torsdag 31. mars 2011

Litt frå siste loppis. :)



Beklagar at ting tar tid her, dårleg med oppdateringar
for tida, men forma er ikkje som den skal.
Har feber på 4. veka no, men får håpe den snart forsvinner.
Blir jo så sløv når ein er full i feber heile tida.

Men må innrømme at eg er slett ikkje sjukare enn at
eg går på loppis. Hehe

Fekk fatt i eit nydeleg Quilta vattert teppe. Det kosta
Ikkje meir enn 10,- så då må ein jo nesten berre ta det
med seg heim då. Det er eit som har vært i sal i butikk,
for det har vaskelapp på seg.





Det er ganske stort, så det er vel til ei seng eller liknande
trur eg. Det er 140cm*240cm.
Men eg skal no ha det ute til å sitte på eller ha rundt meg når
eg sitter ute å leser. Håpar jo sjølvsagt på mykje fint vær
Framover så eg får kosa meg med teppet. Og likte så godt
fargeblandinga på teppet.
Og så har det så fine glatte gode stoffer.





Fant og ei fin flaske med ein søt sølvkork.
Nydeleg mønster på flaska.
Men kva eg skal bruke den til veit eg ikkje.
Kanskje den berre kan stå der til pynt? Vert vel
til det ja.





Men det som er problemet med den er at inne i flaska
Så er det ein kvit ring. Sikkert fordi at det har vært noko
i flaska som har laga merke for eg har samme problemet
med ein glasvase eg har, men no har eg vaska den to
gongar i oppvaskmaskina, og latt den stå natta over med
bakepulver i. Men flekken er der ennå.
Nokon som veit korleis eg får fjerna dette?




Men no trur eg at eg forsetter å lese i boka mi.
For etter ganske så mange år er Jean M. Auel komt
ut med siste boka si om cro-magnonjenta Ayla i
serien om Jorden Barn.

Ha ein strålande fin dag. :)


. 

torsdag 24. mars 2011

Stige og kikhoste. :)




Ja ikkje at dei to tingene høyrer sammen då.

Stigen har eg kjøpt på Fjorn`n Blomster ,
dei har fått inn mykje nytt frå Bloomingville.

Og det er jo sånt som en likar veit eg.  :) 




Men ser at den ser litt usyneleg ut på den veggen med den
stripete tapeten, så må nok flytte den ja.
Men då vil eg ta å ommøblere heile stova trur eg. :)


Eg har og fått ein søt liten vase, men veit ikkje heilt om
den passer hos meg og kva eg skal bruke den til.
Den er bare 12 cm høg, så det vert ikkje store blomar eg
kan ha i den nei.




Eg trudde jo bare at eg hadde ein seigliva influensa her, men nei du.
Her har ein anskaffa seg kikhoste. Men no er eg starta på
penicilinkur og håpar at eg vert kvitt det.
Ja og det med kikhoste, eg trudde eg var vakinsert mot sånt eg.
Men det var eg jo ikkje, den varer bare i sånn ca. 5 år den vaksinen.
For det er for barn den er farleg å få.
For det er ei tung hoste som følger meg ja. 



Må jo bli betre veit eg, det er jo loppis her på søndag.
Det er jo sånt som ein må få med seg ja. 


Ha ein stålande fin dag alle sammen.


Og velkommen til nye følgere.


.

torsdag 17. mars 2011

Ein bloggfri fredag.


I morgon blir det stille her på bloggen min.




Alle har vel sett de uverkelige bilda på nyhendene?

Eg finner ikkje noe meir dekkande ord enn uverkelig.
Det er to ting vi kan gjere:

Tenne lys og gje pengar til hjelpeorganisasjoner.

Du kan bidra HER.




tirsdag 15. mars 2011

Gåve i posten. :)



I dag fekk eg ein superfin gåve i posten.
Den fekk eg av En følelse av luksus .

Eg var heldig og vant 2. premien i hennes Give Away.
Så tusen takk til Ein følelse av luksus for den flotte premien.

Sjå den fine pakken. Med eit fint
"tusen takk"-kort .



I pakken var det mykje fint.
Bland anna denne fine posen med masse
velduftende lavendel.




Servietter, telys og to fine telysestaker og ein god sjokolade.

 


Så no skal eg finne ut korleis eg skal pynte her heime
med dette.



Så vil eg ønskje nye følgere velkomne. :)


Må og fortelle at mitt barnebarn er blitt operert på Rikshospitalet,
og det ser ut som om alt går veldig bra.
Vi veit først om to veker om alt går som det skal.
I mellomtida skal ho vere heime med mamma og lillebror å
kose seg kjempemasse.
Her er ho like etter at ho vakna etter operasjonen:



Må de alle ha ei superfin veke. 


.



torsdag 10. mars 2011

Eit nytt fint syskrin.

I dag var eg utfor døra for første gong på 14 dager.
Eg fekk sjølvsagt influensaen,
sjølv om eg ikkje hadde bestilt den. :P

Den var rett og slett ikkje kjekk å få nei, feber,
vondt i hodet og verk i heile kroppen. Fysjom, godt
eg er ferdig med det for denne gongen.

Og siden eg no først kom meg på butikker
så måtte eg jo innom Baronessa ein tur igjen,
ja og sjølvsagt hadde eg med meg noko derifrå ja.




Eg fant dette nydelege syskrinet.
Det blir flott å få samla litt av småplukket mitt i det.
Til no har eg berre hatt ei lita trekantveske sydd av
voksduk til dette.
Så muligens eg får litt meir orden i systemet mitt.
Likte veldig godt desse miniatyrfigurane i lokket. Det var
vel dei som fekk meg til å kjøpe dette.



I går reiste vetlamollo mi til Rikshospitalet.
I morra skal ho opererast. Så eg kryssar fingrane for
at dette går som planlagt. Då er ho tilnærma frisk etterpå.
Ho må muligens gjenta operasjonen om 2-3 år. Men det
får tiden vise.

Her sitter ho inne i flyet og ser ser rundt. Var jo litt spennende
dette å få fly for første gong. Sjølv om flyet var over 1 time forsinka. 



Bildet har eg ærleg og redeleg stjåle i bloggen til
datteren min.  hehe

Ønskjer alle sammen ein fin helg.


.


onsdag 2. mars 2011

Påskeegg. :)


Var innom Baronessa ein liten tur i dag, etter
at eg hadde vært hos legen, og der ser eg eg
desse vakre påskeegga som ser ut som
om dei er laga av stein.

Dei er laga i gips og så malt ser det ut som, og
så veg dei nesten ingenting.
Det vetle egget kostar 55,- og det store egget
koster 39,- ,  måtte jo spør om det ikkje var
feilprisa men det var det ikkje. Grunnen til at
prisen var så ulik var at det var to ulike leverandører. 

Eg ville egentleg ha to store egg. Sånn at eg hadde
to like egg. Men siden eg hadde med meg 13 åringen
min, så blei det ikkje sånn nei. Han vil ha eit ord med
i laget når eg handlar han ja. :)
Og når Mitt Hvite Skattkammer jobber der, og er heilt
enig med guten min, ja då hadde eg no tapt den
kampen ja.  hehe




Eg er ikkje sikker på kor eg skal plassere desse egga,
men syntest det vart litt stiligt der eg hadde lagt
egga opp på den kassen med blomar og dill.
Så kanskje eg må prøve å etterlikne eit rede til dei.
Må berre finne ei fin korg eller noko sånt. Eller kanskje
eg berre skal gå ut og ta inn litt kvist og prøve å etterlikne
eit vanleg fuglerede. 





Eg er jo veldig glad i steiner, synest dei er
litt vakre i bare seg sjølv også dei.
Desse som ungene har plukka til meg nede i stranda
har eg pynta kommoden ute i gangen med.




Nei no skal eg og dei 39 gradene mine legge seg ned igjen
på sofaen og "synest synd i oss sjølv"  hehe

Velkommen til mine to nye følgere.
Eg finn ikkje ut korleis eg skal få linka tilbake til
dei som er så snill å legg seg til som følgere, sorry.

Så må de ha vidare ein fin vinterferie. :)


.



fredag 25. februar 2011

Eit vakkert skrin og litt snacks. :)




Oi, der var da helg igjen då. :)

Denne veka har gått med på å stelle med
ein sjuk tenåring. Han har fått influensaen,
stakkar. Og no startar eldsteguten med feber og
dårleg form. Litt kjedeleg no når vinterferien
startar og så vert ein sjuk. 

På eine butikken her som heiter Baronessa, så finn
ein altså så mykje fint. Må liksom berre kjøpe seg
noko kvar gong ein er innom.  hehe

Denne gongen vart det eit flott grønt
skrin som vart med meg heim.



Nydeleg grønfarge og fint rosemotiv på.
Veit ikkje heilt kva eg skal fylle det med ennå, så i mellomtida
har eg lagt i to lysmansjetter som eg har kjøpt på -nille.




Veit heller ikkje om dette skal få stå på badet eller soverommet
ennå. Men det bestemmer eg meg vel for når eg ser kva
som skal få bu i dette skrinet. :)



Og siden det er helg så må ein jo få seg litt snack også.
Eg har fått heilt dilla på tørka frukt. Sikkert ikkje så
veldig sundt, siden fruktsukker inneheld så mykje karbohydrater
men søren og, noko må jo eg også få kose meg med. hehe



Eg er så heldg at eg har fått meg endå fleire følgare,
ønskjer alle velkomne.

Og så må eg takke for at eg har fått lov
til å bli medlem av NIB.


Ønskjer også alle som er innom og leser her ei
superfin helg. :)



.


fredag 18. februar 2011

God helg. :)



Endeleg er det helg igjen.

I dag som mange andre fredager tilbrakte eg
formiddagen i lag med venninner på
kafe og shoppingtur.
Er ein skikkeleg vitamininnsprøytning for
kropp og sjel. 

 


Den er kjøpt på Kid, så no håpar eg berre at dei
får inn gardiner i samme stoffet.
Dette var virkeleg meg altså. 

Og så har eg fått meg eit nydeleg smykkesett
frå Oriflame. 
Er blitt veldig glad i ting i lilla for tida.
Smykkesettet ligger på eit sjal som eg har kjøpt

gjennom ei venninne. Det er frå Afganistan og laga
i kasjmir og silke, er så deiligt å legge om halsen
no når det er så kaldt ute.



Så kjøpte eg meg ein serviettholdar på -nille og
 

ein telysestake på Europris.
Det som er litt morosamt er at dei er prikk like i
materiale og mønster. Så dei skal få stå ilag
på samme bord.

I dag er vetlamollo mi 4 år. Og eg er så glad for at ho
får feire dagen heime med mammaen, pappaen og
vetlebroren sin.
No skal ho få vere heime til 9. mars, då reiser
dei til Rikshospitalet og håpar på at dei får til
operasjonen.




Og fine kaka mammaen hadde baka til ho.





Ikkje så bra bilete i dag men eg finner altså ikkje

laderen til speilreflekskameraet. Så i mellomtida
må eg bruke det vetle kameraet mitt.
Får vel leite gjennom det "ledningehelvete" som eg
har i ei skuff. Der er det ledninger og andre sånne
duppedingser til data som eg ikkje alltid veit
kor høyrer heime. hehe


Og med dette fine tegneserieinnlegget så vil eg ønskje
alle mine lesere ei fin helg. :D





.



søndag 13. februar 2011

Morsdag og besøk.

Eg er så heldig at eg har storfint besøk på morsdagen min.
Eg har fått besøk av min datter og hennes to søte små.

Dei fekk ikkje lov å reise heim på helgepermisjon frå Haukeland,
fordi at dei bur for langt vekke.
Men.........det gjere ikkje eg. :) Så då kom dei hit i helga.

Siden det er morsdag så må jo gullklumpen til mormor få smake
på litt gode ting, ikkje sant?
Men om Martin syntest is var så veldig godt, ja
det kan diskuterast.  hehe



Men i dag skal vi ikkje berre feire morsdag, vi skal feire 4 års dagen
til Julie som er på fredag, må jo benytte annledningen
siden ho er her. :)
Fina vetlamollo til mormor.




Og til meg sjølv frå ungene så har eg vært innom Baronessa 
og kjøpt meg denne fine krukka.
Eg har fylt den med dei gamle fine lommetørkeler (som
eg har kjøpt på loppis), og nokre smykker og fine band.




Ønskjer alle mødre ein fin morsdag.
No skal eg kose meg vidare med barnebarna mine.



. 



mandag 7. februar 2011

Meir loppis og ei gledeleg nyhende. :)

Her kjem litt til av det eg kjøpte på loppemarkedet
på laurdag. Ikkje dei heilt store skattane, men men.

Eg fant og ei flott tallerkenhylle, men gløymde igjen ein del
til den så må opp på bedehuset i løpet av veka å hente den.

Kjøpte meg nokre små fine figurer, har litt sansen for å bruke desse
på lysfat og i andre sammensetningar.




Den engelen er sikkert heimelaga, men den var berre så
søtt og sjarmerande fjes på så den måtte eg ha.
Den vetle jenta som spelar tverrfløyte var av den typen eg
synest er fin å sette på eit lysfat Den er vel ikkje større
enn 5 cm, så den gjere ikkje så mykje ut av seg.
Guten har eg tenkt å gje til min datter, den passer ilag med pynt
til guten hennes.



Er så skjønne fine detaljer på denne jenta.
Må få laga meg eit fint lysfat der ho synest godt. :)

Ellers var det bare noko anna smådill.
Fant tre til av desse lommetørklene som er så fine, samt
to grytekluter eg skal sy på noko pynt til kjøkkenet til ei venninne.
Akkurat rette blåfargen for ho.
Så fant eg eit eller anna dingseboms som eg trur eg treng til
konfirmasjonen til sønnen min. Vi skal lage koldtbordet sjølv,
så då tenkte eg at dette må jo vere det perfekte instrumentet for
meg, så lepp eg å stå der med kniv og prøve å få det fint. :)



Fant meg og ei fin lita ramme som eg tenkte ville
vere fin til å ha barnebarna i.




Og eit par gode heimestrikka vottar. Dei er litt store til meg
men tenkte eg skulle prøve å handtove dei så eg får dei i
rett størrelse.




O

Så må eg få ønskje velkomne mine nye følgere.
Tusen takk for at de vil følge bloggen min. :)

Ha ein fin kveld.



.



søndag 6. februar 2011

Litt frå loppiset på laurdagen.

På laurdag var eg på nytt loppis.
Det var etter eit dødsbu denne gongen også.
Ikkje fullt så mykje spennande som sist, men litt vart no
med heim denne gongen også. :)

Eg fant meg 3 fine glasskåler, eg hadde 3 sånne frå før av
så då vart eg glad for å finne 3 til.
Dei er fine til å servere kjeks, sukker, syltetøy og
anna smått i. 


Eg veit ikkje om eg treng alle 6 skålene, men må berre kjøpe desse.
Forrige gong eg såg sånne på loppis, då hadde dei berre 5 stk,
så då kjøpte eg berre 3 og lot ei venninne få dei to andre.
Gjekk liksom ikkje ann å kjøpe 5 stk,  hehe full av rare
ideer av og til. Har angra på dette nokon gonger, så eg
vart kjempeglad no når eg fant 3 til.



Sjå er dei ikkje flotte. :)

Fant meg og nokre småting som min datter leiter etter,
så då var det bare til å kjøpe det.
Fant eit fint barnedynetrekk med Hiawata på, to ruller med
blått/kvitt hyllepapir og to fine krus i glass.



Eg fant fleire ting, men dei må eg få tatt nye bilete av. Såg at dei
ikkje var av god nok kvalitet til bloggen.
Eg skulle egentleg på loppis i dag også, men så dukka ei
venninne opp på døra, så då blei eg heime i stadenfor.

Ein skal jo ta godt vare på dei vennenne sine som kjem på besøk også. :)


Så ein siste ting.
Det er til de av dykk som har FB, prøver her å tigge meg til nokre
stemmer på ein konkurranse min datter er med på.
Men ein må vere på FB og ein må diverre godta applikasjoner,
så eg forstår dei som ikkje vil.

Men ho prøver altså å vinne ei varmepumpe, for vedovnen
hennes har blitt øydelagt ( ho hadde ein kombinert ved/oljeovn )
og den måtte fjernest. Men siden ho forsatt reiser frem og tilbake
til Haukeland har ho ikkje hatt mulighet til å bestille ny ovn og nokon
som kan sette den inn til ho. Ho veit jo ikkje når tid ho er heime.
Konkurransen finner du HER, min datter
heiter Henriette Frøyen og det er dette biletet du kan
stemme på.

På forhånd takk!   :)

Ha vidare ein strålande fin søndagskveld.



.

lørdag 5. februar 2011

Award frå No.15 :)



Award med noen spørsmål

Har fått ein koseleg award frå No15.



Denne awarden har med ei utfordring med å svare
på nokre spørsmål.



Finn nærmeste bok, slå opp på side 18 og leit fram linje 4.
Kva står det der?
Det ser jeg frem til.

Kva var det siste du så på TV?
Antique Roadshow

Bortsett fra datamaskina, kva høyrer du akkurat no?
Ungene som er oppe og spelar Wii

Når var du sist ute og kva gjorde du då?
I går var eg på venninnetreff på Konditoriet. Vi kosa oss med gode
smørbrød og kakao, så gjekk vi på ei lita shoppingrunde.

Kva har du på deg?
Svart thights, kvit pologenser og collegejakke.

Kva var den siste filmen du såg?
Eg ser ikkje på filmar.
Så det er så mange år siden sist at eg ikkje husker.

Skulle du kunne overveie å flytte til utlandet?
Nei, aldri.

Awarden skal (om du vil) sendas vidare til 7 stykker: 
 
 
Og i morra skal eg vise dykk dei fine tinga eg fant
på loppis i dag. :)
 
 
.
 

onsdag 2. februar 2011

Nydeleg innevær. :)

Ja stort meir er det ikkje å sei om været vi har no.
Men når det er sånt fint innevær, då kan ein med godt
samvit sitte inne og finne på koselege ting.

Eg held på å hekle eit Stjerneteppe i mange fargar.
Det er eit resteprosjekt, då eg hadde litt garn igjen etter
å ha laga babyteppe til stesøstra mi som fekk ei søt
lita datter i desember.
Og så er det jo salg på -nille no, så då måtte eg inn å
kjøpe meg litt til garn. Har jo så lite i frå
før av, berre ein 30 kilo.  hehe


Her er teppe til min stesøster , men det var før eg
hadde heklet kant rundt og laga blomane. Men gløymde å ta
nytt bilete før eg sendte det av gårde.


Oppe i høgre hjørnet er starten på Stjerneteppet.
Oppskrift på det kan du finne her . Det er på
engelsk, men ikkje så vanskeleg å få til.
Så skal eg strikke ei baggy lue til ei jente. Så då
måtte eg handle inn litt Alfa også. 


Så har eg vært på Baronessa igjen, ja det var der eg kjøpte
Alfa-garnet,  og då er det så lett å bare kjøpe litt
til vettu. :)


Men denne gongen var det noko eg trengte altså.
Eg fant ei fin knagglist som eg kunne henge nokre
av smykkene mine på. Dei hadde ei med to høgder med
knagger, og ser jo at eg kunne ha valgt den ja.
Men men, får finne på noko anna til resten av smykkene.

Denne heng strategist til på badet, sånn at eg kan bare ta på
meg det smykket og det armbandet eg vil ha den dagen. :)

Nei, no skal eg sette over middagen, så skal eg hekle litt
vidare på teppet mitt. :)


Ha ein fin dag vidare, enten du har fint innevær eller
utevær. :)


.

lørdag 29. januar 2011

Laurdag og revykveld.

Endeleg helg igjen.
Elsker helga, for då kan vi slappe av og finne på ting
ilag her i huset.

I går var eg og nokre venninner på vår
vanlege kafetur som vi har på fredagane.

Sjølvsagt må vi då innom diverse butikkar.
Og som regel vert det med litt småplukk heim også.




Her er ei samling av ting eg har kjøpt. Har satt
noko sammen på eit lysfat og nye blomar vart det og.




Desse fine lysestakene kjøpte eg på -nille. Ville egentleg
ha nokon i heilt sølv, men det fant eg ikkje, så då får
desse holde til eg finner rette typen. :)
Perlesmykkene kjøpte eg på Cubus, der det var 50% på
smykker og anna dill.




Engelen kjøpte eg på eit loppis i fjor. Synest den er så
søt der den sitter å holder på eit hjarta.




Så måtte eg ha meg to sukkulenter der eg hadde hatt
lyngplantene mine. For dei var ikkje så fine lengre.
Og sukkulenter har mykje større sjangse til å overleve
hos meg enn vanlege planter.  hehe
Men ser at det kanskje vart litt for mykje av det
dilldallet som følgde meg plantene, får sjå om
eg ikkje må fjerne det ja. I allefall litt av det.


Men no skal eg gjere meg klar til å ta ein liten tur ut i kveld.
Skal først ut å spise middag og så på revy med gubbeliten
sine arbeidskolleger.

Håpar alle andre også får ein superfin laurdagskveld. :)



Og i morra skal eg vere flink å ta meg ei bloggrunde og
samstundes vere flink å kommentere i dei bloggane
eg besøker.

Men når eg kjem inn i ein ny blogg, kan eg kommentere i
eldre innlegg om eg likar det eg ser der? Eller må
eg gå til siste innlegget for å kommentere? Kva
er kutymen for dette i interiørbloggland?


.