søndag 22. januar 2012

"Nye" seksjonen min. :)



Endeleg så har eg fått vekk den gamle seksjonen 
min som eg rett og slett ikkje likte.

Eller, eg har faktisk tatt i bruk deler av den.




Den har fått nytt liv som tv-benk. For den var ikkje 
akkurat vakker den gamle der heller. Det var eit 
Phillips-bord som var laga for eit crt-tv. 
Men no er ledningane vekke, men eg må sjølvsagt 
pusse, beise og lakke denne der hyllene har stått. 
Og så må eg nok ha eit nytt heimekinoanlegg, for 
det som vi har no vart rett og slett grusomt no 
når høytalerene måtte stå opp på benken. 




Sjå..............er ikkje denne teakseksjonen vakker?

Eg fekk meg altså tre nye deler til denne. Var 

meininga at alle fire delene skulle stå samla, men det 
var det rett og slett ikkje plass til. 
Eg må flytte nokre ledningar, no når eg ikkje treng lys i 
seksjonen. Draumen no er jo eit fint spisebord og fine 
stolar i teak. Er litt lei av dei stolane med raudt stoff 
og det bordet eg har no. 




Bytta om litt på kva nederste del eg valgte
å ha på denne delen som må stå for seg sjølv.
Og under alle seksjonsdelene har eg satt eplekassene
mine. I to av dei så er det LP-plater, i dei andre så får
eg sjå kva som vil passe. Gjerne magasiner ol. 


På tide med litt endringar i heimen, så no blir det 
full loppisjakt på meg igjen. :)


Men eg sliter litt med kameraet mitt. Sikkert eg som 
har vært bort i ein eller annan instilling, for bileta blir
så uklare, nett som om eg ristar på nevane.
Men får prøve å finne ut av dette, for vart stygge bileter.

Jaja, ønskjer alle som er innom ein fin søndag.


lørdag 21. januar 2012

Få den vekk................


I går og i dag så har eg demontert seksjonen min.
Endeleg får eg den vekk. 




Eg har mislikt denne seksjonen omtrent frå eg fekk 
den i hus, for eg kjøpte den på Bohus på Stord for
å ha tv i den. Det var back then det var berre crt-tv.
Og butikken sa at joda, dette var eit veldigt bra
tv-møbel. 



Men når eg fekk den heim, fekk den montert så var for det 
første vitrinedøra knust, vi fekk tilsendt ny to gonger før
dei klarte å gje oss ei som var heil.

Og så passe det ikkje med tv i benken, fordi den var 3 cm
for smal til tv. Etter det så likte eg ikkje benken.
Den var trekvit når eg kjøpte den, men har beisa den mørk
brun. Men likte den ikkje noko særleg då heller nei. 

Men no................
har eg fått meg verdens finaste seksjon.
Skal leggje ut bilete av den i morra, for alle bileta eg har
tatt i går og i dag er så "skurrete".

Ha vidare ein fin laurdagskveld. 


onsdag 11. januar 2012

Ny seksjonsdel og litt til. :)



Det der med at eg ikkje skulle handle så mykje
no på nyåret, gløym det, funker ikkje det løftet. hehe

På Finn Kvinnherad på FB så har eg atter ein gong
vært å hatt meg ein liten handel. 



Fekk denne vakre fine teakseksjonen for 350,- , slett ingen
vond pris synest eg.
Eg har bestilt meg ny LP-spille, så då var denne mitdt
i blinken for meg.




Sjå................inni her skal LP-platene mine få stå.
Det blir kanskje litt fullt når eg har fått inni alle platene,
men tenkte at under denne kunne eg ha ei av eplekassane 
mine med plater, trur det vil sjå fint og ryddigt ut. 


Men snille dama eg handla med, ho var på flyttefot, så 
ho ville no bli kvitt litt av det ho ikkje trengte, så eg
fekk denne fine puffen/krakken med på kjøpet.




Veit ikkje heilt kor eg skal ha den, men kanskje den
vil vere kjekk enten på hobbyrommet eller på
soverommet, der eg kan ha sokkene i den?




Sjå kor fint trekket er på den, det ser faktisk nesten
heilt nytt ut, så det vil ikkje bli skifta ut med det
første trur eg. Eg er litt glad i å beholde ting
i orginal form om eg kan gjere det. 

Sjå, det er no god plass opp i den og ja.
Men eg lurer på om eg har litt lyst til å trekke
innsida på den. Blir litt finare om eg limar på
eit fint stoff der. Eg brukar same spraylimen som 
dei brukar til å lime fast tak osv på biler, då veit
eg at det tåler litt.




Og til helga så får eg kanskje tre rekker med teakseksjon til.
Har ei som har lovd at eg kunne få hennes, for ho hadde ikkje
brukt for den. Og klart, eg takkar ikkje nei til eit sånt fint
møbel. Gledar meg til å få vekk den stygge seksjonen som
eg kjøpte på Bohus for ørten år sidan. Den har eg eigentleg
aldri likt. :)




Ønskjer alle besøkjande ein fin kveld. 









lørdag 7. januar 2012

Småting fra salget på Kid.


I går var det fredag, så då var det venninnetreff
på kafeen her.
Og siden vi då er på Storsenteret, så vert det jo 
besøk på butikker og. 




Fant desse to fine telysestakene.
Dei var til halv pris, og det er jo sånt som 
eg likar ja.
Dei er så skjarmerande skeive at eg berre måtte ha dei. 



Det er nesten så eg mistenkjer at dei er handlaga,
ellers må det vere annensortering. 

Eg kjøpte meg ei fin blomepotte og to lysestakar til 
50% avslag og.



Ser at eg meir og meir kjøper ting som går litt 
under sånn blingbling.  hehe

Men eg har alltid vært som skjora eg, likar det
som blenkjer og skin fint. 




Likar den fine bølgekanten på potta, og det fine
mønsteret som går rundt på blomepotta.
Sjå kor blank og fin den er. 




Og den er blank og fin lysestaken og.
Enkel og grei i mønsteret. 
Det var tre ulike typar i denne høgda, 
men dei to andre var firkanta i foten, 
og det passar liksom ikkje inn her. Trur eg. :)


Ønskjer dykk alle ein fin laurdagskveld.