søndag 16. januar 2011

Litt frå fredagens loppis.



Ja fekk no med meg litt heim frå fredagens loppis.
Har aldri vært på ein loppis med så mykje folk før.
Det var så trangt at vi stod og dyttet i kvarandre heile
tida. Men dette var frå eit dødsbo etter to eldre damer,
så det var mykje fine ting ja.
Og i går kjente eg det veldig godt i halebeinet mitt
at dette nok ikkje hadde vært ein god ide.
Men men, fant no meg litt fine ting, så eg er no glad eg gjekk.
Men det var eit nytt loppis på laurdagen og det klarte eg
ikkje å gå på, diverre. :(

Noko av det eg fant var gamle fine lommetørkler som enten
var brodert på eller påsydde fine kniplingsblonder.





Fant heile 15 stk + to med blonder som var innpakka i eskene sine.






Sjå kor fine søte broderi det er på dei.
( beklager dårlege bilete, men eg klarer ikkje å bøye
meg så godt ennå, så alt er tatt inne på kjøkkenbenken )






Og her er det desse søte blondene, enten som kant rundt
eller i eine hjørnet på lommetørklene.






Og dei to søte som forsatt ligg i eskene sine.

Fant også ein fin kakeboks med kristorn på,
så den var litt julete.






Men inne i lokket er det oppskrift på Hindu Krydderkake,
så den skal gubbeliten få lov å prøve å lage til meg
i neste veke. :)






Bilete av dei andre tingene kjem i løpet av veka.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med desse fine
lommetørklene, dei passar liksom ikkje heilt inn i min
stil. Men eg lurte på om eg kanskje kunne laga eit fint
lappeteppe av dei? Eller er det å øydelegge fint handarbeid?


Er det nokon som også kan forklare meg korleis eg kan
kommentere lettare i bloggane?
Som regel så må eg logge inn, skrive kommentar,
så trykke på innlogginga ein 2-3 gonger til før kommentaren
vert godkjent.
Og no når eg ikkje orkar å sitte her så lenge om gongen,
så vert det mykje mindre kommentarer frå meg,
fordi at det tek så lang tid.
Vil jo rundt å sjå på kva de gjere også. :)



.







2 kommentarer:

From not to hot sa...

Så søte ting du har fått tak i. Sånn er jeg også, handler uten å tenke for mye på om det passer hjemme, men så tenker jeg at 'jeg skal nok få brukt det til noe' :)

Håper du begynner å føle deg bedre!
Ha en flott søndagskveld.

PS! Et tips med kommentarinnleggene; sørg for å logge deg på din egen blogg først og at du har huket av for 'forbli pålogget' før du skal kommentere. Da pleier det å gå litt lettere.

No.15 - Lise sa...

Artig med loppefunn :-D

Hihi, ja i dag har det ikke vært dårlig vær, bare veldig bra innevær ;)

Ønsker deg en fin ukestart. klem