mandag 8. november 2010

Kjøkkenet ferdig. :)


Endeleg er kjøkkenet mitt ferdig malt.
Eg har malt veggene i fargen Perlegrå frå Jotun. Skapene
er malt i kvitt med glans 40.
Skulle ha skifta dør- og skuffehandtak, men fant ingen
fine verken på Europris eller Mekk her. Så då får det
vente til eg reiser vekk til ein plass der dei har litt
meir utvalg enn her.


Ikkje lett å sjå fargane her nei, sola står rett inn vinduet
så alle farger vert feil.
Som de ser så er bordet framleis trekvitt. Det fekk eg ikkje
lov til å male av "kjøkkensjefen", han trua med at då måtte
eg sjølv stå for baking. Ja så då fant eg plutseleg ut at
knallfint med trekvitt bord.  hehehe
Gitt kven som hater å bake då? Dårleg husmoremne eg visst. :P




Har også hengt opp igjen Frieletavla mi. Det vart rett og slett
ikkje fint med den kvite tavla mi på kvit dør.
Er ikkje så stort dette kjøkkenet mitt, kunne vært mykje større
enn sine 12 kvm ja. Rundt kjøkkenbordet skal eg ha
barkrakker, må bare få tid til ein Ikeatur, så har eg dei i hus.




Har lurt på om eg skal ta dette fryseskapet inn på matboden
om eg får det inn døra. Får ev. plass til eit avlastningsbord der då.
Kunne trengst det av og til ja.

Bak døra med tavle på har eg ei matbod på 1,1 kvm, lurte litt på
å rive den og ta alt inn i kjøkkenet. Men fant ut at den er jo knallkjekk
å ha til alle desse duppedingsmaskinene vi har til kjøkkenet.
Er det berre meg, eller er det andre også så berre må ha
det når ein ser ei ny type kjøkkenmaskin?



I hjørnet her står gassovnen min, den er super på iskalde morninger.
Tar bare 20-30 min, så har eg fått opp kjøkken og stove med 3-4 grader.
Og så er den kjekk ute på seinsommaren når det vert litt kaldt.
Over den ovnen lurer eg på om eg ikkje må ha nokre hyller. Hadde
vært greit å hatt dei tinga ein brukar mest fremme. Sånn som brødrister,
smørbrødjern og eggekoker der. Kanskje kaffimaskina mi også, så
hadde eg fått heile bordet fritt.

Då er det bare dei tre gongane mine som må bli ferdig.
Manglar å få male ferdig listene. Ikkje akkurat rette årstida
å male med oljemaling på merkar eg. Tek så lang tid før alt tørkar.
Så skal eg heller syne dykk kor fine dei og er blitt. :)


Setter stor pris på ein liten kommentar frå deg som er innom.

Ha ein strålande fin dag.


.

5 kommentarer:

Alba Linea sa...

your kitchen looks so great! fells like i want to come and cook. *hihi*
best wishes and a nice day! di
;0)

Bare Mio sa...

Så nydelig det ble, lyst og lekkert.
Har også en matbod (egentlig et svalrom) som jeg har lurt på å ta vekk, men har også kommet frem til at det er veldig bra å ha.
Ønsker deg en fin mandag, nyt ditt nye kjøkken.
Klem fra Mio

Barbros lille atelier sa...

Så fint det ble - veldig lyst og trivelig! Skjønner godt du ikke malte kjøkkenbordet, hi, hi:-)

Klem

henriettefroyen sa...

Så utrolig fint det ble mamma :-) Sånt kjøkken vil eg og ha :-P

Tulip sa...

Flott kjøkken du har fått.Moro med litt fornyelse:) Skal ikke så mye tilfør en føler en har noe nytt!