torsdag 22. september 2011

Grøne fine glass/apotekerglass.



Eg har hatt koseleg besøk av mamma, og ho hadde med seg

7 fine glass til meg. 
4 store og 3 små apotekerglass ( ? ).





Ho veit ikkje når ho har kjøpt dei, ei heller kor.
Men ei venninne av meg kallar desse for apotekerglass. 

Men eg har spurt etter desse i nokre år, og endeleg så fant ho 
ut at siden ho berre brukte eit av dei til buljong, så kunne eg få
overta dei. :)




Så no har eg fine glass til å ha krydder og anna i.


Eg har sjølvsagt klart å snopt meg litt på butikken og siden sist.
På Baronessa så hadde dei 50% på ein del varer.
Så då måtte eg jo berre ha denne fine koppen.
Fin til å ha blomar i.
Men må på jakt etter ein litt stor Husfred, for trur
denne koppen vil passe godt til det. 




Syntest den berre var så søt.


Kjøpte meg og ei korg, som eg ikkje heilt ennå veit kva
eg skal bruke til. Men eg finner no nok eit bruksområde til den og. 




I morra skal eg på kafetur med venninner, så skal ikkje sjå 
heilt vekk i frå at eg då plutseleg kjøper meg noko nytt då.


Men 1. oktober skal vi ha nytt Månadsmarknad her.
Og den gleder meg meg kjempemasse til. Skal prøve å få 
tatt bilete av den, eg gløymde jo det  sist.
Men håpar vi får forsette med desse marknadsdagane våre. 

Ha ein fin kveld vidare. :)







lørdag 10. september 2011

Lenge sidan sist. Men litt nytt.




Uff a meg, er alt for lenge siden eg har oppdatert. 
Men ting og tang har vært litt travle og vanskelege her. 

Forrige helg var eg på marknad her. Det var knallgøy. 
Det var sal av både nytt og gammelt. 
Eg fant meg nokre fine ting. Blandt anna to fine
gamle kofferter. Dei fekk eg for 100,-, ikkje verst pris det. 




Dei veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke til ennå, har ikkje bestemt  
meg for om dei blir kattesenger eller små stoler. 

Eg fekk og to rullar tapet gratis av ei som hadde tenkt til å kaste dei.
Dei tenkte eg at eg skulle ha på eit skap som eg er litt lei utsjåande på. 
Men fin tapet til det prosjektet. 




Og av alle fine ting så fant eg meg ei gammel sauesaks.
For berre 100,- for den og. 
Ja kva skal eg med den då? Nei veit ikkje, berre vil ha den.
I forrige århundre, å ca. nittenhundreogbrødmangel, eller 
deromkring så dreiv eg faktisk eit småbruk der eg hadde 
sauer. Så eg her klypt sauer med ei sånn saks.
Men eg trur ikkje eg saknar den perioden, eller? 




For to veker siden så var eg å besøkte barnebarnet mitt som atter ein
gong var innlagt på Haukeland. Ho har fått ei ny diagnose no.
Ikkje at den var noko betre nei. Du kan lese sjå denne youtubevideoen
men no er ho heldigvis oppdaga så tidleg at forhåpentlegvis så er
dette berre ein kronisk sjukdom som medisin vil halde i sjakk. 

Her sitter vi å koser oss med softis på Torgallmenninen i Bergen.
Fina vetlamollo mi. 



Då ønskjer eg alle sammen ein fin laurdag. 
Eg må springe av stad å vaske skrotten og restaurere ruinen, så
eg er klar til å gå på dans i kveld. :-)


.