I fjor så fekk eg laga meg nye hagemøbler.
Dei er laga av kabeltromler. Ein stor til bord og
6 små til stoler.
I år håpar og trur eg at eg får ferdig putene til stolane.
Det eg har gjort med desse tromlane er at eg har
pussa dei ned med ein vinkelslipar, måtte det siden
det er metalbiter på endene.
Så har eg beisa dei brune. Dei minste tromlane som skal
vere stoler har vi satt firkanta klosser under for å få
dei i rett høgde til bordet.

Så har eg tatt ein liten kabeltrommel og fjernet nokre av
plankene i stammen. Sånn at eg fekk meg ein ny
blomsterkasse.
I år så må vi også gjere noko med dekket til altanen,
ser jo at det er blitt frykteleg slitt etter vinteren.