onsdag 21. desember 2011

Nytt søppelspann og anna gøy.



I går var eg i nabobygda her og henta meg eit søppelspann.

Siden eg såg eit sånt i ein blogg for ei tid tilbake så har eg
hatt veldig veldig lyst på eit sånt spann.
Men eg skal ha det ute som både lyslykt og bålpanne.

Men det var ikkje så lett å oppdrive, så eg søkte etter eit
på "Finn Kvinnherad" på FB. 




Og heldige meg, ein i nabybygda hadde eit dei brukte til 
brennbart avfall, om eg ville ha det, så kunne eg berre 
komme å hente det. 
Og da var sjølvsagt ikkje nei i frå meg. :-)



Eg har og kjøpt meg to fine vinballonger.

Dei var mykje større i røynda enn det eg trudde, 
burde sjølvsagt ha sjekka det først. 
Men men, dei er no fine er dei.
Denne vetle her er på 25 liter. 
Men med fin veving på oppsida og. 



Den store her er på heile 50 liter, så den skal det 
no vere god plass i. Men i mitt hus så får ingen lov
til å sette verken øl eller vin i dei.
Her er dei berre vakker pynt. :P

Eg har og kjøpt meg ei stor trekiste, men ei venninne
av meg har ei overrasking med den, så den har eg
ikkje fått i hus ennå. 
Men eg venter spent på den altså. 
Men det er jo snart jul, så får vi sjå kva som skjer.  hehe


Ønskjer alle ein superfin onsdag. :-)








1 kommentar:

Nina sa...

Jøss, så artig at du skal bruke det søppelspannet til å brenne i! Det var en flott idè. :O) Ha en fortsatt fin kveld.