mandag 27. juni 2011

Lite nytt som skjer.



Det skjer lite nytt her på denne kanten.

Men eg har jo sjølvsagt fått med meg kafebesøk med
venninner siden sist eg blogga.

Einaste eg fant meg då var denne flotte kakaokoppen
med frukostfat på -nille.




Siden sommaren forsatt ikkje har tenkt å komme,
så er det godt med ein kopp med varm
kakao om kveldane.
Så den har vært eit godt kjøpt denne koppen. :)





Det skjer diverre lite nytt her på denne kanten, derfor
er det så dårleg med oppdateringar.

 
For formen er forsatt ikkje på topp, men no er det
berre ei veke igjen med pencilinkur og så
ein tur tilbake til sjukehuset. Håpar dei får fixa dette
her for no er eg rimeleg lei av å vere sjuk.
 
Sitter for det meste å leser eller hekler babytepper.
Teppene skal eg sende til Prematurstrikk til SUS ,
det er ei hobbyvenninne av meg som har starta
denne FB-siden.



Før eg starta opp denne bloggen så holdt eg for det
meste på med handarbeid.
Men så "maste" Mitt hvite skattkammer så
på at eg måtte starte å blogge igjen, så sånn
vart denne bloggen til. :)
 
Skulle gjerne vist dykk den forrige bloggen min,
men den er diverre blitt hacka. Og eg har ikkje sett
det som nødvendig å betale for å få den tilbake,
siden den har vært lagt brakk i over eit og eit halvt år.


 
Ønskjer alle ein fin kveld.
 
 

Og så skal eg prøve å ikkje la det gå 12 dagar til
neste oppdatering.

.

onsdag 15. juni 2011

Venter på sommaren.



Sitter her å venter på sommaren, det
ser jo ikkje ut som om den heilt vil komme
i år, diverre.

Men når den endeleg kjem, ja då skal eg kose
meg med desse herlighetane her:



Som eg håpar gjer meg mange og flotte jordbær.

Så har eg desse:




Som skal bli knallgode raude bringebær.

Eg elskar den tida på året når eg kan berre
gå rundt huset og "snope" meg alt muligt godt.

Og til hausten får eg desse:




Som skal bli deilige Victoriaplommer.

I tillegg så har eg:
Raud rips, kvit rips, gule bringebær, bjørnebær
stikkelsbær og blåbær.


Er det rart eg er glad i sommaren og hausten?

Ønskjer alle ein strålande fin dag. :)



.




søndag 5. juni 2011

Fine fruktkniver.

Sjå denne fine fruktknivoppsatsen eg har fått i hus.




Den kjem frå Nostalgias Uthus.
Når eg såg den bli lagt ut, så visst eg at den
måtte eg berre ha.




Sjå dei fine vakre detaljene på knivhalderen.
Er jo rett og slett ein fin pynt i seg sjølv.
Besteforeldrene mine hadde ein sånn knivoppsats,
og eg har alltid hatt lyst på ein eg også.
Så då var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for at
denne ville eg ha. :)


Den passar så godt i lag med denne fine skåla
som eg fant på siste loppemarked eg var på.


No står begge to fremme i hylla mi og pynter opp.
Og gode var knivene til å skjære epler med også.

Men no må eg berre leite etter fine fruktskåler/fat
som kan passe i lag med desse to.



Det er litt dårleg med innlegg frå meg for tida, men
formen er ikkje heilt som den skal.
Har fått vite kvifor eg har vært så dårleg i fleire mnd no,
 har fått diagnosen Nevroborreliose ,
så eg har vært å tatt Spinalprøve , CT og
fått antibiotika som eg skal gå på i 4 veker.
Så håpar eg at etter endt kur er eg fit for fight. :)



Ønskjer alle mine lesare ein strålande fin søndag.


.

søndag 29. mai 2011

Besøk på Gjenbrukstorget.

På miljøstasjonen her så er det ei bod som
ein kan sette inn ting som kan vere brukande
for andre. Og der kan ein finne fine skatter om
ein er der rette dagen. 



På fredag så var eg og ei venninne innom der.
Var skuffande lite spennende ting. Men eg fant meg
to fine urner/krukker til å ha blomster i.




Eg er ikkje heilt sikker på om denne blåfargen passar
hjå meg, men dei var så søte så måtte berre ha
dei med meg heim.

Ev. så kan eg sette dei på eldsteguten sitt rom når
det vert ferdig opp-pussa.
For han vil ha ting i denne blåfargen.





Men eg sliter som så mange andre med å leggje att kommentarer.
Frykteleg kjedeleg. Eg er jo så glad for kommentarar sjølv,
så ekstra kjedeleg når eg er innom andre utan å leggje at
eit lite spor etter meg. Men det er ikkje det at eg ikkje vil,
det er diverre noko tull her med blogger. Håpar det rettar seg snart.

Ha vidare ein fin søndag alle sammen. :)


. 





søndag 22. mai 2011

Give Awaygåve og hekla teppe.



Eg var så heldig å vinne 1. premien i Give Awayen

Det var denne superfine vekta som var premien.




Den er berre så sjarmerande skeiv i vektfatet at den berre
er rett og slett nydeleg.

Eg fant ut at den ville vere perfekt til å ha tomater på. 
Deilige nyplukka tomater frå min søsters 
tomat/agurkgartneri.




Og så har eg fått ferdig ein gammel ufo ( ufo= uferdig objekt ).
Teppet er hekla i Sisu og Senja. Det er ca. 160 cm tvers over.
 No er det bare å finne ein baby som kan få det til vogn/koseteppe. :)




Beklager dårleg bilete, men eg måtte skunde meg før regnet kom.

Då håpar eg at alle får ei fin og nydeleg veke.


.





torsdag 19. mai 2011

Konfirmasjon og 17. mai.



Den 8. mai i år vart min eldste sønn konfirmert.
Vi hadde ein flott dag, med nydeleg vær og koselege gjester.

Guten sjølv bestemte all pynt til dagen.
Det var jo hans konfirmasjon sa han.




Og vi hadde Koldtbord som vi laga sjølv til middag
og mange gode kaker.




17. mai tok vi stille og roligt heime.
Men vi fekk oss både is og pølser med brød.

Og så måtte vi sjølvsagt ha rømmegraut til middag,
det er einaste maten som duger for meg den dagen. :)




No vart det litt lang tid før eg fekk laga eit innlegg
denne gongen.
Men eg er forsatt sjuk, så eg har vært totalt utslitt
dei siste vekene, men no ser det ut som om
formen tar seg opp igjen, heldigvis.

Ønskjer alle mine lesare ein flott kveld.


Og i morra er det fredag så då skal eg på
venninnetreff på Konditoriet her. :)


lørdag 30. april 2011

Kafebesøk og shopping.

I går var det fredag, og det betyr kafebesøk og
shopping med venninner.

Finnest det betre måte å avslutte veka på enn å ha
koseleg kafetur og shopping i lag med gode venninner?
Nei trur ikkje det.  :)



God mat må ein ha, så ein orkar å gå rundt på
butikkar nokre timar.
Fast innslag er kakao med softis. Usunt som fy,
men søren meg kor godt det er.

Denne gongen så var det opphørssalg på eine
blomebutikken.
Så då fant ein jo sjølvsagt noko fint som
ein berre måtte ha med seg heim.




Ein fin virhassel ( trur eg det heiter ) og tre hjarte
laga av surra kvister.
Tenkte eg skulle finne ein fin plass å henge opp 
kvisten, så kunne hjartene få henge ned frå den.




Har litt lyst til å henge det i eit vindauge, rett og
slett fjerne gardinene og så henge dette opp
i stadenfor. Trur kanskje det kan bli litt fint. :)





Fant også denne flotte vasen av pinner og reagensglass.
Trur det blir flott å sette td. tre roser i denne.

Men må ha meg ein tur på butikken å få kjøpt roser først.
Tenkte jo ikkje på å få det med meg heim igjen. 




Fant også to ulike fine metallhjarter. Det eine
var pynta med fine perler.
Det med perler har ei lang stang bak,
men den trur eg at eg rett og slett berre kuttar av,
så kan eg heller henge opp hjartet.
Betre bruksområdet det trur eg.



Men no skal eg laga til grillmaten, sånn at dei får
i seg litt mat dei som "sliter" med å få hagen og
blomebedd fine.
Eg likar ikkje i det heile tatt å holde på med sånt
hagearbeid, ikkje heilt min ting det nei.
Derfor er eg så glad i desse treplattingane våre.
Mykje kjekkare å plante i krukker dei fine blomane ein vil ha.



Ønskjer alle sammen ein strålande fin laurdag. :)





.

tirsdag 26. april 2011

Snart konfirmasjon.

Ja 8. mai skal min eldste son konfirmere seg.
Føler at eg har det meste under full kontroll, trur eg. :P

I dag kom mamma med bordkorta som mi snille
stesøster har laga til konfirmanten.
Er dei ikkje fine vel?



Og dette hjarta med eit reagensrør i ønskja konfirmanten sjølv.
Det skal vere to kvite roser i reagensrøret har han bestemt.


 

Og sia vi då får gjester så må ein jo stelle til huset. Så eg var innom
-nille ein tur der eg kjøpte desse fantastisk gode klutane til å vaske
vindauga med.




Dei er berre heilt suverene, reint vatn på den gule kluten, vask over
vindauget så tørk med den blå, får då blanke fine vindauge.

Vi skal ha koldtbord, så no håpar eg at eg har fått med meg alt det
eg treng av mat.
Vi skal ha:

Roastbiff m/ remulade, tomat og agurk
Skinkesteik m/ surkål, svisker
Spekeskinke m/ agurksalat
Røykelaks m/ eggerøre, tomat og agurk
Fenalår m/ vannmelon og jordbær
Reker m/ majones og sitron
Karbonader m/ steikt lauk
Kyllingfile i skiver

Potetsalat
Pastasalat
Rissalat
Brød
Smør
Tacokjøttdeig m/ skjell og tacochips.
Mais, reven ost, agurk, tomat, raudlauk
 

Nokon som meiner at eg manglar noko?
Er så nervøs for at eg skal ha gløymd noko.  hehe



Så får ein berre halde seg så frisk at ein får vere heime.
Har hatt feber i over 2 mnd no, ganske så kjedeleg.
Og CRP den stiger og stiger, men får sjå kva dei
nye testane eg tok i dag seier.
Kryssar fingrane for at dette forsvinner snart. :)



Ønskjer alle saman ein nydeleg solskinsdag.

søndag 17. april 2011

Give Awaygåve og andre gåver.

Eg har vært så heldig at eg har vunne premie hjå Fjordheim
i hennes Give Away.
Der vant eg denne skjønne duken som ho har laga sjølv.


I pakken var det også eit fint kort, eit nydeleg hjarta som
ho har laga, ei fin fyrstikkøskje, ein liten søt engel og eit
fint tag som det står Grip Dagen på.
Det var med ein fin raud hjartesjokolade også, men den
forsvant før eg fekk tatt bilete av den. :)



Og det var pakka inn i eit nydeleg papir. Lurer litt på om eg skal bruke
det som bakgrunn i ei biletramme. Må iallefall finne bruk til det.



Eg har og nett hatt bursdag, og frå ei venninne fekk eg
dette nydelege bestikksettet som er kjøpt på Kid.
Tusen tusen takk Solveig. :)


Og så har eg vært å snopt meg desse søte fine hjarta inne
på Kid.





Ønskjer alle mine lesare ei fin og triveleg. påske. :)



.


fredag 15. april 2011

Div. påskeegg.

Endeleg så er det snart påskeferie.
Og når påska kjem så må en sjølvsagt ha påskeegg.

I år så har eg kjøpt meg nokre nye. Som desse fine
egga frå Til Bords.



Og så fant eg eit nydeleg fint egg i metall inne på Kid.
Så det måtte også få lov til å bli med meg heim.




Og så har eg bestilt meg ein del glassegg frå Panduro.
Nokre av dei har eg fått tid til å pynte.

Men må ein tur på butikken i dag å sjå om ikkje eg finner noko
meir å pynte dei med. Diverre så er det dårleg med scrapbookingutstyr
på butikkane her. Burde jo sjølvsagt ha bestilt dette på nettet også.
Men eg likar å sjå på sånne ting. For det er ikkje alltid det er like
fint eller passar i virkelegheita sjølv om det er fint på bilete.




Men no må eg gjere meg klar til kafebesøk og shopping
med gode venninner. Det er liksom fast innslag det kvar fredag.
Flott måte å feire ukeslutt på. :)

Ønskjer nye følgere velkomne og ønskjer alle ei strålande
fin helg.


.


onsdag 6. april 2011

Fleire loppemarkedskatter.

I helga var eg atter ein gong på loppemarked.
Ikkje at det var så mykje eg fant denne gongen.
Skal jo ha plass til alt dette eg kjøper også.

Men fant 4 fine små CocaCola-flasker til bare 20,-.
Ikkje at eg heilt veit kva eg skal ha dei til.
Men fekk brått så lystbpå dei når eg såg dei.
Men finner vel på noko lurt med dei også.



Fant også to vegghengte avisstativ til bare 20,- pr stk.
Dei tenkte eg gutane kunne få til å ha på rommene sine.
Så får dei kanskje litt meir orden i desse bladene sine. :-)
Men har egentleg litt lyst på dei sjølv, men er ikkje sikker på
om det vert fint å henge opp desse i stova.




Fant også ein søt liten Irish Coffeekopp til 5,-. Ikkje at eg drikker
dette, men har ei venninne som er veldig glad i Irish Coffee,
så den tenkte eg at ho skulle få av meg.




Det er jo til og med oppskrift på den, så no kan ho lage det til seg
sjølv og ikkje måtte mase på mannen kvar gong ho har lyst på det.
Eller kanskje kosen er at han lager det?  Jaja, det finner ho vel ut av
sjølv trur eg.

Eg kjøpte meg også eit Raclettjern, men diverre så var ikkje det
i orden. Endå det var ubrukt og alt. Men det slo ut jordfeilbrytaren
når eg skulle prøve det. Så då var ikkje det noko å samle på.




Men men, det kosta meg berre 10,- så då er ikkje det eit stort
tap. Men dei små skålene skal eg ta vare på, for dei trur eg vert supre
til å grille kamskjell og scampi i til sommaren. namnam

Og så fant eg eit Pannekakejern til 10,-.
Jøss det viste eg faktisk ikkje at fantest ein gong. hehe
Men det berre MÅTTE eg ha altså.

Det står jo til og med Mors Pannekaker inne i jernet.
Så muligens denne dama og kan få til å laga pannekaker.
Må berre innrømme det, trur eg gjekk glipp av husmorgenet då det
vart utlevert.  *ler*




Fant nokre andre småting også, men dei får eg syne dykk ein anna dag.



Ha ein strålande fin onsdagskveld.


.

tirsdag 5. april 2011

Award frå From not to hot


Eg har fått en award frå From not to hot, som har ein blogg som
inspirerer meg og veldig kjekk å lese.

Eg skal svare på 10 spørsmål og gje den vidare til 5 bloggare
som har under 100 følgare.


Kvifor starta du å blogge?

Ja sei det du. Litt fordi eg hadde ei venninne som
"masa" litt på meg. Og litt fordi eg sakna blogging.
Den forrige bloggen min var ein handarbeidsblogg,
så den begrensa seg litt på kva eg la ut.

Diverre så forsvantden i eit hackerangrep. :(

Mens  denne bloggen inneholder litt av kvart.


Kva for bloggar følgjer du?

For at eg skal følgje ein blogg må den inspirere meg.
Nett no så er eg veldig glad i bloggar som har:
Opp-pussing, redekorering, gjenbruk.

Favoritt make-up merke?

Tja, sei det du, tar det dei har på Parfymelle her.
Sikkert greit nok. :)


Favoritt klesmerke?

Berre det passar, eg likar det så er ikkje merket så nøye.



Ditt 'må ha'-make up?

Dagkrem.



Favorittfarge?

Er veldig glad i lilla for tida, men mixer det med
kvit, svart og grønt.



Favorittparfyme?

Tåler ikkje parfyme.



Favorittfilm?

Eg ser ikkje på filmar, sovnar før dei er ferdige.
Foretrekker heller ei god bok.



Kva for land vil du besøke, og kvifor?

Likar meg veldig godt i Noreg eg. Men om eg skulle reise
utanlands no, så måtte det være Shetland eller Island.
Eine og aleine for garnet si skuld. hehe



Neste prosjekt?

Eit nytt heklateppe og ei hylle som treng litt forandring.



Også var det 5 bloggere med under 100 følgere da.

Det er fritt fram å ta utfordringa. :)





Og tittar du innom i morra, så skal eg vise deg nokre fine
ting eg fant meg på loppis i helga som var.


Ha ein fin dag. :-)

.







.

fredag 1. april 2011

Og litt meir loppisfunn.

Her kjem litt meir av det eg fekk fatt i forrige søndag på loppis.

Denne boksen/skrinet eller kva det no er synest
eg var så søtt at eg måtte ha det med meg heim.
Fekk det for 50,-, så ikkje så værst pris det.
Er vel litt meir retro enn det eg egentleg pleier å like,
men skal no finne ein fin plass til det.




Lurer litt på om det har vært brukt som eller er eit matskrin,
for inn i er det uttrekshyller til å legge noko på.

Men uansett trur eg ikkje at eg kjem til å
bruke det som matskrin nei.
Men finner sikkert eit godt bruksområde til skrinet.
Muligens kjekk å ha til noko av hobbystasjet mitt.




Fant også denne fine kista.
Veit no ikkje heilt kva den har vært brukt til.
Ei venninne meinte no at dette måtte no vere ei vinflaskekasse,
men trur ikkje heilt det for det er ikkje for inne i kassen.




Men skal no heilt sikkert finne eit fornuftigt
bruksområde til denne også.

Liknar litt i stilen på det ein kan kjøpe på Baronessa,
men er ikkje heilt sikker .

Den har iallefall samme farge som stovebordet,
så muligens litt garn og pinner kan få plass i den. :)




Og sist men ikkje minst, eg fant denne ybersøte
lille emaljekasserollen til bare 10,-. 
Tenkte at den skulle eg ha på kjøkkenet med
nokre urteplanter i.

Den er ikkje så stor, trur det går knapt ein 1/2 liter
i den. Men uansett, fin til pynt er den no.




Men no skal eg og feberen min slappe av resten av kvelden,
for i morra er det eit nytt loppis å besøke.

Er det mange andre kanskje som har loppisplaner for helga?


Ha ei strålande fin helg alle saman. :-)



.