Endeleg så har eg fått vekk den gamle seksjonen
min som eg rett og slett ikkje likte.
Eller, eg har faktisk tatt i bruk deler av den.
Den har fått nytt liv som tv-benk. For den var ikkje
akkurat vakker den gamle der heller. Det var eit
Phillips-bord som var laga for eit crt-tv.
Men no er ledningane vekke, men eg må sjølvsagt
pusse, beise og lakke denne der hyllene har stått.
Og så må eg nok ha eit nytt heimekinoanlegg, for
det som vi har no vart rett og slett grusomt no
når høytalerene måtte stå opp på benken.
Sjå..............er ikkje denne teakseksjonen vakker?
Eg fekk meg altså tre nye deler til denne. Var
meininga at alle fire delene skulle stå samla, men det
var det rett og slett ikkje plass til.
Eg må flytte nokre ledningar, no når eg ikkje treng lys i
seksjonen. Draumen no er jo eit fint spisebord og fine
stolar i teak. Er litt lei av dei stolane med raudt stoff
og det bordet eg har no.
Bytta om litt på kva nederste del eg valgte
å ha på denne delen som må stå for seg sjølv.
Og under alle seksjonsdelene har eg satt eplekassene
mine. I to av dei så er det LP-plater, i dei andre så får
eg sjå kva som vil passe. Gjerne magasiner ol.
På tide med litt endringar i heimen, så no blir det
full loppisjakt på meg igjen. :)
Men eg sliter litt med kameraet mitt. Sikkert eg som
Men eg sliter litt med kameraet mitt. Sikkert eg som
har vært bort i ein eller annan instilling, for bileta blir
så uklare, nett som om eg ristar på nevane.
Men får prøve å finne ut av dette, for vart stygge bileter.
Jaja, ønskjer alle som er innom ein fin søndag.
Men får prøve å finne ut av dette, for vart stygge bileter.
Jaja, ønskjer alle som er innom ein fin søndag.