tirsdag 13. mars 2012

Litt frå helgas loppis.



Det var loppemarknad her i helga, fant meg nokre
småting, men syntest dei hadde lite interessant.


Men fant 5 av desse søte krydderglassene. Likte dei spreke 
fargane som var på dei. Og til 25,- så var det jo ein 
fornøyelse å kjøpe dei. 


Siden eg likar no å dille så kan dette vere krydderglassene 
eg har framme på hausten, for fargane passar liksom til
det ein forbinder med hausten.


Og så fant eg to sånne fine krus, kakaokrus sa eg til gubben
når eg kom heim, men då påstod han at dette var ølkrus.
Men da kan eg aldri tenke meg, ser ikkje du og for deg dette kruset
med varm god kakao og krem? :)


Og mannen min han har kjøpt seg ølkrus inne på Finn Kvinnherad,
så då får no han vær så god la være mine kakaokrus. hehe


Var veldig fint motiv på desse to krusene han hadde 
kjøpt seg. Må jo ha skikkeleg krus når ein bryggjar sjølv.


Men desse går vel under "vær forsiktig med" typen, trur 
ikkje det er så lurt å leggje dei i oppvaskmaskina.
Noko som eg er fæl med å gjere, trur liksom at alt
går i den maskina eg, har tabba meg ut nokre gonger
på det ja, diverre. 


Men eg får håpe at eg har betre lukke med meg på
neste loppis som er den 24. mars.
Men finner meg sikkert fine ting inne på Finn Kvinnherad
i mellomtida tenkjer eg. :)

Ha ein strålande fin dag. 












1 kommentar:

Fra huset i svingen sa...

Ååå jeg vil også på loppis ;)
Har ikke funnet noen i nærheten av meg enda, men det må jo dukke opp noe snart synes jeg!
Håper du finner masse fint den 24. ;)

Klem Karianne