søndag 5. september 2010

"Loppis" og bryggjarbrød. :)



Jaudå, eg er ho her ennå, sjølv om eg er lurer
litt på om eg held på å "rotne på rot".

Er blitt gjort utruleg lite i det siste.
Iallefall sånne ting som eg kan blogge om då.

Planen var at vi skulle pusse opp kjøkkenet no i haust.
Men det går ikkje alltid sånn som planlagt. Ikkje det,
eg skal jo ikkje klage.
Planen var at mannen skulle bli 50% permitert på jobb,
sånn at han berre jobba annakvar veke. Men sånn
blei da ikkje, vart ingenting av denne permiteringa, så
det skal jo vi vere glad for. :)
Men det betyr at ting vil ta litt lengre tid enn planlagt.

Men vi skal altså skifte ut golvbelegget på kjøkkenet.
Og her er golvbelegget som eg vil ha. Litt dumt
men eg får ikkje til å berre legge inn bilete.
Det er det som heiter: Pecan 0511 som eg vil ha.
Fargen som eg vil ha på vegen er: Lady: 1183 symi
Og på skapdørene skal eg ha: Lady: 7236 chi

Ellers så var eg på loppis på laurdag.
Det var ein gedigen skuffelse, har aldri vært på eit loppis
som har hatt så lite interesante ting.

Eg kjøpte med meg tre ting.
Og dei er ikkje til meg eingong.



3 oppbevaringsbokser i glass med lokk, som min søster
skal få.


To store ølkrus til gubbeliten. :)
Han og nokre naboar her bryggjer øl sjølv.
Og så har han klaga på at han ikkje har skikkeleg
ølkrus, sånn som dei andre har fått seg. Så då fant eg
ut at desse kunne no han få.

No i helga har dei bryggja igjen.
Det betyr at eg får mykje bygg-gryn.
Eg får restane som dei har kokt malt på. Og det pleier
eg å bake brød av. Verdens beste brød forøvrig. :)



No står den til heving til i morra formiddag. Då skal eg
elte den på nytt, så la den etterheve nokre timar.



Sånn vil resultatet sjå ut. Snadderbrød.



Og sånn serverest det:
Med godt smør og appelsinjuice.
Men min mann og resten av Avkroken Bryggjarlag dei
drikker nok øl til sitt brød ja. :P


Minner om min Pay it Forward i forrige innlegg, treng to
til som kan melde seg på der.
Nokon som har lyst på ein liten pakke i posten?
Skriv " eg vil delta" i kommentarfeltet om du vil
vere med på dette. Håpar eg får to til som vil delta.


Ha ein strålande fin kveld og ei
fantastisk flott veke. :)


.

4 kommentarer:

Martilie sa...

Ofte tar ting lengre tid enn planlagt!
Men bra dte ikke ble permitteringer allikevel..

Kos med loppisskatter - og det brødet så deilig ut!!

Ha ei flott ny uke!

Tusener av takk for alle gode ord hos meg -dte er sååå koselig!

Klem fra Tove

Shy sa...

Ja, du har vekke ei stund. Men det er no vel lov...Det skjer jo litt andre ting i lvet enn blogg! Flink å bake brød du. Eg har lite tolmodighet med sånnt som skal heve over fleire dagar, men det er sikkert dei brøda som er best!

Nostalgia sa...

Mmmm skulle likt å smake det brødet ja :-)
Trasig med slike loppiser, har vært på noen slike ja... til helgen er det forresten den store loppehelgen her i Bergen :-)

Ønsker deg en fiiin uke
klem*

* Hege`s Cute N Cool Blog * sa...

Ja gud så heldig du er som har tilgang på kabetrommler hehe...:))) Kjempelekker den trommelen med blomster ♥ Har tilgang jeg oxså , men begrenser sej litt hva jeg har plass til :))Men må vel ha 3 bord i første omgang tenkte jeg , kansje jeg skal ha skrift og snurrehjul på ;)) Tralala...

Ønsker dej en super dag videre ♥