torsdag 22. september 2011

Grøne fine glass/apotekerglass.



Eg har hatt koseleg besøk av mamma, og ho hadde med seg

7 fine glass til meg. 
4 store og 3 små apotekerglass ( ? ).





Ho veit ikkje når ho har kjøpt dei, ei heller kor.
Men ei venninne av meg kallar desse for apotekerglass. 

Men eg har spurt etter desse i nokre år, og endeleg så fant ho 
ut at siden ho berre brukte eit av dei til buljong, så kunne eg få
overta dei. :)




Så no har eg fine glass til å ha krydder og anna i.


Eg har sjølvsagt klart å snopt meg litt på butikken og siden sist.
På Baronessa så hadde dei 50% på ein del varer.
Så då måtte eg jo berre ha denne fine koppen.
Fin til å ha blomar i.
Men må på jakt etter ein litt stor Husfred, for trur
denne koppen vil passe godt til det. 




Syntest den berre var så søt.


Kjøpte meg og ei korg, som eg ikkje heilt ennå veit kva
eg skal bruke til. Men eg finner no nok eit bruksområde til den og. 




I morra skal eg på kafetur med venninner, så skal ikkje sjå 
heilt vekk i frå at eg då plutseleg kjøper meg noko nytt då.


Men 1. oktober skal vi ha nytt Månadsmarknad her.
Og den gleder meg meg kjempemasse til. Skal prøve å få 
tatt bilete av den, eg gløymde jo det  sist.
Men håpar vi får forsette med desse marknadsdagane våre. 

Ha ein fin kveld vidare. :)







4 kommentarer:

Veien til frihet sa...

Den kurven var lekker!!
Så snill mamma du har, de var jo så stilige og mange :)

En snart god natt ønskes deg fra meg
Klem klem

solveig sa...

Eg trur dette er buljongglas, men eg skal ikkje vere påståeleg. Liknande størrelse, men kvite med blått mønster på, var sennepsglas, meiner eg. Det er sikkert nokon som veit det betre.

Nostalgia sa...

Husker disse glassene ! Koselig :-) Kurven var kjempestilig !
K<nskje til håndarbeidsprosjekt :-)?

Ønsker deg en fiiin kveld !
Klem, Nostalgia

Gyngestol og kaffigrut sa...

Så stilig kurv!
Ønsker deg en fin dag!