torsdag 19. juli 2012

Små skatter.



Kjøper no meg forsatt småting som eg likar.
Det meste kjøper eg på Finn Kvinnherad på FB, utruleg 
mykje fint som blir lagt ut der. Og så er alt innan nåavstand
når det gjeld køyring for å hente det. 




Eg kjøpte dette fine fløyte/sukkersettet for 30,- , nærmest
gjevekkpris. Men eg klaga jo sjølvsagt ikkje. :)




Sjå kor fine bladene og druene er på dette settet.
Yndigt lite og søtt. 





Og dette fatet fekk eg for 50,-, ikkje værst. Eg har vært
på leit etter eit sånn ei stund, dei er ikkje så lett å få 
tak i  lengre. 




Det er litt slitt i skrifta, men det har vært flittigt brukt fram 
til no, så då blir det vel sånn. 




Men kven som har produsert det veit eg ikkje, kjenner ikkje 
igjen merkinga som var på baksida. 




Har fleire ting eg har kjøpt meg,  men dei får vente til ein annan 
dag før eg syner dei.
Har blandt anna fått meg to fine lamper frå 70-tallet. 


Ønskjer alle som er innom ein superfin dag. 

onsdag 4. juli 2012

Gåve av gjestene.



No for tida så har eg besøk av min eldste datter, min svigersønn 
og to herlige barnebarn. 



Dei har nett vært ein liten tur i Danmark, og der har dei kjøpt
feriegåve til meg. :)




Sjå denne fine Cornflakesboksen dei fant til meg. 







Eg hadde så lyst på den Kiwi solgte her for nokre år sidan, men fekk
aldri tak i den. Men denne er no minst like flott då. :)




Og så fekk eg desse to små skjønne flakongene til å pynte på
badet mitt med. Er dei ikkje søte vel?




Så får vi sjå om eg kjem igong med blogginga mi.
Har no handla ein god del på Finn Kvinnherad på FB.
Utruleg mykje fint som vert lagt ut der for tida.

Ha ein fin kveld vidare. :)