søndag 27. juni 2010

Barnedåp og bordpynt.


Ein liten tur innom før vi skal i kirka og døype mitt 
minste barnebarn. 
I går så laga vi til snitter og kaker til barnedåpen. 
Nesten heile dagen gjekk med til det. 
Vi håpar at sola titter frem i dag, sånn at ein 
kan vere litt ute også. 
Skal lage eit betre innlegg når eg kjem meg heim
og på mi eiga maskin. 

Ha ein strålande fin søndag alle sammen. 



Setter stor pris på ein kommentar frå deg som er innom her. :)


.


mandag 21. juni 2010

"Juksekvelds" og award.


Her er det forsatt 16,6 grader i skuggen, kl. 20.27.
Så vi har det så deiligt for tida. Sola går ikkje ned
før om to timar heller. Så skal snart sette meg
ut igjen med hekletøyet og nyte sola.

I går så baka eg 69 Litagoyoughurtmuffins, for eldste
guten hadde lova klassen å ha da med på skulen i dag.

Men han trengte ikkje fleire enn 44 stk med seg, så då
fekk no vi nokre som vi kunne kose oss med heime.




Dei er utruleg gode desse muffinsane om eg får
sei det. Og i kveld så ba ungene om å få muffins
til kveldsmat.
Og som den "snille" mammaen eg er, så fekk
dei det sjølv om det ikkje er helg.



Eg har vært heldig å fått meg ein award av Hverdagsglimt ,
der eg skal fortelje 7 ting om meg sjølv.
Ha gjort det ein gong før, men sikkert fleire ting eg kan
sei om meg ja. 


Sju ting om meg:
1: Elskar alt som har meg garnhobby å gjere.
2: Har 4 unger og 2 barnebarn
3: Har snart vært gift i 15 år med verdens beste mann <3
4: Elskar haust og vinter.
5: Likar ikkje å sjå på tv
6: Er veldig sosial, kan prate med kven som helst
om kva som helst.
7: Hater hagearbeid.

No er det så mange som har fått desse awardane
så de som er innom og ikkje har fått dei, ta
dei med inn til deg sjølv.



Ja no står jordbærplantene i full blom, så får
vi håpe at vi får mange store og fine jordbær i
år også.


Nyt dagen.

 


.

søndag 20. juni 2010

Gjesterom



 
Har fått fjerna ei køyeseng som stod på gjesterommet.
Den tok så stor plass og så var den litt dårlig å ha for
par som kom på besøk. :)





 
Har ei 120cm seng som eg har fått pynta med eit
åkle som eg fekk av grandtanta mi. Har liksom aldri
funne ein plass å ha dette åklet, men fant ut at
på gjestesenga kan det liggje.



Og fillerya på golvet er det min søster som har laga
til meg. Den er laga av sengetøy som eg hadde
som lita. Litt kjekt å bevare det på denne måten,
når det var for slitt til å brukast på andre måter.



Likar så godt dette fine enkle mønsteret i åklet.


 




På motsatt side av senga står det to skap. Dei skal med tid
og stunder få ein anna farge. Men eg har ikkje blitt enig med
meg sjølv om eg skal tapetesere dørene eller om eg skal
male heile skapet.




No manglar det berre å få malt ferdig vinduskarmen,
så eg kan få den heilt kvit. Så lurer eg på om ikkje
eg bør skifte farge på veggen også, den er liksom
veldig gul.






Gjestane mine kan få sjå på tv på rommet om dei vil også.

Har ein 12" elefanttv. Ein kan faktisk kople til rikstv-boks
til denne. Men eg har berre brukt den til ungene når dei
var små og til barnebarnet mitt når ho har vært på besøk.
Då har vi berre kopla på ein dvd-spiller.
Men er no litt søt denne elefanten då, synest eg.



.

Livet består av augeblikk. Nyt dei!


.

Eg set kjempestor pris på en hyggeleg kommentar.

.

tirsdag 15. juni 2010

Hagemøbler og blomster.


Då har eg prøvd å ha trekk på desse
kabeltromlene mine. For dei var så fæl til å
rive opp tights og strømpebukser.
Og sånt noko kan ein jo ikkje ha noko
av veit eg.
Men eg fant ikkje samme type voksduk til
stolane og bordet. På bordet må eg ha ein
duk som er 160 cm og det var det berre Europris
som hadde her. Og det var kjedelege
einsfarga dukar. Men den får duge til eg
finner noko anna.
Dei dukane eg har brukt på stolane har
eg kjøpt på -nille. Dei var dessverre
berre 140 cm sånn at dei ikkje passa på bordet.
No har eg berre festa dei med strikk under,
men ser at eg sikkert på sy ein løpegong på dei,
for det var ikkje så fint når det vart liggjande
i krøll under setet.



Og til putene eg skal ha på den nederste
terrassen har eg kjøpt meg to vedkorger på Kid.
Det passar akkurat å få tre puter pluss eit lite strikka/heklapledd i kvar av dei.
Så er det lettare å bære med seg ned på
terrassen og det ser finare ut når eg tar det
inn i gongen om kvelden.


Må jo syne dykk den fine blomen eg har planta
i melkespannet mitt. Eg veit ikkje kva blomen
heiter, men den er kjøpt på Rema.
Eg pleier å kalle den for rosa blom eg. hehe



Eg har også kjøpt meg nokre urter til å ha
til grillinga no i sommar.
Hadde egentleg tenkt å  plante dei ut i hagen,
men på grunn av at vi har så mykje hjort og
rådyr som reker rundt hushjørnet,
så må eg sette sånne ting på terrassen.
Fant dukkesenga til jentene mine, spraya
den kvit, så laga eg til ein botn som tåler vatn.
Så var det bare til å leggje i mold og planter.
Håpar eg får dei til å trivast i denne senga.


(¯`v´¯)

                                                                              `•.¸Sommer ♥

.
                                                                           

onsdag 9. juni 2010

Det er sol og sommar. :)


Det er bare eit heilt utruleg flott vær for tida her.
Sitter ute så mykje som eg kan, skulkar unna
husarbeid berre for å kunne sitte ute å
kose meg med ei god bok i sola. :)

Men eg startar kvar dag med ein god kopp
med kaffi. Eg fekk meg ei C3 til 40 årsdagen
min i fjor. Og den er eg berre så utruleg
glad i. Nett no for tida så er det ein
kaffitype med smak av mint og sjokolade
som er favoritten.



Ute i hagen så blømer det så fint.
Denne buska veit eg ikkje kva heiter.
Det er ein avleggjer som eg fekk tigga
meg til på sjukeheimen her. Det skulle
sikkert vært rydda litt i buska, men sist
eg prøvde så aula det med små
flått/handtikka, så graset får
lov til å vokse vilt der.




Og den lilla rododendronen min er endeleg
komt i blomst. Likar så godt den sarte
fine lillafargen den har.




Og når det er så fint vær som no så må
ein jo berre sitte ute å kose seg ja.
Her er den nederste terrassen min. Benkane
og bordet har vi laga sjølv. Og vi er
veldig nøgd med det store bordet. Det er
utruleg godt å ha når vi er mange når 
vi griller.
 Plassen liggjer godt gøymd nært skogen til
naboen.



Det er hasseltrær de kan sjå
i bakgrunnen og det er der vi plukkar
julenøttene våre.
Og siden plassen liggjer så skjult av skogen
så er det lunt, varmt og vindstille der.







(¯`v´¯)
                    `•.¸Ha ein fin dag ♥



.

fredag 4. juni 2010

Fått meg ein Award. :)



Tusen takk til snille Fru Furu som har gitt med
denne awarden.


Med denne awarden følger det kriterier - fortell 7 ting om deg sjølv :)




1. Stille alltid opp for familien min, uansett kva.

2.Eg eig ikkje tolmod.

3. Eg er uføretrygda grunna reumatisk sjukdom.

4. Trur eg har ”hamstergen”, ( sikkert derfor eg
har sånn ca. 30 kg garn. )


5. Eg er ein av dei få eg veit om som kan
snakke både på innpust og utpust når eg vert ivrig.
Med andre ord, eg er flink å skravle. :P


6. Elskar å dille med småting som eg kan
endre utsjåande på. Sprayboksen er min venn. 


7. Likar å komme til nye plassar å opplever nye ting og
nye folk, men likar ikkje reisa undervegs. Kan ikkje
fordra å reise, er berre stress.



Awarden gir eg vidare til



Ha ei strålande fin helg.



.

tirsdag 1. juni 2010

Ferdigsprayet loppisvarer.


No har eg fått spraya nokre av tingene som
eg kjøpte meg på loppemarked på søndag.

Det er 6 av dei glassbrikkene, syntest ikkje det var
nokon fin farge på dei, men eg likte det utskåre
mønsteret. Så dei to svarte høge lysestakene,  ldet
fine rosa/lilla glasset syntest nesten ikkje på dei.
Ramma hadde ein ubestemmeleg grønngull farge.
Eg likte den mykje betre no når den vart kvit.





Prøver meg på å lage ei fotomontasje gjennom
Picasa, så får eg sjå om at eg får fine bilder
på bloggen med dette.

Om du trykjer på bildet så ser ein det
litt tydlegare. Ser bildet kanskje
vart litt lite.

Kva synest du om bildene?
Posted by Picasa

Prøver meg på Pledd.no igjen eg. :)


Har meldt meg på ein konkurranse her:
http://tiinuz88.blogg.no/1274804285_konkurranse__babypled.html#comment