fredag 16. juli 2010

Helg og feriemodus.


Endeleg er det helg igjen.
Og nå startar ferien. På mandag så reiser
vi vekk ein tur til Vik i Sogn, så då vert eg
vekke ei vekes tid.


Har ikkje noko nytt å vise frem, men tenkte å ringe inn
helga med desse to fine rekvedlysestakene mine.
Nei eg har ikkje laga dei sjølv. Dei har eg kjøpt
på eine rørleggjarforretningen her.
Fargen på veggen er litt feil. Det lys rosa partiet
er egentleg litt gammelrosa, men får ikkje til
å ta bilete med rett farge.


I hjørnet så står ein glassvase, som er malt sånn at den
liknar på ein betongvase.  I den har eg eføy og vrihassel som
eg har satt på nokre lysestakar for juletre. Synest no det
vart fint dette også.



Når eg kjem til Vik, så skal vi inn til ein veglaus gard, der nokre
familiemedlemmer av meg driv ein geitegard. Så no vert
det ei veke med mjelking av geiter, ysting av ost ( ref. bilet over her )
og litt fisking.
Ystinga av ost vert gjort på gamlemåten over open eld,
så det kan verte varmt inne i eldhuset ja.
Det er stille og roleg der, ein må i båt for å komme frem, berre
NRK på tv og intet internett nei.
Men det er ein flott plass å vere. Og ungene gledar seg
forsatt til vi skal reise inn, sjølv om dei er blitt 13 og 14
år, så vil dei framleis inn dit, heldigvis.


Ynskjer alle mine lesare ei strålande fin helg.



Minnar også på min Give Away , med
trekning 1. august.



.

tirsdag 13. juli 2010

Kafebesøk og handel.


I går var eg på kafebesøk og shopping i lag med
Mitt Hvite Skattkammer . Vi fekk oss kake og kakao
på To Søstre, etterpå måtte vi rundt og sjå om
vi fant oss nok fint. :)



Denne rammen frå Ib Laursen fant eg på Baronessa.
Ho hadde også halv pris på ein del Green Gate, men ikkje
av den typen eg ville hatt.

I denne ramma skal eg ha bileter av ungene. Var så kjekt
å finne ei fin ramme som hadde plass til mange bilete.



Så gjekk vi ein tur bort på Møbelringen for å sjå på kva
fint stasj dei hadde.
Der fant eg desse tre fine boksane. Dei kosta berre 179,-
så då var det berre til å ta dei med seg heim.



Fant også denne fine tavla som ein kan ha bilete i.
Lurer på å bytte den ut med den som allerede heng på
kjøkkenet. Og så må eg finne nokre fine bilete som passar
til kjøkkenet. 



No er det denne Frieletavla som heng på kjøkkenet.
Den fant eg i ein kontainer då eine resturanten her
holdt på å pusse opp. Ja eg fant også ein kaffikanne i
kopar og ein striesekkpose med Frielemerket på.
Kjekt å ha. :)


Minner om min Give Away med trekning 1. august 2010.

Ha ein strålande fin tirsdag.



.

søndag 11. juli 2010

Give Away :)


Tenkte eg skulle ha ein liten sommar Give Away. :)



Førstepremien vert dette fine bønnefatet med
Fader Vår på.




Andrepremien vert eit sett med karaffel og 4 glass
kjøpt på Baronessa .




Tredjepremien har eg ikkje klart å bestemme meg
for kva blir ennå.
Men sikkert ein fin ting frå Baronessa det også.



Reglane er som følgande:
1 lodd for kommentar under dette innlegget.
2 lodd for kommentar og link til dette innlegget i bloggen.
Bruk det øverste bildet til dette.
3 lodd for kommentar, link og å leggje seg til som følger.
Og for de som ikkje har blogg, husk å legg att e-postadresse så
eg kan få kontakt om du vinner.



Då håpar eg at premiane fristar mange til å delta på
min Give Away.

Ha ein strålande fin søndag alle sammen.


.

fredag 9. juli 2010

Utfordring frå Bare Mio





Måtte bare ha med eit bilde, så eg valgte to søte små
ting eg har strikka til mitt eldste barnebarn.
Er dei ikkje søte?




Fra Bare Mio har eg fått ein utfordring.
Den går ut på å fortelle litt om dagen min.



Her kommer spørsmålene og svarene mine:

Morgenens nedtur:

Våknet med hodepine, men den forsvant heldigvis utover dagen.

Utenfor mitt vindu:

Ser eg rett bort i skogen.

På fjernsyn i går:

Ser ikkje på tv, så eg såg ingenting. :)

Jeg har på meg:

Tights, t-shirts og collagejakke.

I dag skal jeg:

Rydde og vaske til helga, og hekle litt på eit babyteppe.

Men jeg ville heller:

Gå på kafebesøk og dille litt på butikker.

I vinduskarmen står:

Ein nyinnkjøpt orkidè, to lysestaker og ein engel.

I helgen skal jeg:

Slappe av med familien og grille. Og leggje ut
bileta av kva som vert gåvene i min Give Away. 

Morgendagens lykke:

Å stå opp frisk og utkvilt. ( håpar eg )

Dette bildet har dere aldri sett:

Mine 4 søte små, jaja, dei er vel ikkje så så små lengre. :)
 

Ha ei fin helg alle sammen.

Eg vil utfordre:



Eg setter stor pris på ein kommentar frå deg som
er innom og besøker bloggen min. :)



.
 
 
 

fredag 2. juli 2010

Arva klokke og litt frå barnedåpen.


Oi.... der var det helg igjen jo.

Tenkte eg skulle blogge når eg kom heim frå
barnedåpen til mitt barnebarn, men det har
vært så mykje å gjere denne veka at bloggen
måtte nedprioriterast.

 



Fekk lyst til å vise frem klokka som eg har
arva etter mine besteforeldre.
Engelen som er limt inn i klokka er min mors.
Hun var 7 år då mormor limte den inn. Og ho var
så lei seg den gongen fordi at mammaen hennes hadde
tatt hennes fineste glansbilde til dette.
Men hadde ikkje mormor gjort dette, så hadde nok ikkje
dette glansbildet eksistert i dag nei.  Så eg er glad for
at min mormor gjorde dette.

Klokken slår eit slag kvar halvtime og kvar time så slår
den slag etter kor mykje klokka er. Eg berre elskar lyden
av denne klokka.



Her er to av lysene som min datter hadde laget til sin sønns
dåpsdag. Ho har kjøpt lysene på -nille og kjøpte samstundes
scrappingklistermerker som ho har limt på lysene.
Eg synest dei vart kjempefine.



Og så må eg jo få vise frem kaka som min mor laga
til barnedåpen. Ho er så flink med å pynte kaker.

Fatet kjøpte vi på Fretex i gågata i Bergen når vi ventet
på neste båt videre der.




Dette teppet kjøpte eg i dåpspresang til mitt barnebarn.
Det er kjøpt hos Pledd.net , det er kjempemjukt
og deiligt. Og så er det litt kjekt med den fine
teksten som er strikka inn.



Så vil eg takke dei 22 som har lagt seg til
som følgere på bloggen, det er kjempekjekt.


Lurer på om eg ikkje må ha ein Give Away i neste
veke berre sånn for å feire at det er sommar
og at livet er bra. :)


 

Ønskjer alle mine lesare ei fin helg.


.