tirsdag 28. september 2010

Vindu og litt til.



I går fekk eg besøk av ei venninne.
Ho gir meg ein stor plastsekk og seier:
Vær så god!

Kva er dette då? Ja jammen meg så
ligger det ikkje eit søtt lite
gammalt vindu i sekken.
Snakk om å ha snille venninner. :)
Fekk det fordi eg fixa dataen hennes.
Den var full av virus og andre ting.
Men fixer mange dataer eg, om eg får eit
vindu for jobben. :P

Fremsida:


Baksida:



Er det ikkje eit fint vindu?
Må berre få vaska det litt, bytta ut
den ruta som er knust. Då trur eg det
skal bli fint ja.



Så har eg kjøpt meg litt haustpynt.
Fant denne fine oppsatsen med to ulike
lyngtypar på eine blomebutikken her.




Har også blitt ferdig med eit babyteppe
eg har hekla til ei venninne.
Fint mønster synest eg. Skal berre feste
trådene og skylle det opp og strekke
det i fasong. Så er det fix ferdig.
Lurer på om ikkje eg må ha eit sånt
til meg sjølv også.




Og så skal eg starte å strikke meg sokkar.
Har bestilt ei flott bok med 15 ulike
fine par med sokkeoppskrifter. 




Så eg har no litt å gjere på no i haust og
når vinteren kjem.

Ha ein fin dag alle mine lesere.


.

fredag 24. september 2010

Haust


Ja no er det verkeleg blitt haust.
Det blåser surt rundt nova og det regner støtt.

Men nokon gleder er det jo med hausten også.
Fekk flott pakke frå Gyngestol og Kaffigrut.
Då eg deltar i hennes "Gaver på vandring".
Så da sender jeg stafettpinnen videre...og håper noen flere
har lyst til å være med.
Om du vil, må du skunde deg å leggje igjen ein kommentar,
de tre første som skriver at dei er med,
får nemleg en overraskelse i posten av meg:)

Vil du vere med og holde stafetten gåande?

Det var egentleg ein fin bukett med lavendel, men
"snille" posten hadde ikkje vært snill med pakken
så den var dessverre heilt knekt. Men men, eg tenkte
eg skulle sy meg ein lavendelpose å ha dei i. For det
var ei sterk god og fin lukt av lavendelen. No så
liggjer lavendelen i den fine metalleska eg fekk. Og
så var det ei deilig såpe med . :)


Eg er gått litt i stillstand no når det haustast.
Men må vel snart få futten igjen.
Eller........rare ting har eg føre meg.  hehe
Her eine dagen så lurte eg på om eg kunne male utanpå
tapeten på kjøkkenet. Den har jo blitt malt ein gong før.
Så då fekk eg det for meg at eg måtte sjekke om tapeten
satt godt fast.
Eh..........det gjorde den ikkje, var veldig lett å få av.
Sånt bør ein vel teste bak kjøleskapet eller ein anna plass det
ikkje synest. Men eg gjorde altså dette under eine skapet som
ein ser rett på når ein går inn på kjøkkenet.
Så no er det no vel berre til å få ned resten då. 
Kan jo ikkje ha det sjåandes ut sånn heller. *ler*



Det som er kjekt med hausten er at ein då kan tenne mykje lys
og pynte opp med det. Er jo så koseleg med telys og stearinlys.

Denne fine kurven har eg kjøpt hjå ei dame som syr figurer
på symaskina si.
Ho sa at det var første og siste gong ho ville sy ein sånn kurv
for den tok 7 timar å lage.
Eg har hatt ei glasskål i den sånn at eg ikkje tenner på denne.
Den er rett og slett bare vakker når det er tent telys i.
Men var litt vanskeleg å få fint bilete av det.




Håpar alle mine lesare og følgere får ein fin haust.

Ha ei strålande fin helg. :)



.

søndag 5. september 2010

"Loppis" og bryggjarbrød. :)



Jaudå, eg er ho her ennå, sjølv om eg er lurer
litt på om eg held på å "rotne på rot".

Er blitt gjort utruleg lite i det siste.
Iallefall sånne ting som eg kan blogge om då.

Planen var at vi skulle pusse opp kjøkkenet no i haust.
Men det går ikkje alltid sånn som planlagt. Ikkje det,
eg skal jo ikkje klage.
Planen var at mannen skulle bli 50% permitert på jobb,
sånn at han berre jobba annakvar veke. Men sånn
blei da ikkje, vart ingenting av denne permiteringa, så
det skal jo vi vere glad for. :)
Men det betyr at ting vil ta litt lengre tid enn planlagt.

Men vi skal altså skifte ut golvbelegget på kjøkkenet.
Og her er golvbelegget som eg vil ha. Litt dumt
men eg får ikkje til å berre legge inn bilete.
Det er det som heiter: Pecan 0511 som eg vil ha.
Fargen som eg vil ha på vegen er: Lady: 1183 symi
Og på skapdørene skal eg ha: Lady: 7236 chi

Ellers så var eg på loppis på laurdag.
Det var ein gedigen skuffelse, har aldri vært på eit loppis
som har hatt så lite interesante ting.

Eg kjøpte med meg tre ting.
Og dei er ikkje til meg eingong.



3 oppbevaringsbokser i glass med lokk, som min søster
skal få.


To store ølkrus til gubbeliten. :)
Han og nokre naboar her bryggjer øl sjølv.
Og så har han klaga på at han ikkje har skikkeleg
ølkrus, sånn som dei andre har fått seg. Så då fant eg
ut at desse kunne no han få.

No i helga har dei bryggja igjen.
Det betyr at eg får mykje bygg-gryn.
Eg får restane som dei har kokt malt på. Og det pleier
eg å bake brød av. Verdens beste brød forøvrig. :)



No står den til heving til i morra formiddag. Då skal eg
elte den på nytt, så la den etterheve nokre timar.



Sånn vil resultatet sjå ut. Snadderbrød.



Og sånn serverest det:
Med godt smør og appelsinjuice.
Men min mann og resten av Avkroken Bryggjarlag dei
drikker nok øl til sitt brød ja. :P


Minner om min Pay it Forward i forrige innlegg, treng to
til som kan melde seg på der.
Nokon som har lyst på ein liten pakke i posten?
Skriv " eg vil delta" i kommentarfeltet om du vil
vere med på dette. Håpar eg får to til som vil delta.


Ha ein strålande fin kveld og ei
fantastisk flott veke. :)


.