til meg. Synest dei er så skjønne. 

Har no fått gjort litt i dag då,
laga julefrukost til oss andre som er heime.
Skrelt poteter, kålrabi og gulrøtter til pinnakjøttet og
Sundepølsa i kveld. Jordbærene står på benken og tiner
seg ferdig til i kveld.  Til jordbærene pleier vi å ha
nymelka kumelk. Vi her heldig som har ein
nabo med kyr. Litt spesiellt kanskje, men vi er veldig glad
i varm god melk rett frå kua.

Grauten skal straks settast på, sånn at vi får god
formiddagsmat også. Og så må eg laga nok graut
til at vi kan lage riskrem av resten i morra. Og så må
eg ta opp bringebær som eg moser og lagar saus til
risgrauten av.




Har fått på plass Sjarmtrollnissen min som eg har kjøpt hos
Sjarmtroll-Unni , engelen har eg laga sjølv, då eg
var på Sjarmtrollkurs i Bergen i 2005.



Ønskjer alle mine lesare ei

。* 。‎★ Riktig god jul ★ 。* 。




.






6 kommentarer:

Laila -Karin sa...

Riktig god jul til deg og.
Klem

Ida sa...

Ønsker deg en super jul! Kos at veslejenta fikk fri da:-) Juleklem fra Ida

Sonja frå Sunnfjord sa...

Ynskjer deg og dine ei riktig God Jul!

Shy B sa...

God Jul til deg og dine! Godt at barnebarnet fekk feire heime!

Lindas hobbyhjørne sa...

Ha en forsatt god jul :)
Klem.

helen og gutta sa...

bare innom en liten tur for å ønske deg og dine ett riktig godt nytt år. klem Helen