tirsdag 9. oktober 2012

Moccakopper og kanne.



På finn Kvinnherad på FB fant eg desse fine
moccakoppane og kanna.


Og det står på den fine teaksjenken eg kjøpte meg.
Eg har fått seld den gamle sjenken og bokhylla frå
50-tallet. Så no er det snart berre teak i stova mi. :)


Sjå den lekre grønfargen som er på koppen, og med ein 
fin gullkant rundt. 


Og den klare fine blåfargen. Og sjølvsagt med fin 
gullkant på denne og, ja handtaket på koppen er
og i gull. 


Kanna høyrer nok ikkje til dette settet, men den 
passa så godt i lag med desse to fine koppane.
Ikkje sant? 


Og så må ein jo sjølvklart servere sjokolade til kaffien. 
Desse søte små sjokoladene har eg kjøpt på Stemning
i Rosendal. 
Det er Vaniljetopper og Igelkott. namnam.


Neste gong skal eg syne dykk dei fine moccakoppane eg 
har kjøpt hjå Retrorosa. Mykje fint inne i bloggen hennes og ja.


Ønskjer alle lesere ein fin og koseleg kveld. 





1 kommentar:

Skjerstad sa...

Nydelige kopper i fine farger :)
Og den sjokoladen hadde vært god å ha nå ;)

God helg !
Janne