fredag 29. juli 2011

Stille og roleg helg.



Då er det fredag igjen.
Her i huset vert det ei stille og roleg helg.

I dag har eg lyst til å vise frem nokre "lyspinner" som
eg kjøpte på Lampehusbutikken her.
Den avslutta og hadde opphørssalg. Så då var det
jo bare til å handle litt gøye ting då.




Det er vel strengt tatt julepynt dette, men synest når
eg plasserte det i ein vase med nokre blomar
så vart det heilårspynt.
Jada, eg veit plastblomar er ikkje akkurat det heilt store,
men syntest desse blomane frå Europris var no litt
fine eg. :)





Er vakkert lys som kjem ut av desse kulene.
Det gjer ikkje så mykje lys, men det er akkurat nok
lys til å lyse litt opp i den mørke kroken dei står i.






 
Hilser nye følgjere velkomne og ønskjer alle
som er innom ei strålande fin helg.




lørdag 23. juli 2011

Ein sorgens dag for Norge.



I dag skulle eg egentleg fortelje om korleis vi skulle
feire 16 års bryllupsdag.

Men diverre så vart ikkje dagen heilt sånn som den skulle.

I stadenfor feiring så vart dette ein sorgens dag for alle
oss i Noreg. Ufatteleg at eit menneske kan utføre ei så
ondskapsfull handling.




På ein dag som dette er det igjen viktig å huske
på at handlingar som dette ikkje blir utført av
raser eller hudfarger, av stater eller verdensdeler,
men av ENKELTPERSONAR og grupper som har mista
fokus på det som er viktig i Verden:
Samhald, omsorg, forståing, empati og kjærleik.

♥♥♥
I dag har eg tent eit lys for dei som er råka
av terroren i Oslo/Utøya 22.07.11.
Og me flaggar på halv stong.
♥♥♥





lørdag 16. juli 2011

Laurdagskos og "nye" koppar.



Endeleg så har vi fått nokre dagar som kan minne om
sommar her på Vestlandet.
Og då må ein jo sjølvsagt kose seg så godt ein kan. :)

Å sitte ute å ete spekemat er for meg ein sommarsyssel. 




På denne fjøla har eg hatt på:
Spekepølse av geit frå Undredal,
Elgpølse, Salami, Strandamårpølse,
godt flatbrød, agurk og tomat frå
naboen sitt drivhus og i dei kvite skålene
er det Bringebærsirup og Tyttebærsirup
frå Undredal. Det er bare så snadder
med denne Sirupen til spekemat.


Fekk meg også to fine tekoppar no når vi
var på ein liten tur til Vik i Sogn og til
Utvik i Nordfjord.



Dei kjem til å vere ypperlege til å servere suppe i, og på
fatene kan eg då ha rundstykke eller skive. :)



Håpar alle ellers har ein fin sommar. :)



.



søndag 3. juli 2011

Ute på tur aldri sur. :)



Å finne på ulike ting som fenger tenåringer
utandørs er ikkje alltid like lett.

Så i år har vi invistert i ein liten båt med
påhengs. Så får vi sjå kor mykje den vert brukt.

Til no har dei vært ute kvar dag, uansett om
det er sol eller regn. 


Så til no må eg jo berre innrømme at dette var ei
god investering. :)

Frykten er jo at dei heile sommaren skal finne på
å sitte inne og berre sitte å sjå på tv eller
leike seg på pc eller spillemaskiner.
Noko ala dette også:





Hehe, litt morosam denne då.


Men heldigvis så har eg funnet eit utespel som engasjerer
dei litt. Det er Kubb/Vikingspelet. Dei er ute fleire gonger om dagen å speler dette.
Så det var jo og ei god investering.




 


Flink med gode kjøp i det siste eg, tydelegvis. hehe




Så får vi håpe at vi får betre vær neste veke, synest
faktisk av vi fortjener litt sol og sommar no.