mandag 17. januar 2011

Litt meir loppisskatter.



Fant jo sjølvsagt litt meir på loppis enn lommetørkler
og kakeboks. :)

Eg kjøpte meg vaffeljern, kromkakejern og gorojern,
av den gamle typen som ein brukar på omnen.
Tenkte dei ville vere kjekke å bruke i bålpanna, eller
med på tur om vi tenner bål.




Dei var i veldig fin stand alle desse tre jernene, men det
vaffeljernet skal få gjennomgå ein ordentelig vask,
for det har tydelegvis blitt brukt over open ild ja,
så det er mykje fastbrent sot på det utvendig.
Nokon som har ein ide kva eg kan vaske det
med utan å øydlegge det? Det er i støpejern.
Og kva er det brettet som ligg inni gorojernet til?




Hm.....får ikkje til å snu biletet rett veg. Men reknar
med de kan sjå det fine goromønsteret.
Gleder meg allerede til neste jul eg. :)




Og kormkakejernet kan ein jo bruke heile året, er fint til å
lage kjeks til isdesserter på sommaren.
Enten forma som skåler eller som kremmerhus.




Ja så måtte eg sjølvsagt ha med med nokre norgesglas
med heim. Er så greie å oppbevare ting i.
Om de ser godt etter så kan de sjå at eg har hatt små
kubbelys i det eine glaset.
Men tenkte eg skulle lage med nålepute og
nåleoppbevaring av det eine glaset, kjekt å ha
når ein sitter å skal sy. :)


Så får vi sjå om eg rekk å blogge resten i morra, eller
om eg må vente ein dag til.
Har ein del møter ang. gutane mine, så her går
det i eit sett heile tida.

Men no her heldigvis all snø og is vekke, så ein
kan bevege seg ute utan å verte redd for å ramle
og slå seg halvt i hjel ja. Deiligt!  :)

Ha ein fin kveld alle sammen.


.

5 kommentarer:

Lindas hobbyhjørne sa...

Hehe... Syntes det var litt rart at du fant bare det se :)))
Jeg brukte et sånn vaffeljern når vi var ute med båten og det virket veldig bra.
Hva du skal vaske det med vet jeg faktisk ikke.
Ha en forsatt fin kveld, klem.

helen og gutta sa...

loppemarked er alltid så kjekt, ivertfall når man finner slike skatter som du har gjort

Anonym sa...

Så mye flott du har funnet på loppis.
Håper det går bedre med deg.
Ha en fin onsdag.
Klem fra Mio

Nostalgia sa...

_Flotte funn og det vaffeljerne er supert, vaflen blir knallgoe :-)

Klem*

Magdalena sa...

flotte funn, alltdi godt å ha norgesglass på lur, enten til lys eller blomster eller bestikk, fantasien som stopper valget...
takk for hilsen.. ja den duken,strikket eller heklet? er gjerne en kombinasjon, strikket er ihverfall den tukkeste ringen i rosene..
ha en fin fin dag, klemmagny