søndag 25. april 2010

Stova mi.

Tenkte eg skulle prøve meg på å blogge igjen.
Eg har tidlegare hatt ein blogg der eg viste frem kva for
handarbeid eg helt på med. Men har ikkje tid til så mykje
handarbeid lengre, så tenkte eg skulle kombinere denne med
litt inredning.




Dette er den delen av stova der eg har caffelattefarga vegger.
Seksjonen var tidlegare trekvit, men da gjekk eg lei.
Så då var spørsmålet om eg skulle male
dev kvitt eller bruke ein anna farge.
Det vart som de kan sjå, at eg beisa den
mørkebrun. Ein farge eg likar veldig godt.





Her er den veggen eg valgte å ha ein anna farge på.
Tapeten her er lagt på tvers, då ein loddrett stripete
tapet ville vere litt feil for meg.
Men eg likte så godtfargane i denne tapeten.
Eg har bestilt meg ny salong til stova, så når den vert levert
i veke 19 så skaleg ta nye bilete og syne dykk korleis det
då ser ut i stova mi.
Ser at bileta vart små, men finn ikkje ut korleis eg skal få dei
større. Får leite meg litt frem på denne bloggen, så
finner eg vel det ut tilslutt.
Ha vidare ein fin søndag alle sammen. :)




1 kommentar:

Mitt Hvite Skattkammer sa...

Se der ja, Gratulerer så mye med ny blogg :o) Bildene får du størrre ved og trykke på den når du legger dem inn ... det kommer en linje under hvor det står liten - stør - størst eller noe slikt... men jeg kan jo vise deg neste gang du er her på kaffe besøk :o)