onsdag 18. april 2012

Litt frå helgas loppis og internetthandel.



Eg var på loppis på søndag, fant no meg nokre 
små skattar der ja. 




Denne fine fargerike vasen blei min for 5,-.
Likar desse tofarga glasprodukta. 




Fant og desse fine lysestakane til 5,- pr. stk. Dei passar godt ilag
med vasen synest eg. 




Sånne huskar eg frå då eg var lita, dei vart det servert 
fiskepinnar eller fiskepudding i frå. Og det skal det
serverast i frå mi og. 




Den er litt slitt i mønsteret, men det blir vel berre sånn med ting 
som er godt brukt.
Og godt brukt skal den bli her og. Likte så godt fargane som var på den.
Har vist fått gult og orange som favorittfarge ja. 




Desse to, fatet og skåla kjøpte eg på Finn Kvinnherad på FB.
Fekk dei for 225,- ingen gale pris det.
Det er PP sine fat. Likte godt å få ei skål, der kan eg ha rundstykker,
boller eller horn i .
Blir stil over søndagsfrukosten no. :)

Ser at enkelte ord blir linka til eit eller anna reklame, veit ikkje
korleis eg skal få det vekk, men vær så snill å ikkje trykk på dei,
eg er ikkje så heilt sikker på at det er trygt.
( eller er det eg som har fått eit virus? Norton finner det
iallefall ikkje ).

Ønskjer alle som er innom ein fin dag. 









1 kommentar:

Hellohello baby sa...

Farga glass er så vakkert! Vasen på toppen er rett og slett griselekker! Særlig om man har en samling :)