tirsdag 26. oktober 2010

Endå ei venninnegåve. :) + strikkebok



På tide med ei ny oppdatering her ja.
Beklager at det har gått så lang tid siden sist. Men nett no for
tida så sliter eg med sjukdom både med meg og eine
guten min. Så då har bloggen blitt vekkprioritert.

Men her i forrige uke fekk eg koseleg besøk av ei
venninne. Og ho hadde med seg ei superfin besøksgåve til meg.
Fekk denne fine puta ho hadde kjøpt til meg på Kids.
Trur nesten eg må opp å kjøpe meg nokre fleire. For
dei var veldig fine i sofaen min. Fin liten fargeklatt. :)
Viser den fine puta i lag med den kvite som eg hadde frå før av.



Eg har og kjøpt meg ennå ei strikkebok.
Denne gongen er det Julekuler frå Arne og Carlos.
Dei er så flinke å lage fine oppskrifter desse to.



Men no må eg rydde litt på kjøkkenet. Eg held på å pusse
det opp, har holdt på i 14 dagar no. Så eg håpar at eg snart får
det ferdig. Kjenner det er lite kjekt å ha eit kjøkken som ikkje er
fullt ut funksjonelt ja.
Men manglar forsatt det nye golvbelegget. For klarte jo sjølvsagt å
bestille feil der. Men heldigvis så er Fargehandlaren min snill og
ordnar dette til meg. :)

Lovar at det ikkje skal gå så lenge til neste innlegg kjem.
Er jo tida for julepyntproduksjon no. :)


Ha ein fin dag alle sammen.



.




mandag 4. oktober 2010

Venninnegåve + litt til.

Eg er så heldig at eg har kjekke
venninner som er flink til å gje meg
og andre venner fine oppmerksomhetsgåver.
Denne gongen er det min venninne med
bloggen: Mitt Hvite Skattkammer som
kom meg ei fin gåve til meg.
Fekk dette søte hjarte med eit flott
kort til.



Og på Baronessa fant eg denne fine
steinen med teksten: Takk



Og så hadde dei fått inn desse
duftstearin-pakkane igjen.
Eg valgte den med Wildberry, synest
den dufter så deilig.
Men må kjøpe meg ny holdar til dette,
knuste dessverre glasfatet i går. :(
Men trur -nille har inne sånne no.






Og så skal eg prøve å verte flinkare
til å leggje igjen spor etter meg.
Er innom utruleg mange bloggar kvar dag.
Men må innrømme at det er få plassar
eg skriv ein kommentar.
Og det er jo litt sløvt, for eg
er jo så glad for kvar ein kommentar eg
får sjølv. Så kvifor eg tullar med dette
sjølv veit eg ikkje.
Er du og ein sånn bloggsufar som berre
surfar rundt og gløymer å leggje ingen
spor etter deg?

Er det forresten greit å berre gå innom å
sei "Tittar innom for å helse på".
For det er ikkje kvar dag eg
liksom har noko å sei.
Trur bloggen tullar litt med meg i dag.
Får ikkje lov til å skrive noko i
mellomrommet her mellom tekts

og bilete. hm.......


Så eg trur eg sluttar av blogginga for i dag.
Trur Blogspot er litt humørsjuk for tida, for
i går fekk eg ikkje lagt inn bilete uansett
kva eg gjorde.

 
Uansett. Ha ein fin veke. :)



.