torsdag 11. august 2011

The Lady of the Bling.


Ja det er berre til å innrømme det.
Alt som er litt "bling" ja det er ting eg vil ha.

Er nett så skjæren, alt som blinker er bra
å ta med seg. hehe

På tirsdag så måtte eg ein snartur over til Stord på
Sjukehuset der. Men siden det går så dårleg med båt
dit, så vart det litt ventetid.

Og den må en jo benytte godt. Så eg gjekk opp på Amfisenteret,
og var jo ikkje før komt inn døra og rett frem var det ein knallfin
bling-blingbutikk.  ( den heiter jo ikkje det, men eg husker ikkje
kva den heiter )




Først fant eg meg 3 nye skjerf. Eit lilla, eit svart
og eit med litt fleire fargar. Eg berre elskar skjerf og sjal
i alle fargar og variantar.




Og eit fint armband med masse dill og dall
på, er det ikkje fint?
Syntest dei engelplatene var så skjønne.




Og så fant eg eit fint med perler og eit nydeleg
hjarta på. Er litt glad i hjarte på smykker og
armband.
Og så var det desse 6 ringarmbanda. Dei er eg veldig
glad i, rislar og raslar når eg brukar dei. :)




Ja ein må jo sjølvsagt ha seg nokre ringar og armband
også når ein først er i gong å handle litt. hehe

Fant 3 par med øredobber, eit par med perler, eit par
med blanke steiner og så desse fine med kvite
blomar på.
Og så fant eg meg to ringar med blanke fine steiner.
( veit no at nokon tenker at nei ringer skal vere i gull
dei, og ja det tenkte eg og før, men eg har utvikla
allergi mot gull. *dåne* Men sånn er det bare ) .




Og dette nydelege hjartesmykket.
Det kan ein opne å ha bilete inni, så der
skal eg ha bilete av meg og gubbeliten. :)



Og til slutt så fant eg eit nydeleg armband i lillatoner.
Har leita lenge etter det. For i vår så fekk eg dette
fine lilla smykket av ei venninne som hadde vært i
syden. Og ringen fant eg på CityBag her.
Men altså ikkje armband, men.....no har eg det og. :)

Noko av dette var det 70% på, så det blei ikkje
så veldig mykje eg handla for. Ca. 600,- ,
og såpass må ein jo få lov å handle når ein
må på sjukehuset. hehe


Ha ein strålande fin dag alle sammen.



søndag 7. august 2011

Kamfertrekiste.

Då eg var lita fekk eg denne nydelege Kamfertrekista
av besteforeldrene mine.




Har alltid synest den er så fin.
Den har vært med meg i alle år, til og med då
eg flytta frå plass til plass.

Den har utskjæringer rundt heile kista,
og så dufter den så godt at kamfertre.
Lurte litt på ei periode å kle den med eit fint
stoff inni, men er så redd for at den gode
kamfertrelukta skal forsvinne.




Men låsen på kista skulle vært pussa, men eg er så
redd for å at eg då øydelegge treverket om eg
får messingpuss på det.
Då eg var lita var det med ein liten hengelås til kista,
men den er diverre forsvunnet med årene.
Nokon som veit om treverket blir misfarga av messingpuss?
Ev. om det er andre ting eg kan bruke til pusse den med?




Beklager dårleg bilete, men fekk ikkje til å ta
biletet utan at det enten vart skurrete eller
blinka av blitzen.


I helga har det faktisk vært to loppemarked her
i kommunen, men eg var ikkje på nokon av dei.
Har lova resten av husstanden at eg ikkje skal gå
på loppis før eg er ferdig å rydde og plassere
alt her i huset.
Må innrømme at eg synest eg er kjempeflink som
har klart å sitte heime, når venninnene mine
har gått på begge loppisene. :-)



 
Ønskjer alle sammen ein fin søndagskveld.






tirsdag 2. august 2011

Om å kjede seg å sånt. :P

Det å kjede seg litt kan få merkelege følgjer.
For her om dagen så fant eg ikkje orken til
å forsette med rydding og sortering lengre.

Så eg tok meg ein snartur innom Ravelry.
Det er eit am. forum for handarbeid.
Der fant eg mange fine oppskrifter, ja og
nokre litt merkelege.  :)

Først så fant eg oppskrifter på kjøkkenkluter.
Ikkje så værst å vaske med dei.



Men så starta det å utarte seg ja. hehe
Fant ei oppskrift på flaskeholdar. Nei ikkje spør
for eg veit ikkje kor tid eg skal bruke den nei.
Og dessuten så trur eg den er i barnestørrelse.




Forsatt ikkje så værst ting å lage, men så fant
eg ei oppskrift på badeskrubber.

Dei er faktisk fantastisk gode. For eg har testa ut
den eine. Men fekk litt panikk siste omgongen,
då det stod i oppskrifta: Gjenta 320 gonger. :)




Men i går fant eg ei flott oppskrift der inne.
Ei eplejakke. Klart ein treng det, det må jo være
eit absolutt must. hehe


No var nokon så frekk at ei åt opp det siste
eplet mitt, så eg måtte finne ein anna modell.
Og der kom det jammen meg ei potet som
passa i. hehe.

Men eg hadde jo ei Nektarin, så måtte jo
hekle ei jakke til den også.
Er dei ikkje flotte? hehe



Nei får ta meg ein tur innom Ravelry igjen å
sjå om eg ikkje finner fleire morosame ting
å lage. :P

Har veldig lite å blogge om for tida, for eg held
på å rydde og sortere vekk ting og tang.
Så her kjem ingenting nytt i hus på ei stund.

Fyller seg fort opp i huset ja. Trur eg har vært
litt ivrig på loppemarked dei siste årene.

No har søsteren min fått eit stort lass med
sengetøy og gardiner.
For ho er flink å vever filleryer, så der blir dei
no brukt. I stadenfor å berre ligge her.


Og har også hatt besøk av tantunger som flytter
for seg sjølvog treng både det eine og det andre av
ting og tang. Så då vart eg kvitt noko der og.



Ha ein fin dag vidare.