tirsdag 2. august 2011

Om å kjede seg å sånt. :P

Det å kjede seg litt kan få merkelege følgjer.
For her om dagen så fant eg ikkje orken til
å forsette med rydding og sortering lengre.

Så eg tok meg ein snartur innom Ravelry.
Det er eit am. forum for handarbeid.
Der fant eg mange fine oppskrifter, ja og
nokre litt merkelege.  :)

Først så fant eg oppskrifter på kjøkkenkluter.
Ikkje så værst å vaske med dei.



Men så starta det å utarte seg ja. hehe
Fant ei oppskrift på flaskeholdar. Nei ikkje spør
for eg veit ikkje kor tid eg skal bruke den nei.
Og dessuten så trur eg den er i barnestørrelse.




Forsatt ikkje så værst ting å lage, men så fant
eg ei oppskrift på badeskrubber.

Dei er faktisk fantastisk gode. For eg har testa ut
den eine. Men fekk litt panikk siste omgongen,
då det stod i oppskrifta: Gjenta 320 gonger. :)




Men i går fant eg ei flott oppskrift der inne.
Ei eplejakke. Klart ein treng det, det må jo være
eit absolutt must. hehe


No var nokon så frekk at ei åt opp det siste
eplet mitt, så eg måtte finne ein anna modell.
Og der kom det jammen meg ei potet som
passa i. hehe.

Men eg hadde jo ei Nektarin, så måtte jo
hekle ei jakke til den også.
Er dei ikkje flotte? hehe



Nei får ta meg ein tur innom Ravelry igjen å
sjå om eg ikkje finner fleire morosame ting
å lage. :P

Har veldig lite å blogge om for tida, for eg held
på å rydde og sortere vekk ting og tang.
Så her kjem ingenting nytt i hus på ei stund.

Fyller seg fort opp i huset ja. Trur eg har vært
litt ivrig på loppemarked dei siste årene.

No har søsteren min fått eit stort lass med
sengetøy og gardiner.
For ho er flink å vever filleryer, så der blir dei
no brukt. I stadenfor å berre ligge her.


Og har også hatt besøk av tantunger som flytter
for seg sjølvog treng både det eine og det andre av
ting og tang. Så då vart eg kvitt noko der og.



Ha ein fin dag vidare.


4 kommentarer:

Lindas hobbyhjørne sa...

Så mye fint du fant da, morro å prøve noe som ikke trenger så lang tid :)
Så flink du er da... fått ryddet litt, det skal jeg også gjøre... men har utsatt det til høsten :)
Ha en fin kveld, klem.

Quiltefia sa...

Hei!! Enig med at det er mye morsomt på Ravelry!! Kan sitte der i timer!! Ha en fin dag!! AnneK:-)

Bird on a wire sa...

Oj, så produktiv du har vært da! De badeskrubbene ser deilige ut, kanskje jeg må ta meg en tur innom Ravelry.

De Billy-hyllene jeg blogget om er jo minst like fine til nips og naps, man får jo vist frem tingene sine og samtidig slippe støvtørkingen :)

Sigyn sa...

Ravelry er bare genialt!! Der kan jeg surfe i timesvis! :) Så mye fint du ahr laget!