onsdag 11. januar 2012

Ny seksjonsdel og litt til. :)



Det der med at eg ikkje skulle handle så mykje
no på nyåret, gløym det, funker ikkje det løftet. hehe

På Finn Kvinnherad på FB så har eg atter ein gong
vært å hatt meg ein liten handel. 



Fekk denne vakre fine teakseksjonen for 350,- , slett ingen
vond pris synest eg.
Eg har bestilt meg ny LP-spille, så då var denne mitdt
i blinken for meg.




Sjå................inni her skal LP-platene mine få stå.
Det blir kanskje litt fullt når eg har fått inni alle platene,
men tenkte at under denne kunne eg ha ei av eplekassane 
mine med plater, trur det vil sjå fint og ryddigt ut. 


Men snille dama eg handla med, ho var på flyttefot, så 
ho ville no bli kvitt litt av det ho ikkje trengte, så eg
fekk denne fine puffen/krakken med på kjøpet.




Veit ikkje heilt kor eg skal ha den, men kanskje den
vil vere kjekk enten på hobbyrommet eller på
soverommet, der eg kan ha sokkene i den?




Sjå kor fint trekket er på den, det ser faktisk nesten
heilt nytt ut, så det vil ikkje bli skifta ut med det
første trur eg. Eg er litt glad i å beholde ting
i orginal form om eg kan gjere det. 

Sjå, det er no god plass opp i den og ja.
Men eg lurer på om eg har litt lyst til å trekke
innsida på den. Blir litt finare om eg limar på
eit fint stoff der. Eg brukar same spraylimen som 
dei brukar til å lime fast tak osv på biler, då veit
eg at det tåler litt.




Og til helga så får eg kanskje tre rekker med teakseksjon til.
Har ei som har lovd at eg kunne få hennes, for ho hadde ikkje
brukt for den. Og klart, eg takkar ikkje nei til eit sånt fint
møbel. Gledar meg til å få vekk den stygge seksjonen som
eg kjøpte på Bohus for ørten år sidan. Den har eg eigentleg
aldri likt. :)




Ønskjer alle besøkjande ein fin kveld. 









3 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for hyggelig hilsen inne hos meg :)

God lørdag til deg og dine!

Merete

My Dream sa...

det var retro kommoden sin.... :) stilig... :)

Ailin Slater sa...

Åh sånn krakk kan eg huske at vi hadde heime... Dessverre brydde eg meg ikkje om slike ting når vi rydda ut av huset på Kalvåg :-(